Kunnskapsminister Guri Melby.
Kunnskapsminister Guri Melby.

Melby vil framleis opne for heimeskole på gult nivå

Både lærarar og Barneombodet vil det beste for elevane. Difor trur kunnskapsministeren det må vere råd å finne semje om heimeskole.

Publisert Sist oppdatert

– Regjeringa kom med framlegg om at det skulle vere høve til å ha heimeskole også på gult nivå. Lærarane var for framlegget, Barneombodet og Folkehelseinstituttet var mot, og framlegget vart ikkje gjennomført. Kor står dette spørsmålet i dag?

– Eg ønskjer framleis at gult nivå skal gi høve til noko meir heimeskole og arbeider med det. Skolane treng den fleksibiliteten. Og eg fekk eit inntrykk av at partane i debatten snakka litt forbi kvarandre. Det er jo ikkje tvil om at både lærarane og Barneombodet vil det beste for elevane. Difor vil eg sjå på korleis vi kan ha noko meir digital undervisning og samstundes sikre barn og unge så mykje fysisk opplæring som mogleg, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

I dette intervjuet svarar ho på aktuelle spørsmål om koronasituasjonen. Mandag kjem fasiten om kva tiltak som vil gjelde i barnehagar og skolar framover.

– Skal vere trygt å gå på jobb

– Det kan framstå som at ein del rapportar ikkje er i samsvar med kvarandre. Éin seier at barn i mindre grad smittar, ein annan at lærarar oftare er smitta enn andre grupper. Korleis skal ein manøvrere smittevern, pedagogikk og politikk mellom dei motsetnadane?

– Eg må understreke at Folkehelseinstituttet framleis seier tydeleg at små barn smittar mindre enn ungdom og vaksne, og at vi heile tida må følgje råd derfrå. Utfordringa er at kunnskapsgrunnlaget vi skal gjere vedtak ut ifrå, endrar seg svært raskt. I mars trudde vi det ikkje hadde effekt å bruke munnbind, nå meiner vi det har. Når det gjeld lærarsmitte, så veit vi ikkje kva som skjuler seg bak tala. Men mykje tyder på at Oslo-lærarane, eller meir presist, lærarane i nokre delar av Oslo, står for ein stor del av smittetala i statistikken. I så fall må vi gjere noko. Det skal vere trygt å gå på jobb, også i Oslo. Samtidig veit vi ikkje om det er jobben eller andre tilhøve som gjer at lærarane blir smitta.

Kor nære var det at det òg vart raudt i barneskolen og barnehagen då avgjerda om raudt nivå i ungdomsskole og vidaregåande kom?

Det var aldri aktuelt. Det eg var i tvil om, var om vi skulle ha raudt nivå i ungdomsskolen. Konsekvensen av raudt nivå er at elevane er mindre til stades på skolen reint fysisk, med risiko for mindre læring og mindre sosial kontakt.

Les også: Oslo ber om ny munnbind-vurdering for ansatte i skoler og barnehager

Studentar som vikarar

– Koronatiltak skaper mannefall blant tilsette i barnehagane, og vikarar er mangelvare. Få og uerfarne tilsette gir utrygge ungar, ifølgje meldingar derfrå. Dei barnehagetilsette meiner tiltaket bør vere redusert opningstid. Bør dei få det?

– Det er eit tiltak som kan nyttast, og mitt inntrykk er at det blir brukt. Men barnehageeigaren har plikt til å sikre forsvarleg bemanning. Utan det gjer ikkje barnehagane jobben. Det er ein av grunnane til at vi har løyvd først 30 milliardar i 2020, og så 8,6 til i 2021, til kommunane under pandemien.

– Ein del barneskulerektorar og barnehagestyrarar peiker på at det er mangel på folk som kan vere vikarar. Kva seier du til det problemet?

– At det må vere mogleg å få vikarar. Barnehagane kan ikkje sitje og vente på ei krise før dei hentar inn vikarar. Å bruke studentar har vore eitt tiltak som er blitt nytta.

Les også: Uenige om hvorfor koronapenger ikke når ut til skoler og barnehager

Rettferdig eksamen

– Blir det eksamen i grunnskole og vidaregåande skole i år?

– Eksamen må vere rettferdig. Vurderinga vi må gjere, er difor om skoletilbodet landet rundt har vore så likt at det blir rettferdig. Innspel frå Utdanningsforbundet og Elevorganisasjonen vil vere viktige når vi skal ta avgjerda. Eg håpar vi finn ei praktisk løysing for eksamen, men ting kan endre seg raskt.

– Til slutt: I eit lesarinnlegg på Utdanningsnytt skriv lektor Christian Lomsdalen: «Elever og lærere utsettes hver dag for et arbeidsmiljø som ikke overholder de smittevernsbestemmelsene som gjelder for resten av samfunnet. Det er det gode grunner for, men kan dere ikke ha nok respekt for oss til at dere er ærlige? At det er viktigere at skoler holdes i gang enn at vi er trygge der?» Kva svarer du Christian?

– At premisset er feil. Vi har ingen god skole om ikkje alle er trygge. Og det vi har sett, er at elevar og tilsette har vore trygge. Svært få skolar har hatt store smitteutbrot. Tiltaka har fungert. Men eg kan møte han med at noen skoleeigarar har vore for strenge med å ta i bruk tiltak som heimekontor. Der kan vi vere einige.