– Uventa at Handal ikkje tar ein tredje leiar-periode

Ingen av fylkeslaga i Utdanningsforbundetundet hadde forslag på andre enn Steffen Handal som leiar i Utdanningsforbundet i neste valperiode.

Publisert

– I alle fall ikkje så langt valkomiteen har oversikt, seier Ottar Stordal, leiar i valkomiteen i Utdanningsforbundet.

Steffen Handal har vore leiar i to valperiodar, og kunne blitt valt for ein siste periode under landsmøtet i november, men fredag kom nyheita om at han - og dei to nestleiarane, seier takk for seg.

– Det er viktig å sleppe til andre, og det er tid for det nå, seier Handal sjølv.

Mange forslag

Nå i mai har alle fylkeslaga i Utdanningsforbundet hatt årsmøte, der dei har kome med forslag til medlem av det sentralstyret som landsmøtet skal velje. Det er kome mange forslag på nye medlem, også som første og andre nestleiar.

– Men ingen har sett fram forslag til ny leiar, seier Stordal.

Han understrekar at fylkeslaga sjølvsagt kan setje fram nye namn på kandidatar til leiarverva sjølv om årsmøta er ferdige.

Stor utskifting

Dei to nestleiarane Terje Skyvulstad og Hege Valås tar heller ikkje gjenval, sjølv om dei er valbare. Fire sentralstyremedlem, Tormod Korpås, Jan Morten Loftesnes, Siri Skjæveland Lode og Marit Himle Pedersen har meldt til valkomiteen at dei ikkje tar ein valperiode til. Det tyder at minst sju av tretten i styret blir bytta ut.

– Når får vite kven dei er, dei som ønskjer å slåss om å få vere leiar, nestleiar og medlem av Sentralstyret frå årsskifte og fire år framover?

– 15 .august sender valkomiteen ut lister til fylkeslaga over kandidatar som har sagt ja til å stille til verv, både kandidatar som er foreslått frå årsmøta, men og andre mulege kandidatar. Før 15. september må fylkeslaga sende oss sine nominasjonar. Men valkomiteen kan hente inn frie kandidatar også. 9. oktober legg vi fram vår innstilling. Så er det berre å vente på Landsmøtet, seier Ottar Stordal.

Powered by Labrador CMS