IMAGO/haertelpress
Tyske lærarar krev 10,5 prosent lønnsauke
Lærarorganisasjonar i Tyskland viser til stor lærarmangel og aksjonerer for høge lønnstillegg.
Tysdag 28.november
er den store dagen for lærarane sin aksjon for kravet. Det er «utdanningadagen»
i dei «åtvaringssteikane», «Warnstreiks», som nå går over Tyskland. Da skal lærarane ut på gatene og demonstrere. Men
lærarane har alt aksjoner fleire stader i Tyskland, ifølgje blant andre fagorganisasjonen Gewerkschaft Erziehung und Wissenschaft, Fagrørsle for oppseding og vitskap.
Argumenta
lærane nyttar for dette kravet er lærarmangelen. Dei kan til dømes vise til utreikningane til den renommerte
utdanningsforskaren Klaus Klemm. Ifølge han
vil Tyskland mangle 40 000 lærarar i 2025, og 85 000 lærarar i 2035. Mangelen
er størst i faga matematikk, kjemi, fysikk, musikk og forming, og for klassetrinna
femte til niande. Bemanningssituasjonen i barnehagane er også svært
vanskeleg.
2,5 millionar arbeidstakarar
Lønnsforhandlingane som pågår nå, og som lærarane er ein del av, gjeld til saman 25 millionar arbeidstakarar i offentleg teneste i heile Tyskland. Lønnskravet er det same for alle gruppene, og dei vil ha heile prosentauken i dette oppgjeret.
Medan
forhandlingane pågår har dei ulike arbeidstakarorganisasjonane aksjonar. Det
inkluderer åtvaringsstreikar. For medlem i fagforeiningar er det lovleg, men
frivillig å delta i slike streikar. Foreninga kan ikkje krevje deltaking. Det
har alt vore slike lærarstreikar ulike stader, men 28. november er den store
streikedagen.
Barnehagetilsette
og lokomotivførarar er døme på yrkesgrupper som alt har gjennomført åtvaringsstreikar.