Arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) er den som skal vurdere om lærarstreiken skal til tvungen lønnsnemnd eller ikkje.

Dette er tvungen lønnsnemnd – steg for steg

Arbeidsminister Marte Mjøs Persen er den som skal vurdere om lærarstreiken skal til tvungen lønnsnemnd eller ikkje.

Publisert Sist oppdatert

,Arbeids- og inkluderingsdepartementet har det øvste ansvaret for å følgje utviklinga i ein arbeidskonflikt. Fagdepartementa har likevel ansvar for å følgje utviklinga på sine område.

Spørsmålet arbeidsministeren må ta stilling til, er om konflikten får konsekvensar for liv, helse eller andre alvorlege samfunnsmessige konsekvensar.

At barns rett til opplæring ikkje blir innfridd, kan vere ein alvorleg samfunnsmessig konsekvens.

Les også: Regjeringen har innkalt partene i lærerstreiken – kan bety tvungen lønnsnemnd

Forbyr vidare streik

Finn arbeidsministeren at streiken får alvorlege samfunnsmessige konsekvensar, fremjar ministeren ei eiga sak for Stortinget der innhaldet er at vidare streik i denne konflikten blir forbode. Da kallar vi det at det blir fremja tvungen lønnsnemnd.

Det er inga lov som regulerer retten Arbeidsministeren har til å be om ei slik lov.

Avbryt streiken

Lova som forbyr den gjeldande streiken gjeld ikkje før ho er vedtatt. Difor kan streiken fortsette fram til Stortinget har gjort sitt vedtak om å stoppe streiken. Men vanleg praksis er at dei streikande avsluttar streiken når arbeidsministeren fremjar slikt framlegg.

Om ikkje Stortinget kan handsame saka avgjer regjeringa tvungen lønnsnemnd utan å ta det opp i Stortinget først.

I Stortinget er det møtefri mellom midten av juni til starten av oktober kvart år. I haust er første plenumsmøte i Stortinget 3. oktober.

Siste tilbod frå arbeidsgivar

Skulle det bli eit fleirtal i Stortinget som stemmer imot tvungen lønnsnemnd, vil streiken halde fram. Seier fleirtalet ja, blir det Rikslønnsnemnda som avgjer det endelege utfallet av lønnsoppgjeret i kroner og øre.

Riklønnsnemnda er ei fast nemnd, nedsett av regjeringa for tre år om gongen. Nemnda har ein leiar og seks medlem. Tre er faste, nøytrale medlem. To er faste medlem frå arbeidslivet, i praksis frå LO og NHO. Partane i den aktuelle tvisten peikar ut to medlem kvar.

Nemnda avgjer korleis tariffavtala skal bli. Det vanlege er at resultatet av tvungen lønnsnemnd blir likt med det siste tilbodet arbeidsgivar la på bordet i forhandlingane.

Den første lønnsnemndslova blei vedtatt i 1952. Sidan har om lag 150 arbeidskonfliktar slutta i tvungen lønnsnemnd.

Kjelder: Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Utdanningsforbundet

Powered by Labrador CMS