Praksisen i lærarutdanninga

Debatt: – Mange nye lærarar oppdagar at dei burde hatt meir praksis.

Publisert Sist oppdatert

I eit debattinnlegg i Utdanning nr. 1/2024 skriv fem 5-årsstudentar frå NLA Høgskolen ein interessant kronikk, der dei tek tek opp eit spørsmål om praksisen i lærarutdanninga, eit spørsmål som har vore drøfta mange gonger opp gjennom åra.

Om forfattaren

Atle Bjørn Mæhle har vore medlem i Utdanningsforbundet i over 50 år. Han har arbeidd med skule- og skulespørsmål og lærarutdanning som lærar, høgskulelærar, leiar i avdeling for lærarutdaning i Norsk Lærarlag (1985 - 1991), skulesjef, oppvekstsjef og kommunalsjef. Har vore med på fleire forsøks- og utviklingsprosjekt, blant anna «Norsk i grunnskulen» (1968 - 1980) og «Samarbeidsprosjektet Unge lærarar» (1980 - 1982). Han har skrive fleire bøker, åleine og i samarbeid med andre.

Eg var med i komiteen som hadde ansvaret for jubileumsboka til Høgskulen Stord/Haugesund då dei hadde 175 årsjubileum i 2014. Eg fekk ei særskild oppgåve å skriva om praksisopplæringa. Då oppdaga eg at i alle desse åra har det vore reist spørsmål om praksisen i lærarutdanninga er god nok. Eg trur mange av dei som har tatt lærarutdanning og startar arbeidet i skulen, oppdagar at dei burde hatt meir praksis.

Lærarutdanninga er ei yrkesutdanning. Det burde då vera sjølvsagt at det er samanheng mellom teorifaga og praksis, og at det er eit tett samarbeid mellom lærarane på høgskulen og i øvingsskulen. Men dette har dei aldri greidd å få til i lærarutdanninga. Det har på ein måte vore ein systemfeil som ein aldri har fått bukt med. 

Spørsmål om praksis har vore teke opp mange gonger, til dømes:

  • I 1913 drøfta Eksamenskommisjonen tilhøvet mellom lærarskulane og øvingsskulane med sikte på å gjera praksisopplæringa betre. Det vart vedteke å senda ut spørsmål til alle lærarskulane om korleis situasjonen var, og kva ein kunne gjera for å gjera praksisen betre. Frå Stord lærarskule gav ein i fråsegna uttrykk for misnøye med praksisopplæringa. Dei slo fast at «denne er mangelfuld og bør snarest omlægges og gjøres fyldigere».
  • I samband med ny læreplan 1974 vart det mykje drøfta kva ein kunne gjera for å få til ei meir praksisretta lærarutdanning. 
  • I 1979 fekk eg og høgskulelektor Jon Flokenes i oppdrag av Lærarutdanningsrådet og Stord lærarhøgskule om me kunne finna ut om lærarutdanninga var ei god utdanning for læraryrket. Me laga eit prosjekt som me kalla «Samarbeidsprosjektet Unge lærarar». Me undersøkte 2 kull med 30 nyutdanna lærarar kvart år. Dei var 1., 2. eller 3. året i yrket. Oppstarten var hausten 1980. Gjennom spørjeundersøkingar, samtalar og drøftingar med desse nyutdanna lærarane skaffa me oss eit omfattande materiale.
    Med bakgrunn i dette konkluderte me med at praksisopplæringa i studiet måtte leggjast om, gjerast meir mangfaldig og omfattande og samarbeidet mellom lærarane på høgskulen og praksislærarane måtte bli tettare. Alle nyutdanna lærarar burde få oppfølging første tida i yrket. Lærarutdanninga måtte utvidast til 4 år. I det nye 4. året kunne studenten vera i lærarjobb i 50% stilling ved ein skule. Studenten måtte få rettleiing både frå øvingslærar ved denne skulen og ein lærar frå Høgskulen. I den andre 50% skulle studenten gjera ei praktisk-pedagogisk oppgåve med utgangspunkt i den skulen han/ho arbeidde ved.
  •  I Utdanning nr. 1 2019 har fire tredjeårsstudentar ved lærarutdanninga i Bergen eit interessant innlegg som heiter: «Praksis forbereder oss ikke nok på yrket». 
    Dei peikar på at det er for lite praksis, dei får praksis i berre ein liten del av læraryrket og dei kjenner seg ofte som «inntrengjarar» ved den skulen dei har praksis.
    Dei understrekar at praksis burde vera læring og øving i å meistra alle sider ved lærararbeidet. Det er viktig at den nye læraren kjenner seg trygg i møte med elevane, føresette, kollegaer, og kjenner at han eller ho meistrar dei mangfaldige oppgåvene læraren møter kvar dag.
  •  9. november 2023 var det eit seminar ved Høgskulen på Vestlandet Campus Stord med tittel «Lærarutdanninga i krise».
    Høgskulen skriv m.a. i innbydinga: «Seminaret er lagt opp i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet ved dekan Asle Holthe og Pensjonistrådet Utdanningsforbundet Stord ved leiar Claus Junger. Sigmund Sunnanå, Jostein Osnes, Atle Bjørn Mæhle og Nils Mæhle, alle med roller i norsk lærarutdanning og sterk tilknyting til Stord lærarhøgskule, hadde teke initiativ til seminaret og laga programmet.

Dei hadde fått tak i mange flinke foredragshaldarar, og det var to hovudtema: Den dårlege rekrutteringa til lærarutdanninga og om den noverande femårige lærarutdanningsmodellen.»

På seminaret la Sigmund Sunnanå fram ein alternativ utdanningsmodell:

Nokre utdrag frå modellen hans:

  • Den obligatoriske femårige masterutdanninga blir erstatta av ei obligatorisk utdanning på fire år med påbygging til master som frivillig tilbod til studentar og vidareutdanning for lærarar.
  • Det første studieåret bør innehalda ein gjennomgang av lover og regelverk for grunnskulen og gjeldande læreplanar. Pedagogisk teori og praksis må vektleggjast, og studentane må læra om arbeidsmåtar og oppgåver for lærarane i dagens skule.
  • Studentane må læra om skulehistorie og kunne velja minst ei eining på 15 poeng i eit praktisk eller estetisk fag, (kunst og handverk, musikk, kroppsøving, mat og helse).
  • Heile det andre studieåret bør studentane vera i praksis ved ein skule/skular i ein kommune. Saman med lærarar der kan dei då få oppleva starten og slutten på eit skuleår. Dei kan få vera med på planleggingsdagar, møte med foreldre, hjelpetenester m.m. Dei er ein av lærarane i eit lærarteam, og saman med erfarne og kvalifiserte lærarar kan dei få arbeida som lærar i teamet.
  • Høgskulen må gjennom året arrangera kurs/seminar for studentane der pedagogiske og faglege tema blir drøfta.
  • Det tredje og fjerde studieåret bør nyttast til fagstudium av ulike omfang og på ulike nivå.
  • Studentane må kunne velja einingar på 15, 30 eller 60 poeng. Metodikk og praksis i faga dei vel, inngår i studiet. Ei studieeining i norsk og i eit praktisk eller estetisk fag bør vera obligatorisk. Der det høver, kan ein organisera tverrfaglege opplegg, gjerne i samarbeid med pedagogisk teori og praksis.

Dei fem studentane frå NLA Høgskolen ynskjer meir praksis, og dei skriv: «Vi opplever ikkje at teori og praksis har den helheten og sammenhengen som er nødvendig for å ruste oss til yrket, og vi ønsker en betre kobling mellom teori og praksis.»

Til slutt

Spørsmålet om praksis i lærarutdanninga har vore tema mange gonger utan at naudsynte endringar er gjort. Det er no arbeid i gang for å vurdera endringar i lærarutdanninga. Eg vonar at Utdanningsforbundet då vil leggja vekt på at ein vurderer praksisen, både når det gjeld omfang, samarbeid teori og praksis og organisering av utdanninga.

Powered by Labrador CMS