Sparer 700 000 på sommarstengde barnehagar

Søndre Land kommune kjem truleg til å gjere sommarstenging i barnehagane til ei permanent ordning.

Publisert

Det er Oppland Arbeiderblad som melder dette.

Kommunen reknar med at dei med dette tiltaket vil spare 700 000 kroner.

I fjor stengde kommunen dei kommunale barnehagane i tre veker. Føresetnaden for stenginga i fjor var at kommunen skulle sikre barnetilsyn for familiar som fekk problem på grunn av denne ordninga. Dette vart det grundig informert om. Men da sommaren kom, var det ingen som hadde meldt frå om at dei trong eit tilbod om barnetilsyn i desse vekene.

Fram til i fjor hadde kommunen samla ungane som trong barnehageplass i desse sommmarvekene i ein barnehage. Men da skjedde det ofte at barn som var meldt på ikkje møtte.

I 13 mars må difor kommunestyret i Søndre Land i Innlandet ta stilling til om tre veker med sommarstengde barnehagar skal bli ei permanent ordning. I så fall krev det ei vedtekstendring. Ifølje Oppland Arbeiderblad vil framlegget om vedtekstendring bli vedtatt.

Powered by Labrador CMS