20 år sidan lærar-fusjonen

Fornufta skapte Utdanningsforbundet

Det var lite kjærleik mellom dei to lærarorganisasjonane som slo seg saman for tjue år sidan.

Publisert

– Vi gjekk gjennom Slottsparken på veg mellom møte i Lærarforbundet og Lærarlaget og sa at denne fusjonen går aldri. Fy fader så vanskeleg det var til tider, seier Helga Hjetland.

Alt var vanskeleg, skal vi tru Hjetland: struktur, lover, vedtekter, økonomi og politiske grunnlagsdokument. Ho hadde vore leiar i Norsk Lærarlag sidan 1995 da fusjonen skjedde, og ho leia Utdanningsforbundet frå 2002 til ut 2009.

Lærarane i ungdomsskolen er dei Hjetland meiner bør vere mest glade for at organisasjonane likevel fann saman.

– Før fusjonen var dei delt mellom Lærarlaget og Lærarforbundet. Saman i ein organisasjon har dei kunna presse utviklinga av utdanningspolitikken på dette trinnet og vist kva han har å seie, til dømes for fråfallet i skulen, seier Helga Hjetland.

Barnehage for barn

Hjetland meiner dessutan at ein organisasjon med lærarar frå alle skoleslag har vore viktig for utviklinga fram mot ein barnehage for barn, ikkje primært som eit tiltak for foreldre eller likestilling.

.

  • På stiftingskongressen 2. oktober 2001 vedtok Norsk Lærarlag og Lærarforbundet å slå seg saman til Utdanningsforbundet. Den nye organisasjonen starta arbeidet sitt 1. januar 2002.
  • Utdanningsforbundet hadde ved starten rundt 131.000 medlemmar; 92.000 frå Norsk Lærarlag og 39.000 frå Lærarforbundet. I dag er medlems-talet over 180.000. Utdanningsforbundet er det største forbundet i hovudorganisasjonen Unio.
  • Steffen Handal har vore forbundsleiar sidan 1. januar 2016. Forgjengarane hans er Helga Hjetland (2002-2009), Mimi Bjerkestrand (2010–2012) og Ragnhild Lied (2013-2015).

– I barnehagen utviklar barna heile seg; kjenslemessig, kroppsleg, sosialt, motorisk og intellektuelt. I takt med dette har barnehagelærarane styrka sin posisjon. Det gler meg.

– Med «barnehageforliket» i 2003 sette politikarane aktivt fart på den private barnehagebygginga. Har det fått konsekvensar dei ikkje såg da?

– Dei sleppte laus ein industri der aktørane har vakse til store konsern. Det har vist seg å vere svært tvilsamt. At eit tidlegare barneombod går ut og forsvarar desse konserna med svært sterke ordelag, er ikkje til å tru, seier Hjetland, og viser til avtroppande administrerande direktør i Private barnehagers landsforbund, Anne Lindboe.

– Heilt skeivt for seksåringane

Skoledagen for dei yngste elevane er kanskje det som har skuffa ho mest i utviklinga av utdanningspolitikken.

– Vi har svikta dei yngste skolebarna. Skolen for dei minste vart langt frå det beste frå skoletradisjonen og det beste frå barnehagetradisjonen, slik lovnadene var i 1997.

– Kvifor klarte ikkje ein samla lærarstand å bremse?

– Ansvaret for dette ligg heilt og fullt på dåverande utdanningsminister Kristin Clemet. Dei første internasjonale skoletestane viste at kunnskapen til norske elevar var heilt gjennomsnittleg. Samanlikna med andre land var norsk skole god, men ikkje framifrå. Men Clemet skapte ei kriseforståing heilt ute av dimensjonar. Dermed starta eit race med meir og meir smal og teoretisk undervisning også for dei yngste, seier ho.

Ny forhandlingsmotpart

Den nye organisasjonen var berre to år gammal da same statsråd Clemet melde at lærarane skulle ha kommunane med KS, ikkje staten, som forhandlingsmotpart i tarifforhandlingane.

– I ettertid kan vi sjå overføringa som ein del av nedbygginga av staten som arbeidsgivar. Televerket og Postverket vart outsourca. Men kommunalisering av lærarane var òg sterkt ønskt av KS og leiaren Halvdan Skard frå Arbeidarpartiet, seier Hjetland.

– Under landsmøtet i Arbeidarpartiet i 2002 ringde nestleiaren Hill Marta Solberg ein søndagsmorgon og sa det ville kome framlegg om å programfeste at lærarane skulle kommunaliserast. Saman med Trond Giske og Jens Stoltenberg fekk ho endra litt på framlegget, men det vart vedteke. Og med det hadde Clemet den ryggdekkinga ho trong, konstaterer Helga Hjetland.

Så i 2003 fekk Hjetland ein telefon frå Kristin Clemet rett før statsråden skulle i regjeringskonferanse. Bodskapen var at arbeidsgivaransvaret for lærarane ville bli flytta til KS. Overgangsdatoen vart 1. mai 2004. Så braka det laus med meklingsløysingar og streikar mot KS i det eine tariffoppgjeret etter det andre.

– Kvifor er det viktig om offentleg tilsette har den eine eller den andre offentlege instansen som forhandlingsmotpart?

– KS viste seg lite førebudde på å ta over ansvaret. Det var vanskeleg å anerkjenne skoleverket sin eigenart og ha respekt for dei ordningane vi hadde for lønnssystem og arbeidstid.

Tenners gnissel og fødselsrier

- Var UDF eit fornuftsekteskap mellom to som måtte setje til havs utan å ha livbåten «Ekte Kjærleik» om bord?

I dag er eg stolt av organisasjonen eg fekk vere fødselshjelpar for.
Helga Hjetland, leiar i Utdanningsforbundet 2002–09

– «Forlovingstida» var tenners gnissel og motsetnadar mellom medlemsgrupper. Som den største organisasjonen måtte vi frå Norsk Lærarlag forstå at vi ikkje kunne «setje oss» på Lærarforbundet. Partane var likeverdige. Vi skulle skape noko nytt og viktig. Men det skapte sjølvsagt uro og motvilje frå dei som var redde for tillitsverva sine, eller tilsette som var redde for jobbane. Vi hadde flinke rådgivarar i sekretariata, og både Anders Folkestad og eg visste at dette måtte vi få til. Og det gjorde vi. Vi endra organisasjonslandskapet i Noreg. I dag er eg stolt av organisasjonen eg fekk vere fødselshjelpar for.

– Du ser deg som fødselshjelpar, ikkje fødande?

– Det kom vel nokre rier òg, det gjorde nok det.

Clemet avviser kritikken

I ein kommentar til kritikken frå Hjetland minner dåverande utdanningsminister Kristin Clemet (H) om at det har vore sju stortingsval sidan seksåringane starta i skolen, og at det difor ikkje er rart at Reform 97 ikkje er følgt opp på alle område.

– Eg tar sjølvsagt ansvar for politikken i mi tid som minister, men Hjetland si skildring av det som skjedde, er heilt ute av proporsjonar, seier ho.

Clemet peikar på at med fleirtal i Stortinget vart timetalet utvida, og lese- og skriveopplæring starta i første klasse.

– Reforma Kunnskapsløftet hadde meir omfattande forskingsbakgrunn enn nokon tidlegare skolereform, og PISA-undersøkingane var berre ein del av dette. Utdanningsforbundet slutta opp om stortingsmeldinga som låg til grunn for reforma, seier Clemet.

På stiftingskongressen i Oslo 2. oktober 2001 vedtok utsendingar frå Norsk Lærarlag og Lærarforbundet å slå dei to organisasjonane saman og skipe Utdanningsforbundet.

Samanslåing skulle stoppe splitt og hersk

Ved lønnsoppgjeret i 1998 streika Lærarforbundet, medan Lærarlaget jubla. Det overtydde Anders Folkestad om at organisasjonane måtte slå seg saman.

– Var ikkje splittinga eit prov på at dei var for ulike til å bli eitt?

– Nei. Dette synte tydeleg at motparten kunne drive splitt og hersk med den delte lærargruppa. Vi kunne ikkje la det skje igjen, seier Anders Folkestad, dåverande leiar i Lærarforbundet.

Men han strekar under at dette var eit teikn på usemja mellom organisasjonane, ikkje minst om løn.

– Dette var 1990-talet, med solidaritetsalternativet og lågtlønnsprofil. For oss i Lærarforbundet var det naudsynt å rive Lærarlaget vekk frå LO og lågtlønnspolitikken. Men eg såg for meg at klarte vi det, ville vi kunne skape noko nytt som ville gi meir makt til alle lærargrupper, i forhandlingar med ein vanskeleg motpart, seier Anders Folkestad.

I januar 2002 vart han leiar for den nyskipa hovudorganisasjonen Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon (UHO), som i 2005 vart utvida og endra namn til Unio. Folkestad var Unio-leiar fram til slutten av 2015.

Stort tap i vidaregåande

På eitt område er likevel ikkje slagkrafta slik han hadde sett for seg:

- Vi gjekk inn i Utdanningsforbundet med tilnærma alle lektorane i vidaregåande skole. I dag har det nye Lektorlaget rundt 8500 medlemmer. Det er eit stort tap for Utdanningsforbundet. Forbundet må bli meir offensivt for å ta vare på lektorane og vidaregåande skole. Samstundes neglisjerer politikarane det faglege innhaldet i studiespesialisering i vidaregåande, meiner han.

Slost om ungdomsskolelærarane

Men det var situasjonen i ungdomsskolen som i særleg grad fekk Anders Folkestad til å overtyde seg sjølv om at lærarorganisasjonane måtte slå seg saman.

– Lærarforbundet hadde klar majoritet i vidaregåande, Norsk Lærarlag i barnehagen og grunnskolen. Og så slost vi om ungdomssteget. Fram mot landsmøtet i Lærarforbundet i 1995 tenkte eg mykje på at slik kunne det ikkje vere. Ungdomsskulen trong eit lyft. Det måtte lærarane stå saman om. Da kunne vi ikkje slåst, seier han.

– Har det lukkast?

– Til ein viss grad. Litt for mange tar for gitt at alt går greitt i ungdomsskolen. Men ti år i grunnskolen er lenge. Vi må erkjenne at dei unge kan gå lei når alt går i ein repeterande syklus. Difor er eg glad for framlegga om ein meir praktisk ungdomsskole. Skolen må gi plass til ulike evner. Ingen er anten teoretisk eller praktisk. Sjølv er eg kanskje mest teoretisk, men svært glad i skiftenøkkel, sag og øks.

Inger Marie Bærug stilte ho i brurekjole på stiftingsmøtet i Utdanningsforbundet Nordland i 2002.

Var brud i eit fornuftsekteskap

– Utdanningsforbundet var ikkje eit kjærleiksekteskap. Til slutt vart eg lei av dei endelause diskusjonane, seier Inger Marie Bærug.

Sjølv stilte ho i brurekjole på stiftingsmøtet i Utdanningsforbundet Nordland i 2002. Da personifiserte ho Lærarforbundet og leikte bryllaup med nestleiaren i Norsk Lærarlag Nordland, Torgeir Pettersen.

Brura fortalde brurefolket om sin bakgrunn, blant anna om storfin stil og høg cognac-føring under stiftinga av Realistene og filologenes forening i Trondheim i 1892. Da avbrøt brudgommen si brur og konstaterte at i 1892 sat den nystifta lærarforeininga med knepte hender og song andelege songar.

– Men Lærarforbundet var ein ung organisasjon i 2002, skapt i erkjenning av at det var strategisk lurt med universitetsutdanna lærarar og yrkesfaglærarar i ein organisasjon. Men det var lite eller inga samkjensle mellom medlemsgruppene. Så da eg takka nei til å danse med ein yrkesfaglærar på ein lærarfest fordi han var svært full, fekk eg litt av ei lekse om hovne og skittviktige akademikarar, hugsar ho.

Fag versus pedagogikk

– Korleis prega motsetnadane i Utdanningsforbundet arbeidet i fylkeslaget dei første åra?

– Framfor alt med endelause diskusjonar om tilhøve mellom fagkunnskap og pedagogikk. Vi frå universitetet sa «fag, fag» og dei frå høgskolane sa «pedagogikk, pedagogikk». At eg sjølv utdanna meg på universitetet og ikkje på ein lærarskole, kom mykje av at eg ikkje ville spele piano eller ha sløyd. Eg ville ikkje risikere å måtte undervise i noko eg visste eg ikkje kunne bli god i, seier Inger Marie Bærug.

Ho ser at eit fylke som Nordland treng allsidige lærarar, og at tilhøvet mellom fagkunnskap og pedagogikk kan gi viktige debattar.

– Men dei evige diskusjonane i fylkesstyret bringa lite nytt, dei berre gjekk og gjekk. Til slutt var eg drita lei. Så etter kvart passa eg munnen min for ikkje å seie noko som kunne tirre opp enda ein runde, seier Inger Marie Bærug.

Respekt for leiken

– I åra etter stiftinga slost barnehagelærarane mot språkkartlegging og ei språklæring mange meinte bygde på eit smalt og instrumentelt språksyn. Dei fekk ikkje hjelp frå fagforeiningskameratar med lang akademisk utdanning nettopp i språk. Er det eit døme på at Utdanningsforbundet ikkje klarte å ta i bruk den samla kompetansen til medlemmane?

– Vi hadde dei debattane i fylkesstyret i Nordland, og det med god tverrfagleg deltaking av akademikarar med språkbakgrunn og barnehagelærarar. Men kor vart dei av? Å bringe slike debattar vidare opp eller rundt i organisasjonen, var ikkje lett, seier ho og held fram:

– Debattane om barnehagen var dei som lærte meg mest nytt. Eg lærte kva leik har å seie for liv og læring hos dei minste, og at vi må ha høg respekt for leiken. Den lærdomen har styrka erkjenninga av at elevane treng at vi tar ulike grep i undervisninga ut frå kvar dei er i livet.

– Tjue år gammal visjon er ikkje mislukka

I valkampen i fjor lova Høgre ei styrking av ungdomsskolen, slik Utdanningsforbundet òg tok til orde for då det vart skipa.

– Eit lyft for ungdomsskolen var ein av visjonane for det nystifta Utdanningsforbundet. Er Høgre sitt utspel tjue år etter eit teikn på at denne ambisjonen ikkje er innfridd?

– Nei. Erkjenninga av at ungdomsskolen treng eit lyft, er korkje ny eller politisk kontroversiell, seier Jan Tore Sanner.

Han var kunnskapsminister frå 2018 til 2020 og sit nå i utdanningskomiteen på Stortinget.

– Vi skaper ikkje ein god skole i ein stor reform som skal endre alt. Det trengst kontinuerlege endringar over lengre tid. Ei viktig utfordring er at skolemotivasjonen fell gjennom ungdomsskolen. Ein konsekvens av det er høgt fråvær. Dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet er tiltak for å møte dette. Det er brei politisk semje om at ein meir praktisk ungdomsskole er viktig for å møte problema, seier Sanner.

Han ønskjer Utdanningsforbundet til lukke med 20 år:

– Det har vore ei glede å samarbeide med Utdanningsforbundet, både i posisjon og i opposisjon. Det er blitt ein slagkraftig og god organisasjon, konkluderer Jan Tore Sanner.

Powered by Labrador CMS