Barnehagestyrer Nina Dorans Brodtkorb tar seg en pust i bakken. Med ansvar for to barnehager må hun prioritere hardt hva hun har av tid for at arbeidshverdagen skal gå opp..

Nina er styrar i to barnehagar:
– Lite tid går i størst grad ut over dei tilsette

Dei siste åra har styrarane i norske barnehagar fått ansvar for stadig fleire oppgåver og tilsette. Somme har òg fått fleire barnehagar. No kan reglane bli stramma inn.

Publisert Sist oppdatert

På veg gjennom porten i Sandbakken barnehage i Oslo møter styrar Nina Dorans Brodtkorb på eit lite menneske som vil børste ho med ein tilsynelatande enorm piassavakost.

– Er det tannbørsten frå Karius og Baktus? spør Nina.

– Ja! Du er boret! får ho til svar.

Så fekk ho enda ein hatt å bere. Det kan verte mange av dei når ein er barnehagestyrar. Særleg når ein skal styre to barnehagar, slik Nina gjer. I Sandbakken barnehage har ho ei seksti prosent stilling. Resten av tida er ho i Årvoll barnehage vel ein kilometer unna.

Sjølv skulle ho gjerne vore begge stader kvar dag.

– Tida strekk ikkje til. Eg må prioritere, og lite tid går i størst grad ut over dei tilsette. Personalet får ikkje like god oppfølging som dei kunne fått om eg var her heile tida, seier ho.

I den største av barnehagane, Sandbakken barnehage, er det ti tilsette og 48 barn, fleire av dei med spesialbehov.

– Det er nok jobb her til ei full stilling, men den er altså berre seksti prosent, seier Nina.

Dei siste førti prosenta av arbeidsveka er ho styrar i Årvoll barnehage med seks tilsette og 27 barn.

Barnehagestyrar Nina Dorans Brodtkorb tek seg ein pust i bakken. Med ansvar for to barnehagar må ho prioritere hardt kva ho har av tid for at arbeidskvardagen skal gå opp.

2014: Ein styrar per 12,4 tilsette 2020: Ein styrar per 13,6 tilsette

Det vert fleire tilsette per styrar i norske barnehagar. Ifølgje Basil, Utdanningsdirektoratets barnehagestatistikk, var det 5044 styrarar i 2014. Då var grunnbemanninga totalt på 62.330 tilsette. I 2020 har talet auka til 64.392. I dei same åra har mengda styrarar gått ned til 4739. Det betyr at medan det var ein styrar per 12,4 tilsette i 2014, var talet 13,6 i 2020.

Talet på barnehagar er også gått ned i same periode, men tel fortsatt 5620 stykk, altså om lag 900 fleire enn det er styrarar.

Som barnehagestyrar har ein det overordna ansvaret for verksemda, både administrativt og pedagogisk. Det inneber blant anna å sikre tryggleiken i barnehagen, at barna får eit godt pedagogisk tlbod, sørge for fagleg kompetanse hos personalet og gje foreldra informasjonen dei har krav på.

Les også: Et år med korona: Styrerne er bekymret for barnas tilbud i barnehagen

I tillegg har styrar personalansvar for alle tilsette og må sørge for at føresegna i barnehagelova og Rammeplan for barnehagen vert følgt.

Barnehagelova seier at alle barnehagar skal ha ein dagleg leiar, men det er verken lovfesta at han eller ho må vere til stades eller kor stor stillinga skal vere. Det føresegna til lova presiserer, er at ei samordning av styrarressursar ikkje kan brukast for å redusere kostnadane i barnehagane.

Ifølgje rapporten «Tidsbruk i barnehagen», som vart gitt ut av Fafo i 2015, følgjer ikkje 18 prosent av barnehagane lovas hovudprinsipp om ein styrar i kvar barnehage.

«Eiernes begrunnelse for ikke å ha en styrer per barnehage er økonomisk innsparing, styrking av faglig ledelse og ønske om å oppnå administrative stordriftsfordeler», heiter det i rapporten.

Talet på barnehagetilsette aukar, medan talet på styrarar går ned, viser statistikken. Barnehagestyrar Nina Dorans Brodtkorb må køyre mellom arbeidsplassane sine – ho er styrar i to barnehagar.

Mest tid på administrasjon

I den same Fafo-undersøkinga fortel 65 prosent av styrarane at mesteparten av tida deira går til administrative oppgåver. Blant styrarane med ansvar for to barnehagar er talet enda høgare, 73 prosent. Ifølgje rapporten opplever dei også i noko større grad at rapporteringsarbeidet går ut over moglegheita til å følgje opp dei tilsette slik dei skulle ønske.

Les også: Én av tre barnehager oppgir å ha mindre enn tre timer daglig med full bemanning

Det kjenner Nina Brodtkorb seg igjen i.

– Eg får for lite tid til medarbeidarane spesielt. Det er veldig individuelt kor mykje eg får følgt opp folk som til dømes ikkje kjem like mykje til meg eller oppsøker meg på kontoret, seier ho.

Det syns ho er vanskeleg: – Dei opplever kanskje at eg ikkje har tid, men eg prioriterer alltid samtalar med dei tilsette. Det syns eg er noko av det viktigaste eg gjer.

Eg får for lite tid til medarbeidarane spesielt.

Styrar Nina Brodtkorb

Eiga fagleg utvikling blir det også lite tid til, fortel Nina. Ho valde å begynne å jobbe i barnehage fordi ho ønskte å jobbe med barn, og seinare fordi ho vil bidra til at fleire får ein god barndom. Som styrar i to barnehagar er det ein del ho ikkje får tid til.

– Eg blir ikkje godt kjent med barna, seier ho.

Brodtkorb fortel at det vert meir opp til dei andre tilsette å komme til ho med ting dei vil ta opp, sidan ho ofte er på farten.

– Får fleire og fleire oppgåver

Seniorforskar ved Fafo, Mona Bråten, var med på å skrive rapporten om tidsbruk i barnehagane i 2015. Ho kjenner ikkje til at tilsvarande undersøkingar er gjort sidan, men ser at styrarrolla er i endring.

– Styraren, som barnehagane generelt, får fleire og fleire oppgåver, seier Bråten.

I tillegg omorganiserer fleire barnehageeigarar styringa av barnehagane.

– Fleire kommunar omstrukturerer sektoren og profesjonaliserer styrarrolla meir. Det er ein trend å samordne styrarressursane i team eller liknande, der ei gruppe har ansvar for fleire barnehagar, seier ho.

I ei intervjuundersøking har ho sett at meiningane er delte om den typen ordning, både blant styrarane og blant dei tilsette.

– Somme synest ei reindyrking av styraren som leiar er bra, sidan styraren då tek seg av dei tyngste oppgåvene. Andre tykkjer det er negativt med ein styrar som er mindre tilgjengeleg til dagleg, men det er ikkje nokre eintydige svar å gje til denne utviklinga, seier Bråten.

Pedagogiske leiarar får fleire oppgåver

Når det ikkje er styrar til stades heile tida, har dei sett at det er fleire oppgåver til dei andre tilsette.

– Me har òg gjort ei undersøking der styraren hadde ansvar for fleire barnehagar. Då opplevde pedagogiske leiarar at dei fekk fleire oppgåver, seier Bråten.

Nina Brodtkorb tek òg del i eit styrarteam i bydelen. Ho skryt av moglegheita til å ha eit nettverk med styrarar. Samstundes gir teammodellen også auka tidsbruk på administrasjon og møte borte frå avdelingane.

Då den nye såkalla mobbelova i barnehagane tredde i kraft 1. januar, fekk styrarane enda meir ansvar. Den nye lova sikrar barna retten til eit trygt og godt barnehagemiljø. Dersom noko ikkje er bra, skal ein melde ifrå til styraren.

– Den nye lova er enda eit moment som må inn i vurderinga av kva eg kan prioritere, seier Brodtkorb.

Ekstra oppgåver til dei andre

Elizabeth Sagen er pedagogisk leiar og tillitsvald i Sandbakken barnehage, men er for tida i eit vikariat i Årvoll. Ho er imponert over jobben Nina Dorans Brodtkorb gjer, men skulle ønske ho kunne vere til stades på ein plass heile tida.

– Det er noko med den psykososiale verknaden av å ha ein leiar som er til stades, seier ho.

I tillegg opplever Sagen å måtte ta ekstra avgjerder og oppgåver når det ikkje er ein styrar på jobb.

– Det kan vere å bestemme om ein skal kalle inn vikar ved sjukdom eller andre ting. Eg veit nokre av dei tilsette vert stressa av å måtte gjere det, seier Sagen.

Ho seier det ikkje pleier vere så mykje tid som går med til den typen oppgåver, men at dei likevel tek vekk fokus frå den pedagogiske jobben ho eigentleg har: – Eg skulle aller helst hatt ein styrar som var til stades heile tida, seier ho.

Styrarar brukar meir tid på administrasjon og får mindre tid til pedagogikk, samstundes får dei meir ansvar for barna og miljøet i barnehagane i den nye mobbelova.

Utdanningsforbundet vil ha styrarnorm

Utdanningsforbundet vil ha like mange styrarstillingar som barnehagar. I dag er det om lag 900 fleire barnehagar enn styrarar i Norge.

– Me vil ha ei styrernorm som blir lovfesta og knytta opp mot talet på årsverk i barnehagen, og at det må vere ein styrer i kvar barnehage, seier sentralstyremedlem og leiar for kontaktforum barnehage i forbundet, Ann Mari Milo Lorentzen.

Sentralstyremedlem og leiar for kontaktforum barnehage i forbundet, Ann Mari Milo Lorentzen.

Ho meiner det må til for å få eit godt nok pedagogisk tilbod og for å følgje opp dei tilsette og leie utviklingsarbeidet i barnehagen.

På forbundets nettsider står det at barnehagar der styrar ikkje er dagleg til stades, gir eit dårlegare tilbod til barn og foreldre. Dei listar opp:

l Det pedagogiske arbeidet må ta utgangspunkt i barn, tilsette og foreldre i kvar enkelt barnehage. Det vert umogeleg om ikkje styraren er til stades dagleg.

l Rettleiing og vidareutvikling av kompetansen til dei tilsette fordrar at styraren ser medarbeidarane i sitt daglege arbeid.

l Oppgåva med å sjå til at alle barn vert følgt opp i det daglege vil vere vanskeleg om styraren er sjeldan til stades.

- Krava til kva ein barnehage skal vere, vert berre større og større. Med det vert behovet for ein styrar òg større og større, seier Ann Mari Milo Lorentzen.

Ifølgje Lorentzen kan styrarressursen fort verte kutta når han ikkje er lovpålagt, samstundes som bemanningsnorma legg klare føringar for talet på tilsette elles. Då er det fort gjort å tenke at pedagog- og bemanningsnorma har vore med på å gjere at ein har færre styrarar, då det mange stader er den einaste stillinga utan lovfesta rammer, meiner ho.

– Eg ser ikkje andre årsaker til at det er så få styrarar enn at det vert sett som eit innsparingstiltak, seier Lorentzen.

I eit innspel til regjeringa i samband med bemanningsnorma i 2017 bad Stortinget om ei utgreiing for å sikre at styrarstillinga ikkje vart sett på som ei mogleg innsparing.

Unnatak frå styrarkravet vert mogleg òg i framtida

Kunnskapsminister Guri Melby.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) skriv i ein e-post til Utdanning:

"Utdanningsdirektoratet har i årets tildelingsbrev fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til ny føresegn i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar. Den skal regulere når det kan gjerast unnatak frå kravet om at kvar barnehage skal ha ein styrar."

Melby påpeiker at det er viktig at leiinga er til stades. Ho viser til at barnehagelova stiller krav om dette med formuleringa om at barnehagen «skal ha en daglig leder», altså ein styrar.

På spørsmål om det vil komme ei styrarnorm som krev ein dagleg leiar som er til stades i barnehagane, svarer statsråden:

– Allereie i dag er det slik at føresegna ikkje skal kunne brukast til å redusere kostnadar i barnehagane. For å gjere regelverket tydelegare meiner departementet difor at det er hensiktsmessig å fastsette ei ny føresegn i forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i barnehagar. Den skal regulere når det kan verte gjort unnatak frå kravet om at kvar barnehage skal ha ein styrer.

Samstundes køyrer Nina Dorans Brodtkorb mellom styrarjobb i to barnehagar i elbilen sin.

Byråd for oppvekst og kunnskap, Inga Marte Thorkildsen.

Oslo: 17 tilsette per styrar

Hos arbeidsgjevaren hennar, Oslo kommune, var det i 2020 ifølgje Basil-talla 546,9 styrarar fordelt på 699 barnehagar, trass i at byrådspartia lova ein styrar per barnehage allereie før valet i 2015. Sidan har det òg blitt fleirtal for dette i bystyret.

I fråsegna til kommunebudsjettet for i år skriv Utdanningsforbundet Oslo at dei «mener det ikke finnes unntakstilfeller for at barnehager i Oslo kommune skal samordne styrerressurser. En av departementets forutsetninger for slike samordninger er at samordningene ikke skal føre til en reduksjon av styrerressurser for den enkelte barnehage.»

Dei viser til ei årleg reduksjon av styrarressursane i kommunen dei siste åra, og ei auke i kor mange tilsette kvar styrar har ansvar for. I dei kommunale barnehagane i Oslo er det no 17 tilsette per styrar. (Tek ein med dei private, er talet 15,9.)

Byråd for oppvekst og kunnskap, Inga Marte Thorkildsen (SV), seier ho har ein klar ambisjon om at alle barnehagar skal ha ein styrar til stades.

– For å sikre at kvar barnehage har ein styrar til stades, har me innført nye retningslinjer der bydelane og barnehagane i fellesskap skal sikre at det er tilstrekkeleg styrarkapasitet, i samsvar med det barnehagelova seier, i kvar enkelt barnehage, skriv ho i ein e-post.

Gjennomgang i alle bydelar

Ho seier dette har gjort at fleire bydelar ser på organiseringa av leiinga til barnehagane, og at nokre av dei har sett behov for å auke styrarressursen. Ho nemner at bydelen Søndre Nordstrand har innført ei full styrarstilling i kvar barnehage.

– Sidan byrådet tok over i 2015, har styrarårsverka auka frå 270 til 292. I 2015 var det 79 barn per styrarårsverk, og dette er redusert til 72 i 2020. Styrarårsverk per årsverk i grunnbemanninga er redusert frå 18 i 2015 til 17 i 2020. Utviklinga går med andre ord riktig veg, skriv Thorkildsen.

Basil-oversikta fortel samstundes at talet på kommunale barnehagar vart redusert desse åra, frå 324 til 313. Dessutan var det òg 72 barn per styrar i 2014, året før det nye byrådet tok over.

Thorkildsen understrekar at ho ikkje kjenner til eksempelet med delt styrar frå denne saka spesielt:

– Men byrådet vil no gjere ein gjennomgang i alle bydelar for å sikre oss at retningslinjene blir følgde, at det er tilstrekkeleg styrarkapasitet i barnehagane og eventuelt avdekkje kva som må til av vidare styrking på dette feltet. Ei slik gjennomgang varsla me då retningslinjene blei vedtatt i bystyret.

Effektive smil i ein travel dag

I barnehagen igjen er det som det pleier. Ein kohort med born er ute og testar ein liten akebakke. På pauserommet et eit par tilsette lunsj. Ved ein av inngangane kjem det eit lite fjes i lue og parkdress gåande med tårer i augo etter ei hending utanfor.

Nina har det bestemte og kjappe ganglaget travle folk har. Ho rekk likevel å helse på folk, spørje korleis det går og sende effektive smil til alle kantar.

– Det ligg eit veldig godt grunnlag i begge barnehagane, med høg kompetanse og veldig flinke folk. Mange er veldig flinke til å oppsøke meg, halde meg oppdatert og drøfte det dei treng, seier ho.

På kontordøra heng dessutan timeplanen hennar. Så kan dei som vil snakke med ho vite om ho kjem til å dukke opp i dag, eller om dei må vente til i morgon.

Utdanning har spurt partiene:

– Vil dere ha en styrernorm i barnehagene?


Senterpartiet

ved Marit Knutsdatter Strand, stortingsrepresentant, medlem i Utdannings- og forskningskomiteen

– Sp har ikke ønske om en slik norm nå, men har vært pådrivere for stedlig ledelse i Stortinget. Barnehageloven og Særavtalen for barnehager har vektlagt dette, og vi støtter partssamarbeidet. Så må Stortinget gi kommunene rom for å ha høy kvalitet og god bemanning i barnehagene.

Kristelig Folkeparti

ved Hans Fredrik Grøvan, stortings­representant, medlem i Utdannings- og forskningskomiteen

– Vi har ikke konkludert når det gjelder om vi skal ha et krav til stedlig ledelse i barne­hagen, styrernorm eller om det er andre tiltak som skal til for å sikre mer tilstedeværelse av ledelsen i barnehagen.

Sosialistisk Venstreparti

ved Mona Fagerås, stortingsrepresentant, medlem i Utdannings- og forskningskomiteen

– Ja. SV støtter et lovfestet krav om én styrer i hver barnehage. Barn som skal utforske og veiledes i lek og læring, og som skal vokse og utvikle seg sammen med andre, trenger å ha stabile voksne rundt seg som har kompetanse om barn og forståelse for barns behov. Her spiller styrerne i barnehagen en helt avgjørende rolle. Det er styreren som har det daglige ansvaret i barnehagen, både pedagogisk, personalmessig og administrativt.

Arbeiderpartiet

ved Torstein Tvedt Solberg, stortingsrepresentant, medlem i Utdannings- og forskningskomiteen

– Det er ikke en sak vi har diskutert og konkludert på enda, men behovet for nye normer vil presse seg frem om kommuneøkonomien fortsetter å være så dårlig som de siste årene. Vinner vi valget, blir det billigere og bedre barnehager, maksprisen skal ned, og antallet pedagoger og ansatte skal opp, også antall styrere. I programforslaget vil vi ha krav til tilstedeværende leder i alle barnehager.

Rødt

ved Silje Josten Kjosbakken, 2. nestleder

– Vi har ikke vedtatt en styrernorm, men sier i vårt nye partiprogram at vi vil sikre stedlige styrere, med barnehagelærer­utdanning eller annen pedagogisk utdanning i alle barnehager.

Høyre

ved Mathilde Tybring-Gjedde, stortingsrepresentant, medlem i Utdannings- og forskningskomiteen

– Høyre vil stille krav om at det er én stedlig og lokal styrer i hver enkelt barnehage og stramme inn dagens lovverk. Økonomi skal ikke være grunn til å kutte i stedlig ledelse. De siste årene har vi styrket bemanningen og antall barnehagelærere. Da er det enda viktigere med god stedlig ledelse. Stedlig leder skal ha ansvaret for et godt profesjonsfellesskap og for faglig utvikling.

Miljøpartiet De Grønne og Fremskrittspartiet har ikke svart på Utdannings forespørsel.

Powered by Labrador CMS