Lærarverdi og underprising

Debatt: Skulestarten er her, samstundes som vi lærarar er i ein streik under opptrapping.

Publisert Sist oppdatert

Sidan streiken vart iverksett før sommaren, har vi fått tala frå Samordna opptak, som viser kor «populært» læraryrket er. Det viser at yrket er i krise. Bakgrunnen for det er nok mangslungen, sjølv om ein aldri kjem vekk frå at det handlar om status, og status til alle yrke stig synkront med løns- og arbeidsforhold.

Dette er ein oppdatert versjon av et innlegg som vart publisert i Dag og Tid 12. august.

Lærarar har for låg løn og eit oppdrag som aldri har vore meir ambisiøst og krevjande. Arbeidsgjevar ved KS vil bøte for dette med å gje mest pengar til dei nyaste lærarane, medan dei som står i og har stått i yrket i årevis, får ei lønsutvikling som aldri har hatt større avstand til prisutviklinga. Vi som faktisk driv skulen, må rykke mange plassar tilbake i køa og opplever ein brutal lønsnedgang målt i kjøpekraft, samanlikna med dei som etter kvart tek over stafettpinnen.

Les også: Fafo-forsker: – Lærerstreiken kan bli langvarig

Moglege lærarstudentar er ikkje dumme, dei kan lese i ordskiftet korleis lærarane har blitt handsama av arbeidsgjevaren i mange år. Under førre regjering var det «draumelærarkonstruksjonen» som forsura kvardagen vår, gjennom å pukke på at vi ikkje var gode nok som vi var, men trong vidareutdanning i bøtter og spann for å bli gode nok. No er det KS som er på ballen med å selje oss med utdanning og ansiennitet på billegsal.

Igjen er ikkje vi lærarane som gjer jobben, gode nok til å fortene passande løn for arbeidet vi gjer. Det er vi som sørger for kvalitet i opplæringa, samstundes som vi er mentorar og rettleiarar for nyutdanna til dei kjenner seg sjølvstendige nok til å gjere ein god jobb i fellesskapet. Det er urimeleg at vi som hjelper nye kollegaer inn i yrket, skal ha lågare vekst enn dei som knapt har fått foten innanfor døra. I dei økonomiske ulvetidene vi er i no, har KS gjort eit elendig strategisk val.

Ein av dei få tinga Tor Arne Gangsø i KS har vore tydeleg på over tid, er at sjukepleiarane er viktigare enn lærarane, og i år har vi skjønt at dei nye lærarane er viktigare enn dei røynde. Vi lærarar med erfaring og kompetanse herifrå til Dakar rykker ein plass bak i køa for kvar gong denne karen uttalar seg. Mange lærarar har mista totalt trua på KS som ansvarleg arbeidsgjevar for lærarane.

Personleg drøymer eg ikkje om at lærarane blir førte attende til staten som arbeidsgjevar. Staten som han var, finst ikkje lenger. Det eg drøymer om, er eit KS som snakkar lærarspråket, og som i tale og handling går i takt med oss. Lærarane er høgt verdsette i samfunnet, men kraftig underprisa. Vi er nøydde til å få styrka samsvar mellom verdi og pris.

Kvalitet kostar i alle sektorar, også i utdanningssektoren. Vi treng eit KS som samarbeider og lyttar og ikkje stiller seg i opposisjon til det meste av det vi kjem med. Vi vil neppe få ein kultur for at læraryrket får same status og søkartal som til dømes legeyrket, men vi kan kome eit stykke på veg med å bruke to øyre til å lytte med og ein munn å tale med. Eg opplever lærarane som mistrudde og underkjende av KS sentralt, samstundes som samarbeidet og den gjensidige respekten mellom lærarar, leiarar og lokale skuleeigarar ved kommune- og fylkeskommune gjennomgåande er på eit heilt anna nivå. Er ikkje KS på bølgelengde med dei dei sjølv representerer lokalt eingong?

Når ein les det KS sjølv skriv om lønsnivå, skjøner eg at det er noko eg ikkje skjøner:

«Til høsten kan de første som har gjennomført 5-årig masterutdanning som grunnskolelærer ønskes velkommen inn i skolen. Det er en god nyhet for lærerne, skolen og kommunene. Det vil heve utdanningens og yrkets status, og kvaliteten på undervisningen. Og det vil automatisk heve lærerlønna, fordi det er utdanningens lengde som bestemmer lønnsnivået i kommunene.»

Kvifor vil fleire kollegaer med masterutdanning heve statusen til utdanninga og yrket? Dei fleste av kollegaene mine er allereie lektorar med meir til, med ei livsløn som er lågare enn industriarbeidaren si. Likevel er det dei med lengst utdanning og ansiennitet som no skal få svakast lønsutvikling.

Den haldninga KS viser, og har vist i mange år, gjer at mange røynde lærarar gir seg lenge før fylte 67.

«Lønnsnivået i kommunene» er òg latterleg upresist – og ei tilsløring av det faktum at dei som faktisk er både formelt og reelt kompetente og ikkje berre held skulen gåande, men utviklar han, skal årelatast økonomisk i årets oppgjer. Den haldninga KS viser, og har vist i mange år, gjer at mange røynde lærarar gir seg lenge før fylte 67. KS si haldning har vore med på å såre rekrutteringa til yrket, og styrke fråfallet ved (altfor tidleg) overgang til pensjonistlivet.

Om eit år er det nye søkartal til høgare utdanning. Ver førebudd på at arvingen din, som barnehagebarn og elev i grunnskule og vidaregåande, blir kjend med stadig nye og fleire ufaglærte, i lang tid framover. KS lever godt med det. Gjer du?

Powered by Labrador CMS