Desse figurane kan ein bruke til å illustrera dei ulike følelsane. Ill: Livet & sånn

Å samtale om følelsar er ikkje det same som å lære om følelsar

Debatt: Dei som arbeider i barnehage og skole, bør ha grunnleggande kompetanse på følelsar.

Publisert Sist oppdatert

I artikkelen Skolen som helsefremmende arena – en uutnyttet ressurs påstår vi at kompetansemåla om følelsar har grunnleggande manglar. Vi samanliknar det faktisk med å lære elevane å lese utan å lære dei bokstavane først. Både Rammeplanen og Læreplanen har konkrete mål der følelsar er nemnt. Mål som er meint å føre til at barna først blir kjent med følelsar, og seinare skal kunne handtere dei.

Problemet er at ingen av målformuleringane om følelsar sikrar at barn og unge lærer kva følelsar er, kva som er grunnen til at dei dukkar opp i oss, korleis vi kan nytte dei som viktige reiskap i kvardagen eller kva som er gode måtar å møte dei på. Vi risikerer difor at barna blir gode på å legge merke til alle følelsane, utan å få kunnskap som kan hjelpe for å handtere dei.

Så kva bør vi kunne om følelsar?

Følelsar er eit av dei viktigaste signalsystema vi menneske har, og dei har spelt ei avgjerande rolle for overleving og evolusjon. Alle menneske veit noko om følelsar. Korleis dei kjennest, forskjellane på dei mest grunnleggjande følelsane, og meir eller mindre smarte måtar å regulere dei på. Denne kunnskapen utviklar vi gradvis gjennom samspel i dei nære relasjonane våre i oppveksten. For nokre kan dette vere nok. Andre er født med temperament som krev ekstra god forståing frå dei vaksne. Mange er heller ikkje like heldige med den emosjonelle kompetansen dei blir møtt med, og då kan følelsar kjennest meir som problem enn ressurs.

Følelsar er informasjon. For å kunne forstå og nytte følelsar på ein konstruktiv måte, bør vi kunne 1) kjenne igjen og nyansere mellom ulike følelsesuttrykk i oss sjølv og andre, 2) forstå kvifor ulike følelsar oppstår, 3) vite noko om kva beskjedar ulike følelsar har med seg, og 4) kunne reflektere over kva behov som er knytt til dei ulike følelsane våre. Her er det sjølvsagt individuelle variasjonar, men mange av mekanismane knytt til følelsar er likevel noko dei fleste menneske har felles.

Ta for eksempel følelsen «sint». Sinne gjer at hjartet slår fortare, musklane strammar seg, fokuset snevrar seg, stemma blir høgare og evna til refleksjon blir redusert. Sinne oppstår vanlegvis når noko viktig for oss blir trua, eller når vi opplever noko urettferdig. Dette er sinne sin beskjed. Sinne har også med seg nokon behov, og som regel handlar det om å sette tydelege grenser eller stå opp for oss sjølv eller andre. Møtt og handtert på ein god måte, kan sinne vere ei viktig kraft for oss. Møtt og handtert på feil måte over tid, kan sinne gi relasjonelle og helserelaterte vanskar. Difor er kunnskap om sinne viktig.

Dette bør barn lære om følelsar i barnehagen

Følelsar er nemnt i fleire mål i rammeplanen. Fokuset er på å støtte barna til å bli kjent med, reflektere over, og kunne gi uttrykk for følelsar. Vi meiner denne lærdommen om følelsar bør kome både gjennom kunnskapsformidling og gjennom praktiske erfaringar i kvardagen.

Med praktiske erfaringar meiner vi at vaksne bruker validering. Det betyr at vi bekreftar at det barnet føler er gyldig, forståeleg og ok: «No såg eg at du blei sint! Det er ikkje så rart, eg ville også blitt sint dersom noko slikt skjedde med meg».

Når vi validerer vanskelege følelsar aukar vi sjansen for at følelsen roar seg. Det vil kjennes betre for barnet, og det bidrar til at barnet lettare kan reflektere og finne gode løysingar saman med oss. Vi når ikkje inn med rasjonalitet til eit barn som er emosjonelt aktivert. Barnet må først få hjelp til å regulere følelsen, så kan vi hjelpe med andre ting. Slik lærer barn god emosjonsregulering. Å validere eit barn sine følelsar treng ikkje ta lang tid, nokre gongar eit par minutt, oftast mindre. Og vi kan validere følelsen utan å akseptere ei eventuell handling barnet gjorde.

Som kunnskapsformidling meiner vi at barnehagebarn bør lære kva ulike følelsar heiter, korleis dei kjennes, kvifor dei kjem og kva som kan hjelpe eller gjere at det kjennes greitt å ha det slik. Sidan følelsar er så abstrakte, kan gode visualiseringar gjere det meir konkret. Det har vi laga i Livet&Sånn. Der finn du gratis, enkelt materiell som rettar seg mot barna og dei vaksne i barnehagen og heime.

Dette bør elevane lære om følelsar i skolen

Følelsar er nemnt i fleire kompetansemål. Dei handlar om å kunne samtale om, sette seg inn i, formidle og reflektere over følelsar. Ofte knytt til spesifikke tema som pubertet, grenser eller kjønn/seksualitet.

Det står også at det å utvikle evne til å uttrykke seg skriftleg og munnleg i norsk og engelsk gir elevane grunnlag for å kunne gi uttrykk for følelsar. Det er jo logisk, men folk kan vere skikkeleg gode i språket sitt utan å vere god på å uttrykke følelsar! Gode samtalar om følelsar bør vere basert på god kunnskap om følelsar. Den må elevane få på skolen.

Les også: Ta barns følelser på alvor

God kunnskap om følelsar handlar om å forstå at dette er informasjon vi får gjennom kroppen. Når vi legg merke til signala følelsane gir, i til dømes hjartet, mage, musklar, temperatur, ansikt og hovud, kan vi undre oss over kva følelse dette er og kva den prøver å fortelje oss.

God kunnskap om følelsar, er å vite kva som er vanlege beskjedar frå ulike følelsar. Sjølv om sinne sin beskjed er variantar av «Dette er ikkje greitt! Få dette til å stoppe!» betyr ikkje det at sinne alltid har rett. Slik er det også med beskjedar frå redsle og skam. Difor kan det vere lurt å reflektere over typiske beskjedar dei vonde følelsane våre kjem med, medan følelsane ikkje er der.

Elevar bør også få lære om dei ulike behova følelsar kjem med. Det kan vere forståing, støtte, hjelp, omsorg, nærleik, pause, tryggleik eller anna.

Hjertehjulet, utvikla hos Livet&Sånn.

I Livet&Sånn har vi utvikla «Hjertehjulet» som verktøy for å lære om følelsar. Det siste hjartet handlar om kva som kan ligge under følelsen. Kan det vere noko anna som gjer at du føler det du føler? Av og til uttrykker vi sinne sjølv om vi inst inne er redde, eller vi kan snakke om veldig triste hendingar med eit smil. Då blir feil behov formidla til dei rundt oss. Dersom det eigentleg ligg ein anna følelse under det som visast utanpå, vil ikkje behovet til den primære følelsen bli møtt. Å vere medviten dette er viktig både for den som har følelsen, og den som vil hjelpe.

Vaksne bør også ha grunnleggande kompetanse på følelsar

Dei fleste som jobbar i barnehage og skole, har aldri lært om følelsar som fag. Mange kan vere gode på det likevel. Det aller viktigaste vi vaksne må kunne er å bruke validering i møte med følelsar i kvardagen. Dette bør vi trene på, og hjelpe kvarandre å bli gode til.

For å kunne lære barn om følelsar, bør du anten sjølv ha grunnleggande kunnskap om følelsar, eller bruke materiell laga av nokon som har slik kunnskap. I Livet&Sånn-timar har ikkje lærar rolla som ekspert på det elevane skal lære. Lærar viser filmar, viser bilete og snakkar med elevane etter skrivne instruksjonar og let elevane jobbe saman med relevante oppgåver. Slik kan vaksne og barn etablere eit felles språk og ei felles forståing, som kan bidra til god handtering av følelsar i kvardagen.

Blir det litt mykje følelsar, tenker du?

Vi som jobbar med barn og unge, er ulike. Mange av oss ser store framsteg og moglegheiter når følelsar no er inne i planane til barnehage og skole. Andre tenker at følelsar har fått for stor plass. Kanskje er du ein av dei? Som synes det blir for mykje føleri? Kanskje du er redd for at barn blir for gode på å kjenne etter og lage problem av noko dei heller kunne rista av seg? Du er i så fall ikkje aleine om å kjenne det slik.

Når vi er så tydelege på kva menneske bør lære og kunne om følelsar, er det ikkje basert på synsing. Følelsar har heldigvis blitt forska mykje på, også dei siste tiåra etter hjerneskanning vart meir tilgjengeleg. Vi veit at det å forstå og møte følelsane våre godt, aukar sjansen for god helse. Poenget er ikkje å grave seg ned i dei vanskelege følelsane og bli der, men å kunne tole og regulere følelsar på ein god måte.

Vi har fått følelsar av ein grunn. Når vi legg merke til dei, let dei få kome, og sjekkar kva beskjed og behov dei kjem med, er det lettare å nytte dei sånn at vi fungerer godt i livet. Då har vi meir kapasitet til læring og utvikling i kvardagen.

Powered by Labrador CMS