Digital registrering stel tid og fokus frå barna

Debatt: Når regjeringa no skal ut og telje oppgåver, så håper vi dei også tel med tidsbruk knytt til digital registrering.

Publisert

|Det vert stadig fleire oppgåver som skal utførast og ikkje minst dokumenterast i barnehagen, noko som fører til færre tilsette saman med barnegruppa. Då er det gledeleg at ny regjering vil kartlegge kva oppgåver som tar tilsette bort frå barna, som eitt av fleire tiltak for å forbetre dagens bemanningsnorm.

Når regjeringa no skal ut og telje oppgåver, så håper vi dei også tel med tidsbruk knytt til digital registrering. Fleire barnehagelærarar uttrykkjer ein uro kring auken i bruk av digital registrering og følgjene dette kan få for tidsbruk og relasjonsbygging til enkeltbarn og barnegruppe.

Les også: Ny regjeringsplattform: Slik blir den nye barnehage- og skolepolitikken

Dei fleste foreldre vil truleg oppleve det som eit gode å ha «dagen i dag» lett tilgjengeleg på telefonen framfor å lese det på whiteboardtavla i garderoben, at ein slepp å stikke innom badet for å sjekke bleielista eller bruke tid på å spørje kor mykje barnet har ete til lunsj. No kan du som forelder ha full kontroll på kva gullet har vore med på av aktivitetar, kor mykje han har ete, kva klede som manglar i korga, kor lenge barnet har sove, når bleia vart skifta og ikkje minst kva innhaldet i bleia var.

Der ein før sette eit kryss på eit papir når barnet kom i barnehagen om morgonen vert no registrert på digitale plattformar, men det stoppar ikkje med det. Tilsette med nasa i telefonen på uteområdet betyr ikkje surfing på nettet i arbeidstida, det betyr at den tilsette registrerar og dokumenterer. I tillegg til avkryssingsliste, bleieliste og soveliste, skal ein gjerne skrive noko om dagen i dag, legge inn bilete frå tur, samt skrive beskjeder til heile barnegruppa eller til enkeltbarn.

Les også: Ny regjering vil lene seg på anbefalingene i Storberget-utvalget

Nokre barnehagar har pålegg om å registrere teljing av barn kvar halve time når ein er innandørs, kvart 15. minutt når ein er på uteområdet og kvart 10. minutt når ein er på tur. Barnehagelærarar fortel at dei må ha på alarm på telefonen som gir beskjed når dei skal telje, slik at rett tidspunkt vert registrert i systemet. Ikkje alle barnehagar registrerer like mykje, men mange opplever å bli pålagd å registrere alt dette, noko som tek mykje tid.

Og kva med barna si tid saman med den tilsette?

Det er nettopp dette som uroar mange barnehagelærarar. I møte med tillitsvalde og medlemmer i barnehagen har vi fått mange tilbakemeldingar knytt til digital registrering. Det er praktisk å sleppe den flagrande halvvåte avkryssingslista i papir som hang på veggen på uteområdet, men ein ser også nokre utfordringar.

Registreringane har auka i omfang og vert ein tidstjuv som tar tid og fokus bort frå barnegruppa og det pedagogiske arbeidet. Ein er uroa for at auka registrering går utover relasjonen til barna, når ein til stadigheit må bryte opp frå aktivitetar for å telje barn eller gjere andre registreringar. Er det noko barnehagelæraren har kunnskap om så er det viktigheita av relasjonsbygging i det pedagogiske arbeidet.

Digital registrering må i beste fall vere eit supplement, og skal ikkje erstatte kommunikasjonen ein skal ha med foreldra. Spørsmålet er i kor stor grad ein treng dette supplementet. Kor mykje skal ein registrere? Kven registrerer vi for? Er det for at eigar skal ha ryggen fri, er det for at foreldra skal føle seg trygg på at barnet har fått rein bleie i dag eller har ete dei to skivene med leverpostei? Er ikkje det i så fall ein tillit ein bør ha til dei tilsette i barnehagen? Ein må forvente at tilsette gjere jobben sin. Er vi på veg til å likne meir ein serviceinstitusjon enn ei pedagogisk verksemd når rutinar får meir fokus enn det pedagogiske arbeidet?

Verda er i utvikling, det er også barnehagen. At whiteboardtavla og flagrande halvvåte papirlister er bytta ut med app og mobiltelefonar er gjerne ei naturleg utvikling. Likevel bør ein sjå på tidsbruk opp mot nytteverdien av det. Ønskjer foreldregruppa at tilsette skal bruke tida si på registrering framfor å bruke tid saman med barnet deira? Er dei tilsette spurt om kva dei tenkjer om tidsbruken? Har tillitsvalde fått høve til å drøfte problemstillingane? Kanskje det er på tide å ta den diskusjonen. Nokre oppgåver treng vi å registrere, andre oppgåver kan med fordel reduserast eller kuttast ut. Kor går grensa for kva tilsette i barnehagen skal bruke tid på, når tida saman med barna er så dyrbar?

Ei betre bemanningsnorm er særs etterlengta og lovnadane i Hurdalsplattformen vitnar om ei regjering som er villig til å lytte. Heile barnehagesektoren vil nok med glede bidra til å synleggjere alle dei oppgåvene som fører til mindre tid saman med barna når regjeringa skal ut og telje. Vi treng ei bemanningsnorm som sikrar nok tilsette saman med barna gjennom heile barnehagen si opningstid. Det er det ingen tvil om. Vi ønskjer regjering og ny kunnskapsminister lukke til. Vi ser fram til dei gode tiltaka!

Powered by Labrador CMS