Høgskolecampus i Sogndal kan bli dobbelt så stor

I går la eigarane av campus ved Høgskulen i Sogn og Fjordane fram utbyggingsplanar. Om tretti år kan campus vere dobla i storleik, spår Yngve Hallén i Sogndal Fotball.

I dag utgjer bygningane på Fosshaugane campus rundt 52.000 kvadratmeter. Alt til hausten startar bygginga av eit innovasjonsbygg. Oppstarten er i september, og håpet er innflytting i oktober neste år, melder NRK Sogn og Fjordane.

I tillegg til innovasjonsbygget har Statsbygg gjort avtale med fylkeskommunen om å overta gymnasbygget og setje det i stand og gjere betringar på uteområdet.

– Bygningsmassen på Fosshaugane kan bli vesentleg større, og tenkjer ein 30 år fram i tid er den gjerne dobbelt så stor som den er i dag, seier Yngve Hallén til NRK.

Saman med Sogndal kommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Statsbygg og Høgskulen i Sogn og Fjordane utgjer Sogndal Fotball eigargrupperinga som no har utarbeida ein plan for kursen vidare for Fosshaugane Campus.

Det er brukt ein million kroner på å utarbeide planen, ifølgje NRK.