Tysk kulturminister ønskjer chatGPT velkomen i skolen

 ChatGPT opnar opp for heilt nye måtar å undervise på, meiner kulturminister Alexander Lorz i den tyske delstaten Hessen.

Publisert Sist oppdatert

Som eit første skritt for å utnytte dette har han nå sendt skolane i delstaten eit dokument med rammer og praktiske døme for korleis kunstig intelligens kan nyttast.

Til fjernsynsstasjonen ZDF seier Lorz at kunstig intelligens til dømes gjer det muleg å målrette verktøya inn mot det vi ønskjer at elevane skal lære , og så ha ein diskusjon blant elevane om prosessen etterpå.

– Som med alle teknologiske nyvinningar er dette ein stor sjanse. Dessutan vil teknologien vere der anten vi grip denne sjansen eller ikkje, konkluderer Alexander Lorz.

Elevane ved den vidaregåande skolen Helmholzschule i Frankfurt har for lengst gripe sjansen, og lærarane konstaterer lattermildt at dei kjem løpande etter elevane sine, kjem det fram i reportasjen frå ZDF. Difor er lærarane glade for initiativet frå Lorz.

Så godt som alle elevane nyttar kunstig intelligens i skolearbeidet, heiter det i reportasjen. Blant fordelane trekk elevane fram at dei sparer tid, og at dei får hjelp til å finne nye innfallsvinklar om dei har gått seg fast i eit problem.

Lærarane trekk fram at kunstig intelligens kan frigjere tid i undervisninga, slik at det blir rom for å gå inn i problemstillingane frå fleire vinklar enn i dag.

Men for å få det til må alle lærarar få vidareutdanning. Og den vidareutdanninga må kome fort, konkluderer dei.

Powered by Labrador CMS