– Geir Røsvoll ser Utdanningsforbundet nedanfrå og opp

Leiar i valkomiteen, Ottar Stordal, er full av lovord om mannen dei meiner bør ta over roret i Utdanningsforbundet. 

Publisert Sist oppdatert

Mandag formiddag kom nyheita om at valkomiteen innstiller Geir Røsvoll som ny leiar i Utdanningsforbundet. Som nestleiarar innstiller komiteen Terje Vilno som første nestleiar og Ann Mari Milo Lorentzen som andre.

Geir Røsvoll er leiar for fylkeslaget til Utdanningsforbundet i Trøndelag og representerer grunnskolelærarane. 

Terje Vilno er varamedlem i Sentralstyret i Utdanningsforbundet, og var leiar for Utdanningsforbundet Oslo i tre periodar fram til 2015. Han arbeider i vidaregåande skole. Ann Mari Milo Lorentzen sit i Sentralstyret, kjem frå Troms og representerer barnehagelærarane.

Strateg

Ottar Stordal, leiar for valkomiteen i Utdanningsforbundet er full av lovord om han som kan ta over etter Steffen Handal. Sterkt engasjement, lang erfaring, tydeleg og inkluderande, er ord han bruker. 

– Røsvoll er ein svært dyktig strateg og flink med politisk påverkingarbeid. Han har, på ein god måtte, bygd det nye fylkeslaget i Trøndelag etter samanslåinga av dei to tidlegare Trøndelagsfylka. Han står støtt både i oppvekstpolitikk og i fagrørslepolitikk, seier Stordal.

Geir Røsvoll.

– Geir Røsvoll er oppteken av å sjå organisasjonen nedanfrå og opp, ikkje ovanfrå og ned, understrekar komiteleiaren.

Forhandlingskompetanse

Geir Røsvoll var den som fekk klart flest røyster da fylkesstyra skulle seie kven dei meinte burde blir leiar i UDF.

 Fire fylkeslag hadde foreslått Terje Vilno, som valkomiteen nominerer til første nestleiar, som ein av tre i leiartrioen. Sentralstyremedlem Thom Jambak vart foreslått i leiartrioen av åtte lag. Båe kjem frå vidaregåande skole og det sentrale Austlandet.

– Ein viktig grunn til at valkomiteen innstiller Vilno i leiinga er forhandlingskompetansen hans, seier Stordal.

Oslo er ikkje med i KS, og Terje Vilno har i sine tre periodar som leiar i UDF Oslo leia tarifforhandlingane for medlemmane der.

– Det spesielle med dette valet er at heile den sittande leiartrioen trekk seg, understrekar Stordal. 

– Da meiner valkomiteen det er viktig å sikre at det er solid forhandlingskompetanse i den nye leiinga. Ingen av dei andre kandidatane til Sentralstyret har forhandlingserfaring i same grad som Vilno. 

Konstruktiv og samlande, kan heile utdanningsfeltet, dyktig på organisasjonsutvikling er andre eigenskapar han tekk fram som avgjerande for innstillinga om Terje Vilno.

– Vilno har dessutan sagt seg villig til å tre inn som leiar om den valde leiaren ikkje kan fullføre perioden, seier Stordal. 

Leiing med berre med

Ann Mari Milo Lorentzen frå Troms og barnehagesektoren er framlegget frå valkomiteen på andre nestleiar. Ho sit i dag i Sentralstyret.

– De har og eit framlegg til leiing dersom Landsmøtet vel å ha berre ein nestleiar. I det framlegget frå valkomiteen får det kvinnedominerte Utdanningsforbundet ei leiing av to menn. Går det?

– Valkomiteen ser den utfordringa, og vi er budde på diskusjonen. Valkomiteen har lagt vekt på at det er viktig med denne kompetansen i leiinga, og difor bør det bli slik denne gongen, seier Stordal.

Om Landsmøtet i Utdanningsforbundet føljer innstillinga frå valkomiteen vil 8 av dei 13 landsstyremedlemmene vere nye. Komiteen har i arbeidet med innstillinga blant anna intervjua 45 ulike kandidatar.

At meir enn halvparten av sentralstyremedlemmene blir bytta ut etter dette landsmøtet kallar Stordal ein spesiell situasjon.

Fleire yngre

– Vi har arbeidd medvete for å få inn yngre kandidatar, og for at gjennomsnittsalderen i Sentralstyret skal ned, , seier Stordal. 

I framlegget frå valkomiteen vil det nyvalde styret ha en gjennomsnittsalder på i overkant av 50 år. Det er lågare enn gjennomsnittsalderen da det styret som sit i dag vart vald. Yngst er Linn Therese Myhrvold, 34 år og leiar Utdanningsforbundet Østre Toten.

– 30-åringar og 60-åringar tenkjer ikkje likt. Difor er det viktig å ha breidde, seier Stordal, før han understrekar at alder aldri har trumfa kvalitet i vurderingane til valkomiteen.

Politisk val

– Er det politisk usemje blant kandidatane, eller blir vala til sentralstyre reine personval?

– Det blir heilt klart val mellom personar som meiner ulikt. Eitt spørsmål det ikkje er semje om, er om skolelærarane bør få eit eige forhandlingkapittel i KS-forhandlingane. Da vil dei ikkje lenger vere i same kapittel som til dømes barnehagelærarane og sjukepleiarane. Eit anna er korleis UDF bør fordele balansen mellom profesjonspolitikken og fagrørslepolitikken.

– Så det kjem nok ganske sikkert benkeforslag, hell han fram.

– Det er bra, slik skal det vere i ein demokratisk organisasjon, konkluderer komitéleiaren.

– Gler du deg til Landsmøtet?

– Ja! Rett nok blir det vanskeleg å vere der utan talerett, men eg er svært spent på valet, avsluttar Ottar Stordal.

Desse er innstilt som medlem av Sentralstyret (i tillegg til leiar og to nestleiarar):

 

Anita Holm Cirotzki, barnehage, Vestland

Christian Evenshaug, grunnskole, Buskerud

Ida Næss Hjetland, FAS Oslo

Inger Grødem Haraldsen, barnehage, Rogaland

Linn Therese Myrvold, grunnskole, Innlandet

Maja Henriette Jensvoll, UH, Nordland

Morten Skauen Sørmo, videregående, Østfold

Thom Jambak, videregående, Akershus

Thomas Nordgård, grunnskole, Troms

Turid Buan Øfsti GSK Trøndelag

Powered by Labrador CMS