Fleire vel yrkesfag

I fjor valde 46 prosent av vidaregåandeelevane yrkesfag, opp frå 44 prosent året før.

Publisert Sist oppdatert

Yrkesfaga har hatt vekst eller stabilitet i elevtalet av førsteklassingar dei første tre åra etter fagfornyinga, slår Utdanningsdirektoratet fast i ei ny evaluering.

Unntaket er helse- og oppvekstfag, der det har vore ein liten nedgang.

Vanskeleg i distrikta

Også i andre året er elevtala stabile. Men evalueringa peiker likevel på problem som kan gjere det vanskeleg å halde oppe elevtalet i distrikta på dette klassetrinnet. Fleire nye fagområde har gitt fleire små fagområde. Det kan gjere det vanskeleg å halde oppe eit desentralisert tilbod, fordi elevtalet blir for lågt på små skolar.

Høge forventningar

Eit fleirtal av lærarane som har svart på spørsmål i evalueringa, meiner endringane som er gjort har bidratt til høge forventningar om kva elevane skal kunne etter vg2. Samstundes er det fleirtal blant lærarane for å slutte opp om at det er god samanhang mellom kjerneelement, kompetansemål og orverordna del av læreplanen.

Over halvparten av elevane som svarte på spørsmål knytt til undersøkinga, svarte at den faglege fordjupinga har gjort dei meir motiverte til å fullføre opplæringa.

Powered by Labrador CMS