Bokomtale

Boka har forslag til korleis ein kan arbeide fram gode miljø på skulearenaen.

Best mogleg læring for alle elevar

Ny bok om tilpassa opplæring og inkluderande støttesystem.

Publisert

Bokmelding

Tilpasset opplæring og inkluderende støttesystemer

Av Thomas Nordahl og Terje Overland

Gyldendal Akademisk 2021

160 sider

Forfattarane legg tidleg føringa ved å vise til at norsk skule byggjer på tre grunnleggande opplæringsprinsipp, som kjem fram både i LK 20 og opplæringslova.

  1. Norsk skule skal vere inkluderande, slik at alle elevar vert gitt eit forsvarleg eller tilfredsstillande opplæringstilbod.
  2. Opplæringstilbodet skal tilpassast den einskilde sine føresetnader og behov.
  3. Opplæringa skal vere likeverdig, alle elevar skal ha like gode opplæringstilbod.

For ein lærar er det å reflektere over og forske på eigen praksis med på å støtte utvikling av gode læringsarenaer. Dette kan støttast fram ved at leiinga gir lærarane tid til å reflektere over sitt eige arbeid, og at det vert gitt rom for drøfting i kollegiet. Tilrettelegging for dette bør kome frå leiinga, men det vert lagt vekt på at alle tilsette har medansvar for at slike tilnærmingar fungerer. Boka minner om at alle som har tilhøyrsle til skulen er samarbeidspartnarar, og dei bør utvise og oppleve gjensidig respekt.

Læringsvanskar

I boka nyttar forfattarane omgrepet læringsvanskar, som for denne lesaren har ein positiv klang. Når ein veit at der er ein vanske, er det naturleg å søke etter løysingar som kan førebyggje eller avhjelpe det som vert opplevd som ein vanske. Sjølv om boka så absolutt poengterer at skulen er ein arena som skal ta i vare alle elevar, så vert hovudfokus på den gruppa som av ein eller annan grunn treng læringsstøtte.

Basert på ei kartlegging av Nordahl (2018) vert det anslått at om lag 15–20 prosent av elevane vil få vanskar i eitt eller fleire fag i løpet av skuletida. Her vert individuell opplæringsplan (IOP) trekt inn som eit nyttig reiskap. Forfattaren understrekar at IOP bør nyttast som eit aktivt dokument med praktiske implikasjonar for undervisning av den einskilde elev. IOP har òg ei rolle som administrativt dokument, knytt til spesialundervisning og timetildeling.

Forfattarane meiner at utforming og forslag til innhald i IOP bør vere drøfta i eit samla lærarkollegium, for å utvikle ein mal som høver til bruken. På den måten kan ein arbeide mot å gjere IOP til eit aktivt dokument, som er ein støtte for lærar og elev i kvardagen.

Individualisering

Forfattarane meiner at individualisering av undervisning er eit prinsipp som er godt integrert i lærarane sine arbeidsmåtar. Her vert arbeidsplanar og ulike mengder arbeid nytta som eksempel på tilpassing for den enkelte elev.

Læraren sin kunnskap og forståing ligg til grunn for undervisning, og individuell forbetring og innsats vert støtta fram hos den enkelte elev. I klasserommet vert det arbeidd med meistringsorienterte læringsmiljø, der elevar kan oppleve positiv utvikling både fagleg og sosialt.

Boka har forslag til korleis arbeide fram gode miljø på skulearenaen. Læringsmiljøet er alfa og omega i ein skule, og krev at eleven si oppfatning av røyndomen vert tatt på alvor, som til dømes om ein elev fortel om mobbing.

Samarbeid

Det vert vist til verktøy og prinsipp som kan vere del av samarbeidet med støttesystemet. Forfattarane meiner at eit godt samarbeid mellom leiing, lærar og støttesystem må vere prega av gjensidig respekt om det skal ha effekt. Her vert vist til kartlegging, analyse, kurs og trening av sosiale ferdigheiter som tiltak for å støtte elevar, og gje lærar verktøy inn i kvardagen i klasserommet.

Profesjonelle læringsfellesskap føreset vidareutvikling av lærar sin kompetanse, og dette bør skje i eit kollektivt fellesskap, meiner forfattarane. Dette fellesskapet inkluderer også eit samarbeid mellom lærar og leiing, der begge er i gjensidig dialog om utvikling av ein god læringsarena.

Boka er lettlesen, med eit overkommeleg sidetal og lett tilgjengeleg tekst. Det er nytta kasusillustrasjon som vert grundig gjennomgått, med konkret forslag til tiltak, evaluering og måloppnåing, og dessutan oppgåver som kan reflekterast over.

Boka kan godt lesast av lærarstudentar og andre som tek ei utdanning som kan gje grunnlag for arbeid i skulen. Ekstra nyttig er boka for dei som arbeider i skulen, her inkludert dei som er i klasserommet og dei som er i administrasjonen.

Powered by Labrador CMS