Barn taper læringsutbytte når foreldra går frå kvarandre

Kort tid etter at foreldra har gått frå kvarandre, viser nasjonale prøver at barna har eit mindre læringsutbytte enn før.

Publisert

Dette viser ei undersøking blant 700.000 barn mellom andre og åttande klasse. Den er utført av forskarar frå universiteta i København, Aarhus og Stockholm, i regi av Rockwool Fondens Forskningenhed.

Det er Danmarks Radio som melder dette.

I snitt kan fallet i læringsutbytte tilsvare eit fall i karakter på 0,2 prosent. Eksempelet er laga for ein sjuandeklassing som opplevde at foreldra gjekk frå kvarandre da barnet gjekk i tredje klasse.

Fallet i læringsutbytte kjem med ein gong foreldra skil lag, og det aukar gjennom skoletida, konkluderer forskarane.

Men fallet er ikkje likt for alle grupper barn. For dei tjuefem prosent med lågast læringsutbytte og for dei tjuefem prosent med høgast læringsutbytte, påverkar ikkje den nye familiesituasjonen læringsutbyttet.

Tapet skjer utafor skolen

Forskarane konkluderer med at det ikkje er utbyttet av skoleundervisinga som blir dårlegare. Tapet skjer utanfor skolen, inkludert i heimen. Og jo lengre tid det går etter at foreldra gjekk frå kvarandre, jo mindre lærer barna utanfor skolen.

Meline Brask seier til Danmarks Radio at hennar erfaring er at det blir lite overskot for den som skal følgje opp barn aleine. Dessutan er det eit press på barna å ha to heimar. Difor er ho ikkje overraska over resultata av undersøkinga.

Uroleg

Professor i psykologi ved Universitetet i Købehavn, Gert Martin Hald, seier til Danmarks Radio at han blir litt uroleg over resultata i undersøkinga.

– Om læringstapet var midlertidig, kunne jo barna ta seg inn att. Men rapporten viser at dei aldri hentar seg inn, seier han.

Les meir om rapporten her.

Powered by Labrador CMS