Ann Mari Milo Lorentzen, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, er blant dei som har takka nei til å stille som ny UDF-leiar.

Fleire kvinner takka nei til toppleiarkandidatur

Tre av fire kvinner som vart foreslått som toppleiarkandidatar i Utdanningsforbundet, sa nei. Alle dei fem mennene som vart foreslått, takka ja.

Publisert Sist oppdatert

Sentralstyremedlem og leiar i utval for likestilling og mangfald i Utdanningsforbundet, Ann Mari Milo Lorentzen, sentralstyremedlem Marit Himle Pedersen og leiar for UDF Bergen, Bente Ingeborg Myrtveit, var alle foreslått av fylkesstyremøta som kandidatar til ny toppleiar i Utdanningforbundet. Men alle takka nei. Den fjerde kvinna, Bjørg Melbø Ratvik, tilsett i det sentrale sekretariatet i UDF, sa ja.

Hadde helst sett at fleire kvinner stilte

– I ein organisasjon der meir enn 70 prosent av medlemmane er kvinner, skulle eg helst sett at fleire kvinner stilte som leiarkandidatar, seier Ann Mari Milo Lorentzen, leiar i utval for likestilling og mangfald i Utdanningsforbundet.

– Alle dei fem mennene som er blitt foreslått , har sagt ja til å stille. Men tre av dei fire kvinnene har sagt nei. Kva kan grunnen vere?

– Det vil eg ikkje spekulere i.

– Men ei av dei tre er jo deg?

– Ja, det stemmer, seier Ann Mari Milo Lorentzen .

– Røsvoll er betre

– Eg har tatt til orde for Geir Røsvoll som ny leiar i Utdanningsforbundet. Han er ein betre leiarkandidat enn meg, difor stiller eg ikkje, seier Bente Ingeborg Myrtveit, leiar i Utdanningsforbundet Bergen.

– Eg har stått i så mange streikar her i Bergen at eg ikkje har lyst til å ta på meg eit enda større ansvar for slikt. Men eg har ikkje sagt nei fordi eg trur at eg som kvinne ikkje hadde klart jobben, understrekar ho.

Vil bu på Vestlandet

– Det er ei ære å bli foreslått som toppleiarkandidat, og det er dumt når kjønnsbalansen blir slik han er nå, seier Marit Himle Pedersen.

– Men eg hadde alt bestemt meg: Eg var blitt bedt om å bli kontaktperson for grunnskole i Utdanningsforbundet Vestland, og eg vil heller det enn å halde fram i sentralstyret og bu mest i Oslo, seier Pedersen, som ikkje tar attval som sentralstyremedlem.

– Tanken på å skulle vere leiar i Utdanningsforbundet skremmer meg ikkje. Men han tiltalar meg heller ikkje, eg vil gjere andre ting, seier ho.

To menn vart foreslått som kandidatar til «leiarar», utan at det vart spesifisert kva for leiarposisjon det var snakk om. Christian Evenshaug, leiar for Utdanningsforbundet Drammen, har sagt nei til det, men stiller som kandidat til sentralstyret. Den andre, Leif-Inge Austerheim Westbø,  Utdanningsforbundet Akershus, stiller som kandidat til nestleiarvervet og vervet som styremedlem.

Kvinnedominert organisasjon

  – Naturlegvis burde kvinneandelen av kandidatar til toppleiarvervet i ein klart kvinnedominert organisasjon vore større. Men det er desse seks fylkeslaga har foreslått og som har sagt ja, seier leiar i valkomiteen Ottar Stordal til Utdanningsnytt.

– Kan valkomiteen framleis setje fram nye namn til leiarkandidatar?

– Vi kan dra opp nye namn til alle verv, om vi meiner det er klokt, seier han.

Ifølgje vedtektene til Utdanningsforbundet skal sentralstyret ha minst 50 prosent kvinnelege medlemmer. Men vedtektene seier ikkje noe om kjønnsfordelinga i leiargruppa. Skulle vala ende opp med at alle dei tre leiarane er menn, er vedtektene fylgde om kvinnene likevel utgjer femti prosent av det totale styret.

Inga medlemsgruppe med fleirtal

Når det gjeld medlemsgrupper, seier vedtektene at det skal vere ei rimeleg fordeling mellom medlemsgruppene. Inga gruppe skal ha fleirtal. Det tyder at den største medlemsgruppa, grunnskolelærarane, ikkje kan ha fleire enn 6 av dei 13 plassane i sentralstyret.

Det er ikkje vedtekter for fordelinga av medlemsgrupper blant leiarane i sentralstyret.

Powered by Labrador CMS