Det gode måltidet i barnehagen

Debatt: Kva er eigentleg eit godt måltid, og korleis kan ein jobbe med å legge til rette for det gode måltidet?

Publisert Sist oppdatert

«No må vi vere stille!». «Snu deg og spis maten din, du». «Nei, sjå, kor du rotar. Du klarar jo ikkje å ete skikkeleg.» «Om du ikkje et skorpa di, så flyttar eg deg på andre sida av bordet».

Vekksnudde ryggar og store skikkelsar som kjempar febrilsk om å behalde roa rundt det vesle bordet som står i barnehøgde midt på avdelinga.

Lange bein som er strekte over bordkanten og krumma ryggar over små, fargerike plastikkstolar gir minner om menneske som for lenge sidan vaks ut av denne plassen. Og med dette kanskje har gløymd gleda ved å lære seg å smørje si eiga brødskive. Gleda når heile bordet slår med koppane samtidig. Gleda ved å kjenne på teksturen til leverpostei, majones, raudbeter, makrell eller sylteagurk. Å spytte ut når noko blir for surt, for salt, for rart eller biten blir for stor.

Barn oppheld seg store delar av den tidlege barndomen i barnehagen, og når dei er ferdige, har dei sete gjennom omkring 3000 måltid.

Barn oppheld seg store delar av den tidlege barndomen i barnehagen, og når dei er ferdige, har dei sete gjennom omkring 3000 måltid. Måltidssituasjonane blir difor ein sentral del av den pedagogiske verksemda til ein barnehage. Om vi tek utgangspunkt i ei haldning der personalet idealiserer matro, vil det verte ei spennande oppgåva for ein komande pedagog å jobbe saman med personalet og barna for å skape endring rundt tradisjonelle syn på måltid i barnehagen.

Ifølgje rammeplanen skal barnehagen vere ein lærande organisasjon. Barnehagen skal vere ei pedagogisk verksemd. Dette passar ganske godt med det samfunnet vi lever i i 2020. På nasjonal basis opplever vi ein aukande del fleirspråklege barn i barnehagen. 18 prosent av barn i norske barnehagar er minoritetsspråklege, dette talet varierer naturleg nok betydeleg mellom kommunar og bydelar (Teke frå https://www.udir.no/tall-og-forskning/finn-forskning/tema/utdanningsspeilet-2019/barnehage/). Dette betyr at vi i barnehagen har eit samfunnsmandat til å tileigne oss relevant kompetanse som vil gjere at vi møter desse barna på ein ansvarleg, profesjonell og trygg måte.

Når rammeplanen seier at barnehagen er ein lærande organisasjon, betyr det at vi skal utvikle oss i tråd med samfunnet. Mat og måltid kan bli knytt til mykje, og eg vel å fokusere på måltid som ein arena for samtale for alle barn, med særleg vekt på dei moglegheitene som ligg til grunn for fleirspråklege barn.

Gjennom tre år som barnehagelærarstudent har måltida alltid vekt stor interesse. For det er her eg føler det pedagogiske arbeidet til avdelingane blir uttrykt tydlegast. Måltida kan vere stressande, raske, treige, latterfylte, stille og samtalerike. Eg har sett ein god del ulike gjennomføringar av måltid. Eg har vore i barnehagar med bord i vaksenhøgde og med bord i barnehøgde. Barnehagar kor ordet dei tilsette oftast brukar er «hysj», og barnehagar kor dei tilsette og barna snakkar i munnen på kvarandre. Avdelingar kor den viktigaste samtalen er mellom dei tilsette og der barna må vente lenge før dei får hjelp med å smørje ut pålegget. Eg har også vore på avdelingar der humoren sitt laust og alle deltakande i samtalen blir høyrd. Det er jo nettopp difor eg meiner at måltida er ein enorm ressurs for læring og utvikling. Ikkje berre for dei vaksne å bli kjend med barna, men som ein arena for barna å uttrykke seg og bli kjende med den kulturen og samfunnet som barnehagen formidlar.

Måltida blir ein møteplass for sosialt samspel og tilhøyrsle. Barna har ein sosial arena kor alle samlast og har eit felles utgangspunkt i situasjonen. For fleirspråklege barn kan måltida vere ein arena som byr på gode moglegheiter. Maten er ikkje berre næring, men kan vere konkretar i språklæring, og å få smake på pålegg kan gje gode førsthandserfaringar. Det er også, i ein ideell setting,observante og kompetente tilsette som ser dei fleirkulturelle og språklege barna sine initiativ. Og viktigast, alle barna er samla og barn som nødvendigvis ikkje finn kvarandre i leiken, har nok ein arena for samspel.

Det gode måltidet

Det finst mange måtar å lage måltid på. Men kva er det gode måltidet? Og korleis jobbar ein med det? Likeins som det finst arbeidsmåtar som endar i eit trygt og motivert personale, finst det også utfordringar som kan forhindre positive resultat. Slik eg ser det, er det viktig å spele på styrkane til personalet i eit planlagt endringsarbeid. Ein kjem seg jo ingen plass utan at medarbeidarane er engasjert i det som skal skje?

Å starte med felles refleksjon vil vere ein god start. Å få fram synspunkta til alle tilsette, og samtidig få fram observasjonane som gir grunnlag for desse. Kven er den rolege atmosfæren for? Kva har barna eigentleg behov for under måltidet? Kva positive erfaringar sitt ein igjen med frå eit måltid, og kvifor var det augeblikket positivt? Til slutt får alle tilsette i «oppgåve» å samle seg rundt nokre tankar, refleksjonar eller situasjonar rundt måltida på avdelinga.

Til neste møte får alle tid til å presentere sine tankar og erfaringar. Deretter kan ein drøfte og reflektere i fellesskap, og diskutere korleis vi skal jobbe med måltida vidare i praksisfellesskapet.

For at avdelinga skal få ei felles oppfatning av kva oppleving eit godt måltid er, må personalet vere samkøyrd. Difor er det viktig at pedagogisk leiar får fram dei gode samtalane – kor ein reflekterer, drøftar, argumenterer og lærer saman. For læring skjer jo i stor grad i uformelle situasjonar. Difor er det viktig å gje personalet tid mellom møta til å lære saman og observere seg sjølv. Det er nettopp då personalet får synleggjort det aktuelle temaet i praksis. Endring er sjeldan populært, men om personalet får oppleve endringsarbeidet som ein meiningsfylt del av kvardagen kor alle blir høyrd og får medverke, meiner eg dette vil vere ei viktig rolle i å lage til gode måltid.

For å summere opp, så er det mykje som skal til for å utvikle og skape gode måltid. Det er mykje som skal til å godta at ein har eit behov for endring. Det er mykje som skal til for å engasjere til endring, Det er mykje som skal til for at resultatet skal bli som planlagt. Ofte treng ein ikkje at målet blir skrive i stein eller at avdelinga frå no av berre skal ha rolege og stille måltid, men at målet er ei bevisstgjering. Ei bevisstgjering rundt kva barna treng, ei bevisstgjering omkring prioriteringar i måltidet og dei maktstrukturane som er i spel i slike situasjonar.

For det er jo til barnas beste. Om fleirspråklege barn mistar verdifulle situasjonar kor dei ikkje berre får «trene» på språket, men og synleggjere personlegheit og identitet, vil dette hemme språkutvikling og relasjonsutviklinga deira. Om barna i stor grad opplever kritikk og «uffing» i deira uttrykk, vil eg påstå at dette ikkje har ein positiv innverknad på tryggleiken, engasjementet og sjølvtillita.

Som eg sa – husk å ha utgangspunkt i kva som er barnas beste. La dei smake, la dei flire, la dei herme, la dei slå med koppane. Når barna får gjere desse «irriterande» handlingane, ligg det meir i det enn berre leik. Det ligg læring i det. Dei samhandlar, kommuniserer og utviklast i samspel. Om barna får sleppe dei negative kommentarane i det som er naturlege uttrykk for dei, vil dei etter kvart gå vidare frå det situasjonsbetinga samspelet og rette fokuset på maten som er presentert. Dei vil sjå kva dei andre barna gjer og sjå kva dei vaksne gjer, som forhåpentlegvis er å ete mat, vere støttande og positive.

For barn gjer det vi gjer, ikkje det vi seier. Det er jo barnehagen sin gylne regel! Måltid i barnehagen blir ein arena for alle barn å få synleggjere kven dei er. I måltida er alle samla, noko som gir barn med lav sosial kompetanse, leikkompetanse, språkleg komapetanse ein arena å blomstre i. Om personalet er bevisst slike problemstillingar, vil 3000 måltid i barnehagen by på uendeleg mykje undring og læring.

Powered by Labrador CMS