Vi må vri på debatten om det digitale klasserommet

Debatt: Skjermen er komen for å bli. La oss heller debattere kva som er god skjermbruk og kva digital kompetanse er.

Publisert Sist oppdatert

Som lærar har eg alltid følgd med på debattane rundt det som skjer i klasserommet. Sidan elevane mine fekk kvar si digitale eining for 7-8 år sidan, har eg spesielt følgd med på debatten om digitalisering i klasserommet. Til mi store undring er debatten framleis den same som då innføringa av digitale einingar starta, men med endå steilare frontar.

Tilsynelatande dreier debatten seg om ein er for eller mot digitale einingar i skulen, og ikkje minst skjermtid. Debatten er også kjenneteikna av kva ein legg i digital kompetanse. Mange av dei som er mot skjerm i skulen, synest å vere av den oppfatninga at digital kompetanse er noko ein er fødd med: Små barn kan trykke på ein smartskjerm, ergo er dei digitalt kompetente.

Andre, som eg, meiner at digital kompetanse er noko ein må lære, det handlar om å kunne bruke digitale verktøy og hjelpemiddel på ein god måte, om nettvett, digital dømekraft, kunne oversjå distraksjonar og vite når ein skal legge dingsen frå seg.

Steile frontar

Det er ikkje rart at frontane står steilt, når ein ikkje ein gong er einige om premissane. Fokuset i debatten går også ofte på konsum, men eg ønsker at vi snakkar meir om produksjon. Eg har difor eit ønske om å vri litt på debatten. Skjermen er komen for å bli, kan vi ikkje heller diskutere kva som er god skjermbruk?

Då eg besøkte ei av verdas største utdanningsteknologimesser nyleg, kommenterte ein av mine samtalepartnarar at her var det nok ingen til stades som er berre udelt positive til teknologi. Eg veit heller ikkje om ein einaste digitalt medviten lærar som sver til å berre bruke digitale løysingar, det er god bruk av digitale verktøy, og ein balanse mellom analogt og digitalt dei er opptekne av.

Eg kjenner ingen som forkastar bøker eller handskrift, men ved å ta i bruk digitale verktøy kan ein gi elevar moglegheit til å lære slik dei lærer best. Det vert stadig vist til forsking på handskrift og at ein lærer best ved å skrive for hand, men dette gjeld ikkje alle, og eg trur elevane mine hugsar vel så mykje om til dømes berekraftmåla, islam eller vikingtida fordi dei fekk jobbe med temaet kreativt - på ulikt vis. Dei måtte produsere noko om temaet sjølv.

God skjermbruk

Når eg etterlyser ein diskusjon på kva som er god skjermbruk, heng det saman med at det utvilsamt er mykje dårleg bruk ute i skulen. Eg har sjølv gjort ting eg ikkje ville gjort i dag, og eg trur på alle dei historiene vi blir servert frå lærarar og føresette om elevar som sit og skriv med fingeren på eit skjermbilde på nettbrettet sitt, løyser matematikkoppgåver ved å trykke på hint og så gå vidare – utan samtale, utforsking, konkretiseringsmateriell og kladding i kladdebok.

Eg trur at mange elevar må ha oppe så mange faner i nettlesaren for å løyse ei oppgåve at dei går seg vill på vegen, og at samhandlinga mellom menneske i ein del tilfelle blir mindre fordi alle sit på kvar sin skjerm.

Skuleeigarar og skuleleiarar har ansvar for eit profesjonsfellesskap som utviklar seg i tråd med samfunnet, og som har svar på alle «kvifor» føresette har. Då må skulane ha tilstrekkeleg programvare til å gje god undervisning, lærarane må få opplæring i god bruk av digitale verktøy og ein må få tid til å endre seg. Fokuset i skulen skal vere på læring. Grunngjevinga vi gir vala våre må vere grunnfesta i det.

Det som fungerer i bok, fungerer ikkje nødvendigvis på skjerm. Liknar det ein har på skjermen på ei bok, så bruk heller boka. For at det digitale skal ha verdi må det tilføre noko ekstra. Det skal ikkje gjere det same som boka, og det skal i alle fall ikkje gjere det dårlegare. God bruk av digitale verktøy frigjer tid til samtale, elevmedverknad og aktive elevar. Eit verktøy er aldri betre enn bruken av det, noko som for øvrig også gjeld boka – eg trur vi har flust med døme på dårleg bruk av lærebok i norske klasserom. Å følgje eit læreverk slavisk synest eg er like lite lurt, anten det er digitalt eller papirbasert.

Noko av det fine med læreplanen som kom i 2020 er at den lar oss spele på elevane sine interesser. Dei kan vere med å bestemme kva tema dei vil jobbe med, korleis dei vil jobbe med temaet og korleis dei vil vise oss at dei har lært. Eg ønsker meg elevar som er motiverte, som finn stoff både i bøker og på nett, som kan vurdere informasjonen dei finn og bruke den, gjerne kreativt, for å vise kva dei har lært. Utan digitale verktøy blir dette vanskeleg.

Nokre varsku

Avslutningsvis har eg nokre varsku. Det første økonomisk. Dei siste åra har det vore ulike støtteordningar for innkjøp av digitale og analoge læremiddel. For neste skuleår fell alle desse bort. Eg håper kommunar og skular tek inn over seg at ein framleis må bruke pengar på gode verktøy, både digitale og trykte læreverk. Vi kan ikkje basere oss på at elevane våre skal «google» seg til kunnskap og vi kan heller ikkje selje personinformasjon om elevane ved å bruke gratisappar.

Det andre varskuet er kva som kan skje om vi aksepterer at digital kompetanse er medfødt. Korleis skal ein då lære å gå frå konsum til produksjon, å bruke digitale verktøy på ein god måte? Nokon vil alltid klare seg, til dømes høyrer ein stadig om teknologar i Silicon Valley som tek ungane sine ut av skular som brukar skjerm, og inn i skjermfrie skular. Eg vil tru at akkurat desse ungane får digital kompetanse inn på andre måtar.

Men kva med alle dei andre, skal vi akseptere ein så stor strekk i laget mellom dei som får dette til og dei som ikkje gjer det? Kva med inntoget til kunstig intelligens, som vi til no berre har sett byrjinga av?

Korleis blir avstanden mellom dei som forstår korleis dette fungerer og dei som aldri får lære dette. Då kan vi snakke om eit forskjellssamfunn. Ein foredragshaldar på konferansen nemnt over samanlikna det å forstå kunstig intelligens og å det å ikkje forstå, som å sleppe inn motorsyklar i same klasse som trøsykkel i sykkelritt. Då vil aldri ein på trøsykkel vinne igjen, sjølv med doping.

Eg ber difor om at vi kan vri debatten litt. La oss heller snakke om kva som er god skjermbruk og kva digital kompetanse er. Skjermen er nok komen for å bli. Heldigvis er ikkje skjermbruken på skulen lik den du sjølv og ungane dine har heime!

Powered by Labrador CMS