
Som ungdom meinte lærarane at ho var frekk og lat.
Men då Marte fekk autismediagnosen som vaksen, fall brikkene på plass.
No jobbar ho sjølv i skulen.
Frå skulkar til lærar
– Dei lærarane som såg og forstod
meg, betydde alt. Eg vil være den
læraren eg sjølv trong.

Eit par hårlokkar løftar seg frå hovudet i den kraftige sunnmørsvinden og vaiar i lufta som følehorn. Men store delar av livet har Marte Oline Vågnes Dalmo (31) følt det som om ho har grøne marsbuar-antenner. Ho har talt sekund for å halde passande augekontakt. Pugga kroppsspråk og frasar. Og blitt ein meister i å «maskere» dei sosiale vanskane sine.
Men ikkje alle lét seg lure.
– Det tok helsevesenet nesten 30 år å finne ut at eg var annleis, medan dei populære jentene på ungdomsskulen brukte berre nokre sekund, seier ho.
Med store støydempande hovudtelefonar og ein hettegenser med teksten «I don’t work here», kunne Marte lett blitt teken for å vere elev ved Sula ungdomsskule utanfor Ålesund.
– Ungdommane er veldig glade i genseren, seier ho og peikar på teksten på brystet.
Marte har rett nok vore elev ved denne skulen, men i dag er ho tilbake som lærar.
Gamle piercing-arr har blitt til smilehol, og ho er faglærar i norsk og kunst og handverk, har fire barn og snart ein mastergrad i spesialpedagogikk.
Draumen hennar er å ta ein doktorgrad og bli spesialist i klinisk pedagogikk.
Frå «skulkar» til lærar
Marte gjekk under radaren som barn. Ho var intelligent, barnehagens moralpoliti og elles ganske stille og tilbaketrekt. På barneskulen vart ho ofte observert åleine i friminutta – gåande rundt og rundt i skulegarden. Likevel var ikkje lærarane uroa. Ho var jo så flink på skulen.
Då ho vart ungdom, klarte ho ikkje late som lenger. Det vart «blikking», utfrysing og sarkasme. Kommunikasjonen vart meir og meir abstrakt. Til slutt vart ho utmatta av heile tida å tolke omgjevnadene, samstundes som ho måtte stenge ute alle sanseinntrykka. Friminutta, ei pause for dei fleste, vart endå eit krav.

– Eg orka ikkje vere i klasserommet. Gøymde meg i gangane og på do. Eg vart sett på som ein skulkar – frekk og lat. Men eg var berre overvelda.
På vidaregåande skule eskalerte problema med ufrivillig fråvær. På eitt tidspunkt vart ho teken ut av klasserommet og tvinga til å gje urinprøve. Den var negativ. Skuleleiinga grunngav det med «unormal åtferd». Marte meiner i dag at det skuldast autistiske trekk.
Ho byrja med sjølvskading, vegra seg for å gå på skulen og rømde heimanfrå. Det vart så alvorleg at ho nesten vart plassert på barnevernsinstitusjon. Hjelpeapparatet var der, men forstod ikkje kva som låg bak åtferda.
– Eg smilte og nikka til psykologen. Eg hadde lært meg kva eg skulle seie. Mamma sa at då var det eigentleg for seint. Eg hadde blitt for flink til å skjule det.
Autismediagnosen fekk ho ikkje før ho var 29. I dag kan ho berre spekulere i korleis skulegangen hadde vore om ho hadde blitt sett tidlegare.

- Autisme er eit spektrum av nevrobiologiske tilstandar som kan påverke kommunikasjon, sosialt samspel og åtferd i ulik grad.
- Tidlegare blei ulike former for autisme delt opp i separate diagnosar, som Asperger syndrom og barneautisme. I dag omtales alle desse under eitt felles omgrep: autismespekterdiagnose (ASD). Vanlege kjenneteikn inkluderer vanske med sosial interaksjon, kommunikasjon og faste interesser, samt ei preferanse for rutinar og forutsigbarheit. Autismens uttrykk varierer sterkt mellom individ, og graden av utfordringar kan vere svært ulik frå person til person.
- Autisme kan ofte vere vanskelegare å diagnostisere hos jenter, då dei ofte uttrykkjer symptom på ein annan måte enn gutar. Jenter kan ha betre evne til å tilpasse seg sosialt, og dermed gå under radaren når det gjeld tidleg diagnostisering.
Kva er autisme?
Kjelder: ICD-11, Autismeforeningen
Diagnosetala skyt i vêret
Talet på barn og unge som får autismediagnose, har auka kraftig dei siste åra. For jenter er det flest nye tilfelle i gruppa 16–19 år. Der har andelen firedobla seg sidan 2010. For gutar er flest nye tilfelle i alderen 0–11 år. I 2022 hadde 1 prosent av gutane mellom 6 og 11 år diagnosen.
Veerle Garrels, professor i spesialpedagogikk ved OsloMet – storbyuniversitetet, peikar på fleire moglege forklaringar.

– Ei hypotese er at det har skjedd ei reell auke i førekomsten av autismespekterforstyrringar. Truleg på grunn av faktorar vi enno ikkje forstår fullt ut – som genetikk, epigenetikk eller påverknader i fosterlivet, til dømes miljøgifter.
Ei anna viktig forklaring er auka kunnskap og medvit i samfunnet. Vi er blitt flinkare til å oppdage autisme, og diagnosen omfattar i dag eit breiare spekter.
– Dermed vert fleire barn identifiserte og utgreidde tidlegare. Vi ser òg ein auke blant barn med ikkje-vestleg bakgrunn. Der verkar tilstandane ofte meir alvorlege, med utviklingshemming og fråvær av funksjonelt talespråk, forklarer Garrels.
Manglande kompetanse
Forskarane veit enno ikkje sikkert kva som forårsakar auken, eller kvifor det finst demografiske forskjellar. Lærarane står imidlertid midt i utviklinga.
– Lærarane sin kompetanse er heilt avgjerande, seier Garrels.
Autistar kjenner ofte på meir «grunnstress» i skulekvardagen, og dei har utfordringar med å filtrere sanseinntrykk.
– Viss læraren ikkje veit korleis ein skal leggje til rette for sensoriske utfordringar, kan det forverre situasjonen. Manglande kompetanse kan òg føre til åtferdsvanskar eller skulevegring.
Sensoriske utfordringar – over- eller underkjensle for inntrykk som lyd, lys, lukt og berøring – er vanlege blant autistar. Der dei fleste av oss prioriterer viktig informasjon som læraren si stemme, kan mange autistar oppleve alle lydar som like sterke.

Ei fersk undersøking frå Opinion, utført for Utdanning og Samarbeidsdesken, viser at:
Åtte av ti lærarar har undervist elevar med autisme.
Berre 36 prosent meiner elevane får god nok tilrettelegging.
43 prosent seier dei manglar kompetanse i korleis dei skal leggje til rette for dei.
Marte kjenner seg att:
– Eg hadde éi førelesing om autisme i lærarutdanninga. Det er ikkje rart lærarar kjenner seg usikre.
Lærarane i undersøkinga meiner dei viktigaste tiltaka for elevar med autisme er å styrkje laget rundt eleven, ha mindre klassar og fleire spesialpedagogar.



Autisme i skulen
- Ein autismespekterdiagnose (ASD) gir ikkje automatisk rett til ekstra timar eller støtte.
- Elevar som ikkje har tilfredsstillande utbytte av ordinær opplæring, har rett til spesialundervisning (paragraf 5-1 i opplæringslova).
- PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) greier ut behovet. Rektor fattar vedtak om spesialundervisning i samarbeid med føresette.
- Vedtak om spesialundervisning gir rett til ein individuell opplæringsplan (IOP) med realistiske og tilpassa mål.
- Spesialundervisning skal ikkje føre til færre undervisningstimar totalt.
- Dersom nærskulen ikkje kan gi eit forsvarleg tilbod, må kommunen finne eit alternativ i samarbeid med PPT og foreldre.
Kjelder: Utdanningsdirektoratet, Opplæringslova kap. 5, Statped, Autismeforeningen
Alvorlege konsekvensar
Marte meiner spesialpedagogikk burde vere obligatorisk i all lærarutdanning. Ho trur lærarar gjerne vil gjere meir for autistiske elevar.
– Ingen mister nattesøvnen over norskdidaktikk, men dei gjer det når dei tenkjer på elevar som slit. Det gjer vondt når ein ikkje kan gje dei det dei treng. Då byrjar ein fort å tvile på seg sjølv. Systemet sviktar ikkje berre elevane, det sviktar òg dei vaksne som prøver å hjelpe.
Om lag 43 prosent av barn og unge med autisme har hatt fråværsproblem, ifølgje ei norsk studie frå 2017. Manglande tilrettelegging er ein risikofaktor for alvorleg fråvær. Berre to av ti vaksne autistar er i ordinært arbeid. Å ikkje lukkast med tilrettelegging kan få alvorlege konsekvensar.
– Det handlar om liv og helse, seier Marte.
Ei svensk studie frå 2016 viser at gjennomsnittleg levealder for autistar er 54 år. Sjølvmordsraten er sju gonger høgare enn i befolkninga elles.
Læraren ho sjølv trong
Sjølv om ho ofte følte seg misforstått på skulen, valde Marte å bli lærar. I tillegg til norsk og kunst og handverk har ho kompetanse i samfunnsfag.
– Dei lærarane som såg og forstod meg, betydde alt. Eg ville bli den læraren eg sjølv trong.
I dag er ho ein aktiv stemme for autistar. Nyleg fekk ho SPISS-prisen, som vert delt ut til personar som har gjort meir enn forventa for autistmiljøet i Noreg. Ho skriv no masteroppgåve i spesialpedagogikk, der ho forskar på autistar som kamuflerer så godt at dei vert misforstått og feilbehandla – slik ho sjølv vart.
– Som lærar og autist har eg sett kvar skoen trykkjer frå begge sider.
Ho meiner det er avgjerande at skulesystemet lyttar til erfaringane til autistar.
– Når nokon trekkjer seg unna, handlar det ikkje nødvendigvis om latskap. Ein må lære seg å sjå bak åtferda, og det er det mange lærarar som ikkje har nok kompetanse i.
Tilrettelegging bør ikkje handle om å presse barn til å bli som alle andre:
– Fokus burde vere på trivsel, ikkje på å gjere autistar mest mogleg «normale». Skulen må vere fleksibel, møte autistar der dei er og gjere det trygt å vere annleis, meiner ho.
Marte Dalmo les frå si eiga diktbok om korleis det er å vere autist utan å vite det. Diktet heiter: Romvesen i menneskeklede

Elevmedverknad
Professor Veerle Garrels understrekar at autistiske elevar må få medverke i eigen skulekvardag. Når læraren er usikker, har ho eit tips:
– Som med alle elevar: Snakk med dei. Kva bryr dei seg om? Korleis kan ein bruke særinteresser i undervisninga? Kva fungerer, og kva er vanskeleg? Samtalene bør helst skje side om side, ikkje ansikt til ansikt – det reduserer belastninga frå augekontakt og kroppsspråk.
Ho rår også til å støtte sosiale ferdigheiter på ein skånsam måte – til dømes med enkle og trygge aktivitetar.
– Mange av desse elevane slit med einsemd og treng hjelp til å utvikle venskap. Det krev kunnskap om korleis ein balanserer sosial stimulans og inkluderer medelevane.
Skulen må tenkje langsiktig, meiner ho.
– Vi må førebu elevane på vaksenlivet – korleis ein oppfører seg i lunsjpausar, på møter eller julebord, og korleis ein regulerer stressnivået sitt. Dei treng eksplisitt opplæring i dette.
Autisme på pensum
Ruth Gravdal, leiar i Autismeforeningen, peikar på to hovudutfordringar:
– Det er utan tvil ein samanheng mellom kommuneøkonomi og det tilbodet elevane får.
Trass i at barna har dei same rettane, er det store lokale skilnader i om dei får det dei har krav på. I tillegg peikar ho på at det generelt er for lite kunnskap blant dei tilsette.
– Vi jobbar derfor for å få autismekunnskap inn på pensum i høgare utdanning for fleire yrkesgrupper.
Satsar på spesialpedagogar
Det har ikkje lukkast å kartleggje kor mange timar ein vanleg lærarstudent får om autisme. Men Utdanningsdirektoratet skriv i ein e-post:
– Gjennom Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis samarbeider 17 universitet og høgskular med praksisfeltet for å styrkje lærarutdanninga. Målet er å gjere nye lærarar betre førebudde.
Kompetanseløftet er ei nasjonal satsing frå regjeringa for å styrkje det spesialpedagogiske tilbodet. Kritikken er at det manglar ressursar, og at ansvaret vert skyvd over på lærarane utan nok støtte eller tid.
Presseansvarleg i Udir, Doris Amland, skriv at kommunane no satsar på vidareutdanning.
– Det er ein stor auke i prioritering og deltaking i vidareutdanning i spesialpedagogikk. I år har Udir godkjent over 1400 søknader frå lærarar.
Inkluderande skulebygg
Marte meiner kompetansen må opp, men saknar betre tilrettelegging av sjølve skulemiljøet for sansevarlege elevar.
– Vi bygg ramper og heisar, men gløymer støy, lys og store klasserom.
Ho ønskjer eit systemløft med betre akustikk, tilpassa lys og moglegheit for skjerming.
– Når lyd, lys og uro konstant slår mot deg, blir det nesten umogleg å vere sosial.
Universell utforming er viktig, særleg for dei som ikkje får individuell oppfølging eller individuell opplæringsplan (IOP). Ho uroar seg for dei som frå utsida verkar høgtfungerande.
– Difor treng vi tiltak som ikkje berre er retta mot enkeltelevar, men som gjeld alle.
Sjølv har ho fått ein roleg krok på lærarrommet. Ein skillevegg skjermer henne frå det opne kontorlandskapet, der stablar med bøker, raude permar, post-it-lappar, refleksvestar og gamal julepynt lever sitt eige liv.