førsteklassing
lekser
skrive
illustrasjonsbilde

Stortinget kjem truleg ikkje til å be om meir kunnskap om lekser

SV og Raudt blir sannsynlegvis dei einaste partia som røyster for framlegget om å gjennomgå og vurdere erfaringane med å erstatte heimelekse med skolelekse.

Publisert Sist oppdatert

Alt før saka er komen opp til votering i Stortinget i dag har kunnskapsminister Tonje Brenna meldt tilbake til Utdanningskomiteen at ho ikkje har planar om ei felles undersøking om erfaringar frå leksefrie skolar nå. Ho viser til at det er mange lokalt initierte utprøvingar rundt om i skolane, og at evalueringane også i så stor grad som mogeleg bør skje lokalt.

Feirtalet i komiteen trekk i sin argumentasjon fram at Brenna også understrekar at det er skolen sjølv som avgjer om det skal vere lekser, og i så fall korleis lekseordninga skal vere. Dei minner dessutan om at leksespørsmålet vil vere sentralt i arbeidet med ny opplæringslov.

Fleirtalet viser dessutan til høyringssvara frå Utdanningsforbundet og Skolenes Landsforbund, som kallar debatten om lekser for ein viktig debatt.

Likevel støttar fleirtalet i komiteen ikkje framlegget frå SV, der det heiter at:

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå og vurdere erfaringene med å erstatte hjemmelekser med skolelekser samt legge til rette for kommuner og skoler som ønsker dette, i tett dialog med lærere, elever og kommuner.»

Powered by Labrador CMS