Ylva hjelper fadderbarnet sitt, Synne, med å få på regnbuksa før dei skal ut og leika.

Fem år gamle Ylva har ansvaret for å hjelpe Synne (3) med måltider og påkledning

Ylva er fem år og går siste året i barnehagen. Nå gler ho seg over fadderansvaret ho har fått for Synne (3).

Publisert Sist oppdatert

– I fjor var Mie min fadder. Men ho har byrja på skulen nå, sier Ylva, fem år. 

Neste haust skal ho også starte der. Men først er det hennar tur til å steppa opp og ta fadderansvar for eit yngre barn. Amanda Barnehage i Haugesund har gjennom fleire år praktisert ei fadderordning i avdelinga for dei eldste barna.

I avdelinga Måkeslottet, som har 19 barn mellom tre og seks år, ligg det ei forventing i lufta mellom dei eldste barna, dei som er medvitne om at skulen ventar om eitt år der framme. 

Men før dei kjem så langt, er det mange som gler seg over at dei nyleg blei tildelt fadderansvar for dei yngste og nye barna i avdelinga.

Heilt nye og framande for einannan vil fadder og fadderbarn likevel ikkje vera. Døra mellom avdelinga for store barn og naboavdelinga for dei yngste barna er ofte open, slik at litt kjennskap og vennskap er blitt utveksla. Dessutan er det ofte søsken i kvar si avdeling, som iblant treng kontakt og støtte hos einannan. 

Lotte, som er fadder, hjelper Julie med å forsyna seg frå bufféen.

Fadderordning og seremoni 

Mellom ymse oppslag og plakatar på tavla i avdelinga for store barn, heng det ei liste som heiter «Fadderordning». I kolonna til venstre står haustens vekenummer, til høgre står namna på fadrar og fadderbarn. 

Ein av dei tre vaksne ved avdelinga, Cathrine Aase, som er barne- og ungdomsarbeidar, fortel at lista på veggen viser kven som er utpeika til kjøkenhjelparar dei næraste vekene.

– Me har ei ordning med fadrar, som i samarbeid med sitt fadderbarn hjelper til med å førebu eit av dagens måltid, seier Aase.

Då alle barna var tilbake etter ferien, blei det halde ein liten seremoni på avdelinga. Fadrar og fadderbarn fekk vita kven som skal halda i hop utover hausten. 

– Då samla me alle barna på eit rom. Me song god-morgon-songen før me snakka om fadrane sine oppgåver og kva som er viktig for dei å vera merksame på, seier Cathrine Aase. 

Deretter blei dei nye fadrane ropt opp. Kvar av fadrane fekk så eit bilete av sitt fadderbarn. 

Kan justera undervegs 

– Me legg vinn på å skapa litt høgtid rundt tildelinga av fadderbarn og dei oppgåvene som følgjer med. Det er viktig at fadrane skjønar kva tankar som ligg bak, dette med å vera ein god venn og visa empati, seier Aase. 

– Kva skjer dersom fadder og fadderbarn ikkje fungerer saman? 

– Då er det opp til oss vaksne å oppmuntra dei med å fortelja fadrane kor heldige dei er som får slike oppgåver og utfordringar. Det brukar å gå seg til når dei får litt tid på seg og får testa ut forholdet i ulike situasjonar. Men dersom det viser seg at nokre samansetjingar likevel ikkje går seg til, kan me gjera justeringar utover hausten, seier Aase. 

Ho legg til at dei aller fleste fadrar og fadderbarn finn ut av det med einannan, og dei fleste tykkjer at dette er stas.

Hjelp og støtte under måltidet 

Under matøkta midt på dagen sit fadder og fadderbarn ved sida av kvarandre rundt langbordet. I dag er det buffé med pasta, reker, egg og ymse grønsaker attåt. Barna kan forsyna seg sjølve frå bufféen. Då skal fadderen hjelpa kvar sitt fadderbarn. 

– Eg har lært at Synne ikkje likar reker, seier Ylva. 

Ho fortel vidare at ho er fem og eit halvt år pluss litt til og at ho også hjelper Synne på tre år når dei skal kle på seg før uteleik.

Gunnar tar eit lite krafttak under ryddinga før lunsjmåltidet. Han er fem år og greier å løfta ei full plastklasse med leiker inn i hylla. Han er blitt fadder og fortel at han yter hjelp til sitt fadderbarn med klede og med å få på sko når dei skal ut. Innandørs er det ofte behov for å henta ned leiker frå høgare hyller og dessutan hjelpa til under måltida.

– Det er gøy å vera fadder, seier Gunnar, som legg til at han iblant også yter hjelp under fri leik utandørs. 

Jonathan seier at i tillegg til å hjelpa sitt fadderbarn med påkleding, hender det at han også hjelper to andre yngre barn. 

Cathrine Aase fortel at kvar duo, fadder og fadderbarn, har si veke kor dei er i fokus og har visse fortrinn. 

– Dei får til dømes høve til å velja kva songar som skal syngjast. Dessutan snakkar me om deira felles oppgåver og utfordringar, seier Aase. 

I Amanda Barnehage har dei gjennom fleire år hatt gode erfaringar med fadderordninga. Her er det fadder Leon som hjelper sitt fadderbarn Iver med påkleding.

– Barn vil ta ansvar 

– Fadderordninga har me hatt i Amanda barnehage i fleire år, og me har har hatt særs gode erfaringar, seier styrar Elin Bauge-Dybdahl. 

Karina Ødegård er mor til Jonathan i barnehagen. Ho fortel at Jonathan hadde fadder då han skulle over til avdelinga for store barn.

Marte Berge Engedal, til venstre, er pedagogisk leiar for Måkeslottet, ei avdeling for barn mellom tre og seks år. Elin Bauge-Dybdahl er styrar i den foreldreeigde Amanda Barnehage i Haugesund.

– Han tykte det var ekstra stas å få vera med på ymse aktivitetar saman med eit større barn. Han kunne få litt ekstra hjelp i garderoben når dei skulle ut og leika, og han fekk sitja ved sida av fadderen sin under måltida. Jonathan blei dermed ekstra godt kjent med eit større barn på avdelinga. Det skapte tryggleik, og han fekk ei god oppleving rundt det å byta avdeling, seier Ødegård.

Ho seier vidare at nå gler Jonathan seg over sjølv å vera fadder.

– Eg trur at barna ønskjer å få litt ansvar og at dei gjerne vil vera med å bidra. Fadderordninga opplever dei difor som noko positivt. Dessutan er det stas å tilhøyra gruppa med dei eldste barna i barnehagen, seier Karina Ødegård. 

Inntil i sommar var ho styremedlem i Amanda Barnehage. 

Denne barnehagen er foreldrestyrt og foreldreeigd gjennom eit samvirkeforetak, har fire avdelingar og i alt 60 barn og 18 vaksne. To avdelingar er for større barn det vil seia for aldersgruppa tre til seks år. 

For tida er det overskot av barnehageplassar i Haugesund kommune. Men Elin Bauge- Dybdahl kan opplysa at i denne barnehagen er alle plassar fylte opp, og at dei jamvel har venteliste.

Cathrine Aase held regnbogeløva fram for Ylva. Løva er maskot når barna lærer å bli styrka i å ta ansvar for eigne val og handlingar.

Snakkar om kjensler 

På leikerommet heng ein plakat, som viser mange små teikningar av ulike ansikt med skiftande sinnsstemningar og utrykk. 

Cathrine Aase forklarar at plakaten er til god nytte, særleg når dei yngre barna skal prøva å utrykka kva dei føler. Då kan dei peika på den teikninga som liknar mest på korleis dei har det. 

Aase seier vidare at dei i kvardagen snakkar ofte med barna om kjensler.

– Me snakkar om korleis dei trur at dei andre barna har det, viss dei ser ut til å møta motgang og blir lei seg og korleis me andre kan bidra for å støtta og hjelpa og gi litt trøyst. Heile tida har me fokus på vennskap, snakkar om ulike sider ved vennskap og om korleis vera ein god venn. Dette temaet er den raude tråden gjennom heile året, sier ho. 

– Dei største barna veks ved å ta på seg ansvar for yngre barn sin trivsel, samtidig som dei yngre barna likar å vera saman med dei som er litt eldre. Dessutan kan dei yngre barna i blant vera til trøyst og støtte for dei eldre, seier Aase. 

Fri leik utandørs 

Etter måltidet midt på dagen skal alle barn og vaksne ut til leik. Barnehagen har eit stort og romsleg uteområde med mange ulike leikeapparat. Dei eldste borna leikar oftast med kvarandre når dei er utandørs. 

Gunnar og Leon går saman om å leita fram vaskekostar og bøtter for å gjera reint på ytterveggene til leikehytta. 

Ylva saman med Alina prøver føyser og klatrar deretter i masta på eit leikeapparat som liknar ei sjørøvarskute. Dei grev litt i jorda og leitar fram mark, eller noko som dei kallar barna til marken. 

Innafor barnehagen sine gjerde er det eit relativt store grøntområde. Langs eine langsida av bygget er det planta epletre og plommetre. Styraren fortel at det eine treet bar så mykje frukt denne hausten at det rotvelta i eit stormkast. 

I eit hjørne ved hovudporten ligg ein innhaldsrik kjøkkenhage med teigar for jordbær, rabarbra, gulrøter og ymse andre grønsaker.

– Her er det høvelege aktivitetar og utfordringar for både fadrar og fadderbarn, seier styrar Elin Bauge-Dybdahl.

Powered by Labrador CMS