Kjetil Tvedt, kompetansedirektør i Byggenæringens landsforening
Kjetil Tvedt, kompetansedirektør i Byggenæringens landsforening

Statsbudsjett:

Byggenæringa roser regjeringa for å satse på yrkesfag og fagskular

Men at regjeringa legg opp til eit reelt kutt i lærlingtilskottet på 66 millionar, får tommel ned. Det gjer det krevjande å oppretthalde talet på lærlingar i tronge tider. 

Publisert Sist oppdatert

Om kuttet i tilskottet til lærlingar seier kompetansedirektør Kjetil Tvedt i Byggenæringens Landsforening (BNL):

– Lærlingtilskottet er ikkje i årprisjustert fullt ut, noko som reelt gjer eit kutt på 66 millionar kroner i 2024. Departementet viser til at midlane blir omprioritert frå tilskott til ymse tiltak i fylka for å "styrke arbeidet for fleire læreplassar". Også i fjor blei lærlingtilskottet kutta, den gang med 105 millionar kroner. At midlane går til fylka i staden for til lærebedriftane er vi skeptiske til,  seier han.

Men Tvedt ser også mykkje bra i regjeringas framlegg til budsjett for 2024.

– Vi er positive til at fagskulane får 500 fleire studieplassar, og at det blir løyvd midlar til ein meir praktisk grunnskule. I tillegg det blir løyvd 127 millionar til praktisk utstyr i klasseromma og 40 millionar til utstyrsstipend for elevar ved dei vidaregåande skulane. Det er også bra, seier Tvedt.

Vil oppretthalde talet på lærlingar

Om kvifor han er bekymra for kuttet i lærlingtilskottet, seier han:

– Det er eit viktig prinsipp at lærlingtilskottet svarar til den årlege kostnaden ved ein elevplass i vidaregåande skule. Ved å redusere overføringa av midlar til lærebedriftene, får bedriftene ei ekstra utgift ved å ha lærling. Byggenæringa vil i 2024 ha ein utfordane situasjon med lågare aktivitet. Vi ynskjer likevel å oppretthalde inntaket av lærlingar slik at vi er rusta for å ta igjen etterslepet i boligbygginga når tidene endrar seg, men med nok eit år med nedgang i lærlingtilskottet blir det krevjande, seier Tvedt og held fram:

– Byggenæringa er inne i ein periode med stadig fleire permitterte. Skal vi greie å halde på desse fagfolka, må det satsast på kompetanseheving i permitteringsperioden. Dagens regelverk legg opp til at permitterte må vente i 12 veker før ein kan kome i gang med utdanning. BNL meiner regelverket må endrast slik at permitterte kan starte utdanning frå dag ein.

 Meir praktisk læring for dei yngste

Kompetansedirektøren er nøgd med at regjeringa så tydeleg satsar på meir praktisk læring.

– Praktisk læring gir auka læringsutbytte for alle elevgrupper, aukar interessa for yrkesfaga, og er med å sikre at elevar som vil inn på yrkesfag har eit minimum av praktiske evner. I tillegg til pengar trengs det og nytenking rundt korleis ein investerer i undervisningsutstyr. BNL vil spele inn til departementet at ein prøver ut nye ordningar med deling av utstyr mellom fleire vidaregåande skular, til dømes alle skulane i eit fylke, seier Tvedt.

Glad for fleire fagskuleplassar

Dei statlege løyvingane til fagskulane aukar med 210 millionar kroner. Det er ein auke på 17 prosent.

– Ny teknologi og nye krav til bygg må følgast opp med meir kompetanse. Fagskulane er eit ettertrakta og godt tilbod for fagarbeidarar i byggenæringa som vil lære meir på heiltid eller deltid. Dei ekstra løyvingane til 500 nye studieplassar er bra og byggenæringa ser fram til å fylle sin del av desse, seier Tvedt.

Han lover at fram mot høyringa i Stortinget skal BNL finlese budsjettforslaga frå departementa og kome med meir detaljerte innspel som kan bidra til at byggenæringa held på kompetansen på kort sikt, og aukar den på lang sikt.

Powered by Labrador CMS