Musikklæraren fekk betre kvardag med formstøypt hørselvern

Danske Sania Lykke Albercht fekk meir energi etter at ho begynte å undervise med hørselvern med lyddempande filter.

Publisert

Hørselvernet har endra opplevinga av både å vere i klasserommet og tida etter undervisning, ifølgje det danske bladet Folkeskolen. Musikklæraren ved Svend Gønge skolen i Lundby kjenner seg ikkje like trøytt i hovudet etter ein time som før ho fekk vernet.

I hørselsvernet ho har fått kan ho setje inn ulike filter med ulik grad av demping. Vernet er støypt til hennar øyre. Ho har tidlegare forsøkt med øyreproppar for handtverkarar, men var ikkje nøgd.

Sjølv om ho understrekar a tmusikk ikkje er støy, meiner Albricht at mange timar med dei til tider høge lydanesom det må vere i ein musikktime er slitsamt. Dessutan kan det gi hørselskade. Ho er difor glad for at ho tok problemet opp med arbeidsgivar, som sa seg villig til å betale kostnadane for det formstøypte hørselvernet. Vernet ligg inne i øyret, og eit lite handtak gjer det lett å ta ut og setje inn.

Powered by Labrador CMS