Mindre leik gir mindre trivsel

Barn leiker mindre etter skoletid. Det gir mindre trivsel.

Publisert

 Ifølgje Danmarks Radio er denne undersøkinga frå Aarhus universitet den første undersøkinga som ser leik og trivsel i samanheng. Og den viser at barn som leiker trivst betre enn dei som ikkje leiker.

Ditte Winther-Lindqvist ved Institutt for pedagogikk og utdanning ved universitet har spurt foreldre om barna leiker heime. 

Nedover

82 prosent av foreldra til barna mellom fire og seks år seier at dei gjer det. Så går det nedover. 

59 prosent av barna mellom 7 og 9 år leiker heime, 37 prosent av ti til tolvåringane leiker og 21 prosent av 13 til 15-åringane leiker etter skoletid. 

Dataspel og organiserte fritidsaktivitetar tel ikkje som leik. Tvert om er slike aktivitetar med på å setje leiken i klem, ifølgje Winther-Lindqvist.

Ditte Winther-Lindqvist har og bedt foreldra vurdere trivselen til barna. Og ho finn ein klar samanheng mellom bekymring for at barna ikkje trivst og om barn leikar etter skoletid.

Powered by Labrador CMS