Å undervise er den viktigaste karrierevegen for ein lærar

Debatt:Om profesjonen vår skal vere til å stole på, kan ikkje kven som helst sleppe til i klasserommet.

Publisert Sist oppdatert

No har vi igjen ein offensiv for å gjere lærarane misnøgde med å vere i klasserommet. Den har manifestert seg i eit utvalsarbeid som i utgangspunktet adresserer vidareutdanning for heile skulesystemet frå barnehage til vidaregåande.

Hensikten er visstnok å rekruttere og behalde lærarar. Eit heitt tips: Gjev oss gode rammetingingar for å gjennomføre god, interessant og relevant undervising først og fremst, det er det som er kjerneoppdraget vårt. Eg vil først og fremst kommentere utvalet sine forslag til «karrierevegar», i samband med vidareutdanning. Det er ikkje karrierevegar som er det akutte behovet, men anerkjenning, handlingsrom, læremiddel og tillit.

Om profesjonen vår skal vere til å stole på, kan nemleg ikkje kven som helst sleppe til i klasserommet. Lønn er ingen vits i å nemne, no som streikeretten vår er avliden, og berre fire av partia på Stortinget freista å gjenopplive den. Stortinget vil nok etter denne avrettinga lære på den harde måten kva ei bjørneteneste er.

Den førre offensiven om karrierevegar resulterte i lærarspesialisten, eit stunt som vart sett punktum for av sitjande regjering, mykje sikkert fordi det var eit prestisjeprosjekt for Solberg-regjeringa. «Lærarspesialisten» var det einaste svaret ein klarte å hoste opp som framlegg til karriereveg for ein lærar den gong: høvet til å utvikle seg fagleg og få nye oppgåver, men framleis stå i klasserommet.

Formålet er no som det nok var den gong, å rekruttere og halde på kvalifiserte og kompetente lærarar. Satsingsområda som utvalet har konkludert med er fire, fjonge og fine: Fagområde- og barnehageutvikling/fag- og skoleutvikling, Forsking og partnarskap, Inkluderande praksis, og leiing. Ingen tør vel påstå at dette er uviktige område, men eg vil kalle det luksus og pengebruk med svak presisjon å gå for desse fire, før ein har dekt visse grunnleggande behov i skulen.

Om vi dreg hovudet ut av skyene og stikk ein finger i jorda, dreg han opp att og luktar godt på han, er det ikkje sikkert at vi ender opp med at jordsmonnet er klart for akkurat desse botaniske karrierefrøa. Det blir som å dyrke karse, basilikum, karve og koriander før vi har fått stell på potetene, blomkålen og gulrøtene.

Forslag til priotering

For det første: Vi har for få lærarar som kjem inn hovuddøra til læraryrket, og for mange som kjem snikande inn bakdøra. Mange av «snikarane» er ikkje langt unna ein godkjent lærarutdanning. Satsing nummer ein bør difor vere å identifisere kven som underviser, men ikkje fyller pedagogiske eller faglege krav, og vidareutdanne desse slik at dei blir faglærde.

So har vi dei som er faglærde etter opplæringslova sin bokstav, i eitt eller to fag og pedagogikk. Med eit skulefag til ville desse kunne blitt nytta forsvarleg i eitt fag til. Mange fag vert sett på som «fyllfag», der det ikkje er so nøye kva fag ein er utdanna i, slik som dette pussige «samfunnsfaget» i ungdomsskulen, som er ein «herleg» mosaikk av geografi, samfunnskunnskap, rettslære, historie, antropologi, sosiologi osb. Vi har òg småfag som Krle i ungdomsskulen, og geografi i vidaregåande, som altfor få har som del av grunnutdanninga si. Å gje vidareutdanning til dei som underviser i viktige, men små fag, er vidareutdanning med presisjon, tyngd og verdi.

Les også: Vi må diskutere muligheter for større spesialisering innenfor læreryrket

Desse forslaga frå det nye utvalet er sjølvsagt ikkje dumme isolert sett, men dei har i seg eit stygt signal om at ein for å rekruttere og halde på lærarar må vidareutdanne dei i noko anna enn det som er direkte relevant for å undervise i eit fag. Det vil seie at grunnverksemda i skulen ikkje vert rekna som ein karriere.

Majoriteten av lærarar vil alltid halde primært på med undervising, og å styrke lærarane sitt band til faga, undervisinga og elevane bør vere det viktigaste i ein kvar vidareutdanningsoffensiv. Ein sånn offensiv som vi har no signaliserer at lærarane ikkje har ein karriere frå før, difor bør den skapast med vidareutdanning og nye oppgåver, men ikkje i klasserommet! Kva med å verdsetje kjerneoppdraget?

Vi har nemleg ein kjerneoppdrag som er ein karriereveg som overskygger alle andre, og det er å stå i klasserommet i kanskje ein til to mannsaldrar i møte med klasse etter klasse, andlet etter andlet. I løpet av karrieren møter vi hundrevis av elevar der ingen er like, vi gjennomfører tusenvis av timar og hundretusenvis av små og store val, og vi utviklar oss sjølve non-stop gjennom desse tallause møta og hendingane.

Læreplan avløyser læreplan, og vi omstiller oss ganske smidig, forkastar gamle opplegg for nye, og digitaliserer oss på kryss og tvers utan dei store protestane. Vi freistar heile tida å ta med det beste av det gamle i møte med det nye i eit livslangt profesjonelt læringsperspektiv. Er det noko vi ikkje treng, er det ekspertutval som gir oss fancy karrierevegar som sporar oss av på veg til klasserommet. Då bør vi kanskje i Odyssevs si ånd lenke oss til kateteret og motstå sirenesongen frå ekspertutval etter ekspertutval.

Alle burde få høve til vidareutdanning

Eit vidareutdanningssystem med meining i, frå barnehage til vidaregåande, bure basere seg på å gjere retten til vidareutdanning individuell. Alle lærarar burde etter ei viss tid i yrket få høve til å kompetanseheve seg etter modell frå vidareutdanningsstrategien Kompetanse for kvalitet, i fag og emne som er direkte relevante for klasserommet.

Slik det er i dag, er det tusenvis av lærarar som har so god kompetanse at dei stiller lengst bak i køa for midlar til vidareutdanning. Vidareutdanning er eit gode som alle burde få høve til, på sikt, men i ei tid med lærarmangel er det direkte kontraproduktivt å vidareutdanne lærarar slik at dei kanskje forlèt klasserommet.

Det sit eit stykke inne å seie det, men eg har faktisk meir sans for den gamle lærarspesialistordninga enn desse nye karrierevegane som utvalet skisserer. Ein lærarspesialist hadde i det minste sitt hovudvirke i klasserommet og begge beina planta på den faglege grasrota, i motsetning til desse nye forslaga, som har ein diffus og uavklart avstand til det viktigaste vi held på med: undervising.

Lenge leve skulens viktigaste karriereveg: å undervise elevar.

Powered by Labrador CMS