Kontaktlæraren og klasseskiljet

Debatt: I vaksenopplæringa heiter det ikkje «elevar», men «deltakarar». Dette bør endrast i ny opplæringslov som blir presentert våren 2023.

Publisert Sist oppdatert

Klasseskiljet eg her snakkar om, er mellom skuleklassane. I og med ny arbeidstidsavtale frå januar i år har vi fått eit A-lag og eit B-lag når det gjeld kontaktlærarfunksjonen. A-laget er kontaktlærarane i grunnskulen, og B-laget er kontaktlærarane i vidaregåande opplæring. Vi har eit lag til, som vi kan kalle «C-laget», det er dei som har ansvaret for deltakarane i vaksenopplæringa si vidaregåande opplæring.

Grunnskulelærarane har fått dobla tida som er avsett for kontaktlæraren, frå 45 til 90 minutt i veka. I tillegg er det opning for å ta av tidsressurspotten og gje enda meir tid til kontaktlæraren.

På vidaregåande er det ikkje so farleg med kontaktlæraren, KS meiner at ein der skal klare seg med dei 45 minutta grunnskule har hatt før, men ein har styrka tidsressursen med 15 minutt som kan gjevast til kontaktlærarane.

Vaksenopplæringa har det verst. Dei får ikkje ein gong lov å kalle elevane sine for «elevar», men det pussige namnet «deltakar». Både grunnskule og vidaregåande har eit sentralt kontaktlærartillegg som gjev ekstra løn, og høve til eit lokalt kontaktlærartillegg. Desse vert refundert av arbeidsgjevar, og gjev dermed ikkje ein tilleggskostnad når alle rekningane skal betalast frå «den store sekken».

Les også: Vi i voksenopplæringen kan miste alle rettighetene våre

So lett slepp ikkje vaksenopplæringa. Der ein vel å gje deltakarane ein kontaktlærar, må denne finansierast frå den store sekken, og vert ikkje refundert. Det er dermed ein tilleggskostnad som gjer at det ikkje er alle deltakarar som får kontaktlærar på lik line med skuleverket elles.

Dette er ei grell, meiningslaus og urettvis forskjellsbehandling. Alle som mottek undervisning på grunnskule- og vidaregåande nivå bør først og fremst kallast det same: «elevar». Dette er det høve til å få på plass med ny opplæringslov, som blir presentert våren 2023. Alle elevar må ha rett til kontaktlærar, og alle skular må få dei same økonomiske rammetingingar for sin kontaktlærarpraksis.

Kvifor? Fordi alle elevar, uavhengig av skuleslag, treng ein person som følger opp utfordringar i kvardagen. Både i barneskulen, ungdomsskulen og i vidaregåande er det ein omsorgsbit og ein fagleg bit i kontaklærarfunksjonen. Korleis du har det, heng saman med korleis du gjer det, uansett alder og skuleslag. Kontaktlæraren er heilt avgjerande for å lose flest mogleg gjennom utdanningsløpet. Ein kompetent og empatisk person som har tid avsett til den forløysande samtalen i krisesituasjonar, og som har tid til å følgje opp sosiale og faglege utfordringar i kvardagen; alle dei fartsdumpane som står mellom det eleven ønskjer å få til og det eleven får til.

Uansett skuleslag er det nokre som treng mykje oppfølging, medan andre stort sett klarar seg sjølv. Kvart skuleslag har sine utfordringar. Grunnskulen med den krevjande kognitive og biologiske prosessen frå barn til ungdom, fram til val av vidaregåande opplæring. I vidaregåande opplæring vert det sagt at det faglege har meir fokus, men òg her er den mellommenneskelege kontakten mellom eleven og ein engasjert vaksen som kjenner skulen sine krav, avgjerande for personleg og fagleg vekst.

I vidaregåande opplæring for vaksne møter ein fleire elevkategoriar, det er dei norskfødde som ikkje gjennomførte vidaregåande opplæring samstundes med sine jamaldringar, du har dei som vil ha ei ny vidaregåande opplæring og du har minoritetsspråklege som ønskjer å studere ved norske høgskular eller universitet. Det er ikkje ei homogen gruppe. Det som er felles for alle elevane, er at dei treng ein kontaktperson å kome til med små og store spørsmål og utfordringar. Denne personen må òg ha tid til å prate med den einskilde, og økonomisk vederlag for denne tida.

Ny opplæringslov gjer det mogleg å skjære gjennom denne hengemyra av diskriminering, og gje grunnskuleelevar, elevar i vidaregåande skule og deltakarar (sic) i vaksenopplæringa den vørdnad dei har krav på so lenge dei er i utdanning. Vørdnaden heiter kontaktlærar med likt avsett tid, og like godt kontaktlærartillegg til alle skular. Om du er Tone på 12, Sivert på 17 eller Farad på 42, har du krav på like god opplæring og like gode rettar. Eit rettvist lovverk er den einaste garantisten for jamstilling i kvardagen.

Har vi ei regjering med innsikt og handlekraft til å få vekk kontaktlæraren sitt A-lag, B-lag og C-lag? Kanskje kunnskapsminister Brenna bør ta ein titt over skuldrane på skriveknektane som sit i sine departementale løynderom og utformar ny opplæringslov. Det er ikkje godt å vite kva dei kan finne på å skrive på eiga hand.

Powered by Labrador CMS