«Karakterar byggjer karakter». Illustrasjonsfoto: Pixabay

«Karakterar byggjer karakter»

Debatt: Eit forsøk på snikhumanisering

Publisert Sist oppdatert

Det er i vinden å vere mot karakterar om dagen, som om alt eleven gjer i skulen blir styrka om vi byter ut tal med bokstavar og «den gode samtalen». Ut med instrumentalismen, inn med indre motivasjon. Vurdering for læring er i vinden, som om det er læraren som skal jobbe vitet av seg i læringsprosessen med å mate inn med teskei korleis det enkelte individet ligg an i «læringsløypa» eller kva dei no kallar det. Flau vind frå venstresida, dette.

Lat oss vere heilt ærlege: Er det mogleg å gjere alt vi bør ut frå indre motivasjon aleine?

Lat oss vere heilt ærlege: Er det mogleg å gjere alt vi bør ut frå indre motivasjon aleine? Om ein følgjer denne tankegongen heilt ut, må vi kutte ut det vi ikkje er motiverte for, ikkje skjøner eller berre tykkjer er kjedeleg. At alle elevar skal vere indre motiverte for alt som skal gjerast i alle fag, verkar som ein rosenraud draum. Kanskje du ikkje ser formålet tydeleg med eit arbeid før du kan sjå tilbake på det. Kanskje hardt arbeid i tillit til at det er bra for deg, ikkje er av det vonde. Kanskje det er sunt å kjede seg og arbeide samanhengande med eit arbeid over tid utan å sjå formålet i ditt rike indre liv. I sånne situasjonar er det naudsynt å ha eit konkret mål å arbeide mot. Meir pålitelege mål enn gjennomtenkte talverdiar finn du ikkje. Vi må ha tillit til at lærarane veit kva dei snakkar om, og elevane har med å stole på det.

Det er ikkje sånn i vaksenlivet at vi kan velje vekk det vi ikkje er indre motiverte for til ei kvar tid. Ofte er det kanskje det viktigaste vi gjer. Rutine, repetisjon og tolsemd er viktige komponentar i ein fungerande kvardag. Vi må vere ærlege, den eleven som liker alle fag er sjeldan, og det er ikkje den eleven vi skal byggje skulen for. Heller ikkje den som hater alle fag. Å få talkarakterar er ein viktig motivasjonsfaktor i ein skule som alltid vil ha kjedelege, men naudsynte trekk. Talkarakterar er noko konkret du kan jobbe mot, og noko objektivt du kan bruke til å samanlikne deg sjølv med andre.

Prestasjonar er alltid i ein sosial samanheng. Skal vi ta dette frå dei ambisiøse elevane slik at dei mindre ambisiøse skal ha det betre med seg sjølv? Snakk om pedagogisk kommunisme og pedagogisk føleri. Skulen si kjerneoppgåve er trass alt ikkje å lage mest mogleg kompetente medborgarar, men å sortere elevmassen til dei jobbane dei passar best til, dette er noko alle veit. Alle liker å skryte om sosial utjamning, men vi veit at det ikkje er plass til alle på topp. Utan effektiv konkurranse og pålitelege tal, blir det heilt vilkårleg kven som hamnar kor i samfunnsmaskineriet. Slik vil vi ikkje ha det.

Eg køddar sjølvsagt, og har nesten gått tom for ironi. Her kjem alvoret:

Snart er det val, eit nytt høve til å vise om din menneskelege karakter seier noko meir eller anna enn karakterane du fekk i skuletida!

Eg skal stemme på eit parti som set frisk luft for barneborn høgare enn frislepp av eigen eksos. Eit parti som har trua på at lærarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, rektorar og andre offentlege tilsette forvaltar samfunnsoppdraget sitt utan å bli truga med sjekklister, veging og måling rundt kvar ein sving.

Eg skal stemme på eit parti som set frisk luft for barneborn høgare enn frislepp av eigen eksos.

Eit parti som ser på det som viktigare å vere i lag med folk og gjere det du skal enn å bruke dyrebar tid til å dokumentere at du har vore i lag med dei og gjorde det du skulle. Eit parti som ikkje alders- rase eller kjønnsdiskriminerar, verken på dag- eller nattetid. Eit parti som vil ha dei gode hendene inn att i helse og omsorg, partiet som erkjenner grensene for kva vi kan konkurranseutsetje eller digitalisere.

Eit parti som set respekten for andre over eiga krenking. Eit parti som talar med ei tunge, som ikkje lover meir enn det er dekning med dei knappe midla dei får å rutte med. Eit parti for ressurssterke som ikkje set seg over dei ressurssvake, men deler på goda. Eit parti som ikkje ser på yteevne som det same som ytevilje. Eit parti som trur på mennesket, men som ikkje set det som herre og sjef over ein natur som høyrer borna våre til. Eit parti for godheitstyrannar, som kan dele gullstolen med dei som kjem til oss i holete båtar. Eit parti for individ-dualistar, vi tvisynte som innser at det er gruppa som skaper individet sine vilkår for tap eller siger. Eit parti for dei som ser lyrikken i en NOU og alvoret i eit dikt. Eit parti for dei som ikkje ser «migrantar» i små glimt mellom reklamesendingar, Sex on the Beach og Masterchef, men som livredde menneske av same slag som oss sjølve. Takk til avdøde poet Triztan Vindtorn for "individ-dualist" forresten, eg fann ikkje på det sjølv.

Kva parti kan dette vere? Om du brukar eliminasjonsmetoden, blir det gjerne ingen att til slutt. Då er det i partiskammen sitt namn på tide å stifte «Framtidspartiet». Eit parti med karakter, som ikkje byggjer liv på andre sin død, ikkje notid på andre si framtid, og ikkje rikdom og fine dagar på andre sin fattigdom og utnytting. Partiet vi stemmer på når ingen ting stemmer, for veljarane utan dei høgaste stemmene.

Godt val!

Powered by Labrador CMS