Ikkje nye bøker på nynorsk i Bergens skular 

Bergen Høgre ville sikre elevane bøker både på hovudmål og sidemål. – Status no er at det ikkje er satt av nokon pengar, seier Vasan Singaravel.

Publisert

Bergen har blitt kalla nynorskens hovudstad på Vestlandet. Der har nesten halvparten av elevane opplæring på nynorsk, ifølgje ferske tal frå Grunnskuleindeksen. Berre Møre og Romsdal har fleire.

Vasan Singaravel

Bergen Høgre gjekk i sommar til val på at byens elevar skal introduserast for bøker på både hovudmål og sidemål på skulen. 

– Status no er at det ikkje er satt av nokon pengar i budsjettet for 2024. Det seier Vasan Singaravel, fraksjonsleiar i utval for barnehage, skule og idrett i Bergen Høgre. 

Vurderer nytt forslag

I deira kommunevalprogram stod det: «Bergen Høyre vil sikre at byens elever introduseres for bøker både på hovedmål og sidemål i flere av fagene på skolen». 

Tidlegare fraksjonsleiar i utval for barnehage, skule og idrett, Eivind Haldor Hermansen, uttalte til Utdanningsnytt at det er eit poeng at også bokmålselevane blir kjende med nynorsken. Blant anna fordi det må vere ei kjend målform viss det skal bli enklare å velje det i skulen.

– Når det gjeld middel til nynorsk som bøker og anna undervisningsmateriell, er det ikkje lagt inn noko pengar i det vedtekne budsjettet, seier no Singaravel. 

Dei vil likevel følgje opp saken fremover.

– Vi må drøfte saka med dei andre partia vi samarbeider med i byrådet. Det er nok fleire som er positive til denne saka. Vi ønskjer å vurdere å fremme eit nytt forslag, men det er for tidleg å sei noko om når, seier Singaravel.

Trass ingen avsette middel i budsjettet, meiner dei framleis at dei som har bokmål som opplæringsmålform, også bør få lese nynorsk. 

– Bergen er jo nynorskens hovudsete. Vi må ha den valfriheten og sørge for at dei som ønskjer å lære nynorsk får det, seier Singaravel. 

Powered by Labrador CMS