Kan bli nestleiar eller forsvinne frå UDF sentralt

Ann Mari Milo Lorentzen er innstilt som ny nestleiar i Utdanningsforbundet. Men om ho ikkje blir vald, forsvinn ho frå forbundet sentralt.

Publisert Sist oppdatert

Ann Mari Milo Lorentzen er foreslått som andre nestleiar av valkomiteen til valet under landsmøtet i UDF 6.-9. november.

Men valkomiteen har lagt fram to innstillingar. I den eine foreslår valkomiteen to nestleiarar, Terje Vilno frå vidaregåande skole og Ann Mari Milo Lorentzen frå barnehage. Den andre innstillinga er laga for eit sentralstyre med berre ein nestleiar. Valkomiteen foreslår Terje Vilno på denne plassen. Og Ann Mari Milo Lorentzen er ikkje foreslått til noen sentralstyreplass på denne lista. 

Ann Kathrin Mulstad, barnehagelærar og fylkesstyremedlem i UDF Trøndelag, står på valkomiteens liste over kandidatar til sentralstyret, berre på lista med ein nestleiar.

På spørsmål frå Utdanningsnytt om dette tyder at ho ikkje vil sitje i styret i Utdanningsforbundet om ho ikkje kjem med i leiinga, svarar Lorentzen slik:

– Eg har sagt ja til å stille til val som første eller andre nestleiar. At eg ikkje står på valkomiteens liste over sentralstyremedlem med ein nestleiar, er ein konsekvens av det.

Vil ta med erfaringar inn i leiinga

Ann Mari Milo Lorentzen har vore sentralstyremedlem i åtte år og seier ho er takksam for det. Dei åra har gitt ho erfaringar og kompetanse som ho nå er motivert til å ta med vidare som ein del av leiinga i organisasjonen, skriv ho i melding til Utdanningsnytt.

I Utdanningsforbundet sine vedtekter står det at sentralstyret skal ha 13 medlem. Det skal omfatte ein leiar og ein eller to nestleiarar. Landsmøtet må difor røyste over kor mange nestleiarar det skal vere. 2009 var første gongen Landsmøtet valde to nestleiarar. Fram til da hadde UDF hatt ein nestleiar.

Les også: Geir Røsvoll ser Utdanningsforbundet nedanfrå og opp 

Powered by Labrador CMS