Foto: Mateusz Kapciak, Freeimages

Utdeling av medisinar i skole og barnehage er problematisk

Fagforbundet ønskjer ei forskrift om utdeling av medisinar i barnehage og skole.

Publisert

 

Forbundsleiar Mette Nord har tatt dette opp med Kunnskapsdepartementet.

Leiar for yrkesseksjonen kyrkje, kultur og oppvekst i Fagforbundet, May-Britt Sundal, forklarar kvifor:

– Våre medlemmar opplever ofte at dei må gi medisinar til barn og unge i skole, barnehage og SFO. Da må dei vere trygge på oppgåva. Det er viktig, framfor alt med omsyn til ungane, men òg med omsyn til dei som skal gjere jobben, seier ho til Utdanning.

– Tyder det at dei ikkje kjenner seg trygge i dag?

– Vi har fått ein rettleiar i korleis dette skal gjerast. Blir rettleiaren følgt, og det håper vi jo at han blir, så bør ein kunne kjenne seg trygg. Men vi meiner dette er så viktig at rettleiinga bør bli forskrift.

I tillegg ønskjer vi at dei som skal gi medisin får kunnskap om medisinen, slik at dei kan vite kva dei gjer, seier May-Britt Sundal.

Det er ikkje kome svar på brevet til departementet.  

 

Powered by Labrador CMS