Barnehagestyrarar med fleire barnehagar slit mest

Barnehagestyrarar som har ansvar for meir enn ein barnehage legg meir arbeid på dei andre tilsette, viser undersøking.

Publisert

På oppdrag frå Utdanningsforbundet har Rambøl stilt spørsmål til nesten 2000 barnehagestyrarar. Undersøkinga viser at mange styrarar har snaut med tid. Verst er det for dei som har ansvar for fleire barnehagar. Dei endar ofte opp med å delegere bort arbeidsoppgåver til andre tilsette, både administrative oppgåver og oppgåver innafor pedagogisk leiing.

Nesten halvparten av barnehagestyrarane med ansvar for meir enn ein barnehage seier dei delegerer administrative oppgåver fordi dei ikkje har tid til å gjere dei sjølv. 45 prosent av styrarane med fleire barnehagar meiner dette skjer ofte eller svært ofte, mot 30 prosent av styrarane med berre ein barnehage.

37 av styrarane med fleir enn ein barnehage seier dei ofte eller svært ofte delegerer oppgåver innafor pedagogisk leiing fordi dei ikkje har tid til å gjere det sjølv. 29 prosent av styrarane for ein barnehagar seier det same.

Nye reglar

Ved årsskifte tråtte nye reglar for styrarar i barnehagar i kraft. Nå må private barnehagar, også dei i kjeder, vere sjølvstendige rettssubjekt. Det tyder mellom anna at kvar barnehage må ha eigen styrar. Men kommunane kunne framleis ha ein styrar på fleire barnehagar.

I januar 2022 kravde Utdanningsforbundet i forhandlingar med KS at det også i dei offentlege barnehagane skulle vere eigen styrar for kvar barnehage. KS avviste kravet. I februar same år ba kunnskapsminister Tonje Brenna Utdanningsdirektoratet om framlegg til ny ordlyd i forskrift til barnehagelova for å sikre styrar på plass i alle barnehagar. Dette var ein konsekvens av løfte i Hurdalsplattforma, sa ho til Utdanningsnytt.

Ueinige om tolking

Den nye forskrifta er verksam frå starten av dette barnehageåret. Men I Oslo er Nina Brotkorp framleis styrar i både Sandbakken barnehage og Årvoll Barnehage i bydel Bjerke i Oslo. Ho har ikkje fått noe signal om at det kan vere endringar på gong, seier ho til Utdanningsnytt. 

Forskrifta seier at ordninga med at fleire barnehagar deler styrar kan halde fram, men berre unntaksvis. KS og UDF er ikkje einige i korleis forskrifta skal tolkast, og det er ennå ikkje kome nye styrarar på grunn av ordninga.

Delegerer ulikt

Styrarar i private og offentlege barnehagar delegerer arbeidet ulikt. Dei private delegerer meir innafor personalleiing, administrasjon og HMS.

Dei offentlege delegerer meir innafor pedagogisk leiing. 32 prosent av dei offentlege og 26 prosent av dei private seier dei delegerer fordi dei ikkje har tid til å gjere jobben sjølv.

Det flest styrarar, både i offentlege og private barnehagar, ønskjer meir tid til er pedagogisk leiing. 93 prosent av dei private styrarane og 85 prosent av dei private ønskjer seg det. 19 prosent av dei offentlege styrarane og 28 prosent av dei private ønskjer meir tid til administrative oppgåver.

Men styrarane kan også delegere for å bidra til utvikling hos dei som får oppgåvene.

Prioriterer feil

–  Når styrarar rapporterer at dei ikkje har tid til å leie det pedagogiske arbeidet har barnehageeigar prioritert feil. Det er dette arbeidet som rettar seg mot å skape gode barnehagar for barna, seier leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal.

– Vi meiner alle barnehagar skal ha ein styrar full stilling på plass. Samstundes må barnehagane få eit betre administrativt støtteapparat, seier han.

Skjerpe

Handal minner om at intensjonen frå regjeringa har vore at at barnehagane skal ha ein styrar som er i barnehagen.

– Det tyder at den nye forskrifta må skjerpe den praksisen vi har hatt til nå. Det tyder at unntaket som forskrifta opnar for ikkje kan vere hovudregelen, slik praksis har vore i somme kommunar, seier han.

Steffen Handal peikar på at i den nye forskrifta seier at større barnehagar kan trenge meir enn ein full stilling for å oppfylle krava om forsvarleg og pedagogisk leiing.

– Desse formuleringane vil vi bruke i arbeidet for å få fleire styrarassistentar, avsluttar Handal.

Powered by Labrador CMS