lærer
elever
undervisning

Kompetanseheving i barnehagen: Everything. Everywhere. All at Once?

Debatt: Det må ikkje bli slik at kompetansehevinga berre blir ei øving i å manøvrere mange ulike kompetansehevingstiltak på same tid.

Publisert

«Everything. Everywhere. All at Once» er tittelen på ein amerikansk film som i år henta heim mange Oscar-prisar. Men det kunne også vore tittelen på forteljinga om kompetanseheving i barnehagen.

Kunnskapsminister Tonje Brenna presenterte hausten 2022 den reviderte kompetansestrategien for barnehagesektoren: «Kompetanse for fremtidens barnehage». Målet med strategien er å sikre alle barn eit barnehagetilbod av høg kvalitet. For å imøtekomme målet blir heving av dei tilsette i barnehagen sin kompetanse sett som avgjerande, og for 2023 er det løyvd 595 millionar kroner til arbeidet. I strategien blir det framheva at barnehagen skal vere ein lærande organisasjon, der barnehagelæraren sin faglege og analytiske kompetanse til å leie og drive kvalitetsutviklinga er sentral.

Krava og forventningane barnehagelærarane møter når det gjeld kompetanseheving, er derimot mangesidige. Dei møter krav og forslag til å delta i kompetansehevingstiltak frå mange ulike aktørar og på mange ulike nivå. Barnehagane møter for eksempel krav frå kommunar eller regionar om at dei skal arbeide med felles førehandsdefinerte satsingsområder og/eller kartleggingsverktøy, frå kommersielle aktørar gjennom ulike typar standardisert materiell og pedagogiske program og gjennom barnehagebasert kompetanseheving i dei regionale kompetansehevingstiltaka (ReKomp).

Eit sentralt spørsmål i dette brokete landskapet, er om det er barnehagelærarane og barnehagen som lærande organisasjon som styrer retninga i kompetansehevinga. Eller om det til dømes er førehandsdefinerte satsingsområder og pedagogiske program, og i tilfelle, kva kunnskap har dei som lagar desse om barn i barnehage?

Å manøvrere mange ulike kompetansehevingstiltak

Krava til kompetanseheving er såleis ikkje berre mange. Dei er også styrt av to ulike og kanskje motstridande logikkar. På den eine sida har vi logikken om at alle barnehagar treng dei same satsingsområda, programma og verktøya for å heve dei tilsette sin kompetanse.

På den andre sida har vi logikken om at kompetansehevinga best kan imøtekommast ved at dei tilsette i barnehagane sjølve formulerer kva dei treng kompetanseheving på. Slik umiddelbart, er det lett å tenke at denne kombinasjonen mellom kompetanseheving bestemt utanfrå, for eksempel gjennom felles pedagogiske program, og kompetansheving bestemt innanfrå, gjennom for eksempel barnehagebasert kompetanseheving, må vere ideell. Det blir jo på ein måte dobbel dose.

Men er det slik at denne kombinasjonen mellom utanfrå- og innanfråstyrte tilnærmingar til kompetanseheving gir betre kvalitet i barnehagane? Eller kan kompetansehevinga med det bli prega av å vere Everything. Everywhere. All at Once? Altså at kompetansehevinga ikkje blir kompetanseheving, men ei øving i å manøvrere mange ulike kompetansehevingstiltak på same tid.

I mitt møte med barnehagar som har fått tildelt ReKomp-midlar, har eg inntrykk av at desse mangesidige krava om kompetanseheving blir nettopp det: ei øving i å manøvrere mange ulike kompetansehevingstiltak på same tid. Eg opplever det forfattarane av boka «Barnehagelærerprofesjonen» Kjetil Børhaug og Marit Bøe skriv, at det kan sjå ut som barnehagelæraren som profesjon i framveksten av denne kunnskapsproduserande strukturen av ulike aktørar, må vike meir og meir som premissleverandørar for sin eigen praksis. Barnehagelæraren si rolle i profesjonsutviklinga er prega av å ta imot, fortolke og iverksetje eksterne krav og forventningar.

Everything, everywhere og alt dette på same tid

Ein rask titt på temaene satsingsområda kan spenne over, gjer det lett å forstå at det kan vere ei utfordrande øving for barnehagelærarane å ta eigarskap til kompetansehevinga og profesjonsutviklinga. Satsingsområda kan til dømes vere: fysisk og psykisk helse og tidleg innsats og språkutvikling. Store områder kvar for seg. Samla sett og i tillegg til pedagogiske program som «De utrolige årene» (DuÅ) eller «Ringer i vann», og eit barnehagebasert kompetansehevingsprosjekt, ei nesten umogleg oppgåve.

Barnehagen hamnar lett i ein situasjon der kompetansehevinga blir Everything, Everywhere og alt dette på same tid. Desse mangesidige og tildels motstridande krava til kompetanse, gjer heller ikkje nødvendigvis at alle barn får eit barnehagetilbod av høg kvalitet. Krysspresset barnehagelæraren står i, gjer det kanskje heller utfordrande for dei å finne tid til å arbeide med å sikre at alle barna får eit barnehagetilbod av høg kvalitet. Barna og kvardagen kan forsvinne i mylderet av alle kompetansehevingstiltaka.

Kunnskap, dømmekraft og handlekraft

Korleis kan så barnehagelærarane møte alle desse krava og forventingane om kompetanseheving på ein måte som gjer at dei blir premissleverandørar for sin eigen praksis? Og ikkje minst på ein måte som gjer at alle barn får eit barnehagetilbod av høg kvalitet? Eg vel å støtte meg på den franske filosofen Maurice Merleau-Ponty (1908-1961) når eg nærmar meg dette spørsmålet.

Grunnleggande for at vi skal kunne heve kompetansen vår, er at det skjer ei endring i våre forståingar. Og ifølge Merleau-Ponty er våre forståingar bygd opp av lag med forventningar og erfaringar. Når våre forståingar blir endra, har det skjedd eit eller anna med våre forventningar og erfaringar.

For at dei tilsette i barnehagen skal kunne auka kompetansen sin, må kompetansehevingstiltaka røre ved deira forventningar og erfaringar. Dei må oppdage eit behov for endring i møte med for eksempel barna. La oss sei at styraren i barnehagen der 1,5 år gamle Lotte går, får innspel frå dei pedagogiske leiarane om at Lotte, og mange av dei andre barna på hennar alder, er stillesitjande og utilfredse når dei er ute. Då vil det, for Lotte og dei andre 1-2 åringane, vere vesentleg at dei tilsette i barnehagen arbeider med å finne ut av kva som gjer at dei yngste barna er stillesitjande og utilfredse.

Les også: Ordning med å heve kompetansen i barnehagen er utfordrende

I tillegg må det skje ei endring som gjer at barna får det betre. Dei tilsette må ha endra sine forståingar på ein måte som gjer at kvardagen i barnehagen blir litt annleis enn den var før for Lotte og dei andre barna. Denne måten å drive kompetanseheving på, krev nysgjerrigheit på kvardagen, djupn og at alle dei tilsette er involvert. Her må barnehagelæraren hente fram all sin fagkunnskap og tore å stole på denne.

Rammeplanen som rettesnor

Med Rammeplan for barnehagen som rettesnor, bør kunnskapen og kompetansebehova som blir skapt i dei kvardagslege møta med barna vere avgjerande for kva kompetansehevingstiltak barnehagen treng. Navigatøren i dette arbeidet er barnehagelæraren. Ein slik måte å nærme seg kompetanseheving i barnehagen på, endrar forhåpentlegvis tittelen frå Everything. Everywhere. All at once, til «Kunnskap. Dømmekraft. Handlekraft». Tre eigenskapar som ei av dei viktigaste fagpolitiske stemmene på barnehagefeltet, Unni Bleken, så klokt sa kjenneteikna ein profesjonell lærar i barnehagen.

Powered by Labrador CMS