Hannah Knudsen Atterås (til venstre), Synneva Hegland og Amalie Petterson Sandvik kastar papirfly under aktivitetsdagen som elevmentorane arrangerte.

Kicker

Eit nytt valfag har fått ned mobbetala ved Voss ungdomsskule

Etter at valfaget «Draumeskulen» vart innført, har det blitt mindre mobbing og hærverk ved Voss ungdomsskule.

Publisert

– Eg hadde lyst til at dei nye 8.-klassingane skulle få ein så «smooth» overgang frå barneskulen som mogleg, seier Thea Haugstvedt om kvifor ho valde valfaget Draumeskulen i 10. klasse på Voss ungdomsskule i Vestland.

– Eg trur det viktigaste vi har gjort i år, var dei første vekene vi hadde med 8. klasse, då vi bidrog til at dei blei fort kjent med kvarandre og skulen, seier Fryd Synnøve H. Kaland, før ho instruerer nokre elevar som skal brette papirfly.

Dei to 15-åringane har vore elevmentorar for 8.-klassingar heile skuleåret, etter modellen «Drømmeskolen», som er utvikla av organisasjonen Voksne for barn. Voss ungdomsskule har gjort Draumeskulen til eit eige valfag, som ein variant av valfaget «Innsats for andre».

Denne dagen har dei 27 elevane som tar faget arrangert aktivitetsdag for heile skulen. Dagen skal avsluttast med finale i papirflykonkurransen.

Les også: Drømmeskole med kortere dager

Hadde mange utfordringar

Voss ungdomsskule får elevar frå åtte ulike barneskular. Det betyr mange nye ansikt, og overgangen frå ein liten barneskule kan vere vanskeleg. Dei siste åra har skulen hatt ein auke i fråvær, skulevegring, psykiske vanskar og ulike spesialbehov. I elevundersøkingar har skulen lege litt lågt på motivasjon og trivsel.

– Det kan mellom anna handle om at mange ungdommar ikkje opplever alle teorifaga som så veldig relevante. Voss er ei jordbruksbygd, og mange ungdommar vil arbeide med praktiske fag etter enda skulegang, påpeikar rektor Claus Røynesdal.

– Ein lærer best når ein er trygg, seier Claus Røynesdal, rektor ved Voss ungdomsskule

Mobbing trur han derimot at det er lettare å påverke, og han meiner det ser det ut til at elevmentorane har klart.

Den siste elevundersøkinga viste ein markant nedgang i mobbinga ved skulen. Berre 1,6 prosent av dei som svarte på undersøkinga, sa at dei hadde blitt mobba av andre elevar den siste månaden. Dei førre to åra svara 9,8 og 7,2 prosent ja på dette.

Les også: Generasjonsmøter som grunnlag for videre yrkesfag

– Gjev betre læring

Røynesdal er ikkje i tvil om at nedgangen i mobbing heng saman med at skulen har hatt Draumeskulen dei siste åra. Han trur òg at valfaget verkar inn på læringa.

– Ein lærer best når ein er trygg, og det å vere integrert i eit fellesskap er ein føresetnad for å møte opp, seier han.

Han er lett å be når elevmentorane ønskjer å arrangere temadagar eller sosiale aktivitetar, som aktivitetsdagen før sommarferien.

– Det er kjekt å riste saman gruppa og få til eit godt samhald før vi skal avslutte skuleåret. Det er ekstra kjekt at det er ungdommar som har laga arrangementet, seier han.

Claus Røynesdal synest at skulen gjennom valfaget har fått til ei god form for ung-til-ung-formidling. Forma på valfaget gjer at både dei som tar faget og andre elevar lærer om dei tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, og folkehelse og livsmeistring.

8.-klassingen Gard Hestvik Furnes gjev alt i kanonballkampen. Han er glad for at klassen har hatt eldre elevar som mentorar. – Det er lettare å prate med dei om ting enn med lærarar, seier han.

Vil hindre at nokon fell utanfor

Voss ungdomsskule er ein av 15 skular som har valt å vie heile valfaget «Innsats for andre» til Draumeskulen. Generalsekretær Signe Horn i organisasjonen Voksne for barn skryt av ungdomsskulen.

– Dei har bidrege til ein rettleiar som vi no lagar om korleis Draumeskulen kan fylle valfaget innsats for andre, seier ho.

Voksne for barn utvikla Draumeskulen for å realisere satsinga på livsmeistring i skulen, og det er særleg aktuelt med det nye læreplanverket.

– Utanforskap er kjempetrist for den enkelte og dyrt for samfunnet. Det å løfte heile klassemiljø, skular og kommunar er den beste måten å hindre at nokon hamnar utanfor, seier Horn.

Faglærar for Draumeskulen, Anne-Siri Bauthus, er glad for at aktivitetsdagen vart vellukka. Ho sov dårleg natta før, innrømmer ho.

Elevane tar ansvar

Rådgjevar og faglærar for Draumeskulen, Anne-Siri Bauthus, synest det har vore ein stor fordel å ha programmet som eit valfag.

– I starten hadde vi Draumeskulen som eit prosjekt, men då måtte vi jo ta elevmentorane ut frå andre timar. No som det er eit valfag, får elevane mykje meir tid til å tenkje gjennom den rolla dei har som førebilete, og vi får meir tid til å jobbe med haldningar og verdiar. I tillegg har vi lærarressursar og tid til å planleggje og førebu faget, seier ho.

Natta før den store aktivitetsdagen fekk ho lite søvn, men litt utpå dagen innser ho at ho ikkje hadde trengt å vere nervøs. Elevane tar ansvar for alle aktivitetane, og ho og dei andre lærarane kan vere publikum og slappe av.

– Det gjev oss ein sjanse til å vere i lag med elevane på litt andre premiss enn vanleg, seier ho.

Bauthus synest det er heilt fantastisk å vere lærar for dei 27 elevane som har valfaget, og som dermed er elevmentorar for 8.-klassingane.

– Når eg kjem inn i klasserommet, sit dei og ventar på meg, klare til å jobbe. Dei har mange klare tankar om kva dei vil bruke tida til, seier ho.

Intervjuar kandidatane

Læraren kan velje og vrake mellom motiverte elevar. Elevane har ti-tolv ulike valfag å velje mellom, men ein tredjedel av 9.-klassingane ønskjer å ha Draumeskulen som valfag frå hausten av. Bauthus tar det som eit teikn på at dei sjølv har hatt glede av ordninga med elevmentorar, og at dei no ønskjer å gjere det same for andre.

Denne våren har ho intervjua 55 9.-klassingar og vald ut 27 av dei til valfaget. Då er klassen smekkfull av elevar som har eigne idear om korleis dei kan bidra til Draumeskulen.

Elevane har hatt stor fridom til å velje korleis dei skal jobbe for å nå måla om inkludering, auka trivsel og mindre mobbing. I timane diskuterer dei ulike tema som dei kan ta opp i 8.-klassane som dei er elevmentorar for. Frå Voksne for barn har dei ferdige hefte om ulike tema som dei kan bruke.

– Før var eg ikkje så veldig glad i å snakke framfor folk. No går det heilt fint, seier Fryd Synnøve H. Kaland.

Motiverte av å få bestemme

I tillegg til gleda over å hjelpe andre er det ein ting Fryd og medelev Thea Haugstvedt trekkjer fram som ekstra kjekt med valfaget:

– Vi har fått bestemme mykje sjølv. Viss lærarane hadde fortalt oss korleis vi skulle gjere ting, hadde det vore meir som ei oppgåve, meiner dei.

Elevmentorane har mellom anna bakt lussekattar og laga hjarte til alle 8.-klassingane på valentinsdagen. Dei har òg hatt arrangement for heile skulen, som konsert, pølsefest og aktivitetsdag. I tillegg har dei vore i klassane og diskutert ulike tema som kan ha betydning for elevane sin trivsel.

Mindre hærverk

Nokre 8.-klassingar har ein liten pause frå kanonballkampen, som 10.-klassingane arrangerer og dømer. Dei tenkjer tilbake på skuleåret som nærmar seg slutten, og minnest at elevmentorane kom inn i klassen for å snakke om hærverk. Skulen hadde hatt meir hærverk enn vanleg i ein periode. Etter at elevmentorane tok opp temaet, vart problemet mindre. 8.-klassingane Abel Kvelvane, Ellinor Rekve Ødegård, Anders Horvei og Gard Hestvik Furnes trur at elevmentorane kan ha bidratt til å redusere hærverket.

– Det er vanskelegare å ta lærarar seriøst enn andre elevar som har vore i same situasjon som oss, seier Gard Hestvik Furnes. Dei trur generelt at elevmentorane har god effekt på skulemiljøet.

– Eg trur vi har blitt betre kjent med kvarandre enn vi ville blitt på ein vanleg skule, seier Ellinor Rekve Ødegård.

Aller best hugsar ho at elevmentorane leika med dei på starten av skuleåret.

– Leikar gjer at vi blir betre kjent, seier ho.

Kristian Eikeland, Mari Bryn og Cato Vivås er lærarar på 8. trinn. Dei synest det er positivt at valfaget Draumeskulen gjer at elevane møtest på tvers av trinna.

Får meir samarbeid på tvers

8.-klasselærarane Mari Bryn, Cato Vivås og Kristian Eikeland har forståing for at det er annleis for elevane å få høyre noko frå medelevar enn frå lærarar. Dei ser òg at Draumeskulen har lagt til rette for positive møte på tvers av klassetrinna.

– Vi jobbar jo alltid med klassemiljøet, men i dei vanlege faga er det ikkje naturleg med samarbeid på tvers slik dei får oppleve no, seier Vivås.

Dei tre lærarane synest det er lett å setje av tid til aktivitetane som elevmentorane tar initiativ til. Dei skulle likevel gjerne hatt klassens time attende på timeplanen for å få meir tid til å jobbe med det sosiale miljøet.

– Det er viktig å følgje opp temaa som elevmentorane tar opp. Det burde vi kanskje gjort meir, seier Bryn.

Dei tre lærarane skryt av aktivitetsdagen som elevmentorane arrangerer.

– Slike aktivitetar kan nok vere med å bidra til betre skulemiljø, seier dei.

Til slutt er det tid for finale i papirflyging. Elevar, lærarar og rektor møter opp på skuleplassen for å heie. Finalistane er ikkje redde for å vise seg fram for medelevar frå heile skulen. Fleire showar litt før dei sender flya så langt dei klarer, til ein applaus som ser ut til å vere retta både til finalistane og elevmentorane.

Powered by Labrador CMS