Stjørdal kommune er hardt rammet av koronaviruset (Covid-19) og har strammet inn tiltakene.

Korona-tiltak gir kritisk høgt fråver

– Bemanninga i barnehagane balanserer på ein knivsegg, seier Ann Kristin Geving, oppvekstsjef i Stjørdal i Trøndelag.

Publisert Sist oppdatert

Smittetala i kommunen auka frå 32 smitta frå mars og til julaften, til 182 frå mars og til 5. januar.

Nå er det raudt smittevernnivå i ungdomsskolen, og gult i barneskole og barnehage.

Ifølgje oppvekstsjef Ann Kristin Geving er det framfor alt omsynet til sårbare barn som gjer at barnehagane og barneskolane er på gult nivå.

– Men reglane er skjerpa, slik at om ein i husvære har symptom som kan tyde på korona får ikkje friske familiemedlem kome i skole eller barnehage. Det gjeld for både barn og tilsette, seier Geving.

Vanskeleg bemanning

Dette gjer at mange barn ikkje kjem til skolen eller barnehagen. Men det gjer også at fråveret blant tilsette er svært stort. Og sidan barnegruppene ikkje kan delast, blir bemanningssituasjonen svært vanskeleg.

– Vi har ennå ikkje måtta stenge. Men det går frå dag til dag. Meldingane vi får, særleg frå barnehagestyrarane, er at dei klarer det i dag og dei klarer det i morgon, og så veit dei ikkje meir. Perspektivet er ikkje lenger enn det, seier Ann Kristin Geving.

Nestleiar i Utdanningsforbundet Stjørdal Gunn Øverland er oppteken av urealistiske forventningar til skole og barnehage under krisehandteringa.

– Forventninga er at vi skal drive som normalt. Men med så høgt fråver blant tilsette går det ikkje, seier ho.

Øverland minner om at det ikkje er rikeleg med fagleg kvalifiserte vikarar tilgjengeleg.

– Så seier reglane at ufaglærte vikarar skal få rettleiing. Men det er ikkje tid og folk til å gi den rettleiinga.

Les også: Det er unntakstilstand i barnehagene

God kontakt

Samstundes understrekar Gunn Øverland at kontakten mellom tillitsvalde og kommunen om situasjonen er god.

Det same seier leiar av Utdanningsforbundet Trondheim, Gry Tingstad. Her har også talet på korona-smitta auka sterkt dei siste vekene.

– Dei tillitsvalde i barnehagane melder om svært god kontakt med kommunen, seier ho.

Utdanningsforbundet Trondheim skal ha møte med tillitsvalde om situasjonen i dag, onsdag.

– Vi er svært spente på kva vi vil få vite. Det vi veit, er at det er stort fråver blant dei tilsette. Difor har det har vore så travelt både i skolen og barnehagen at å gi informasjon til oss ikkje har vore høgt prioritert. Men vi veit at fleire er engstelege for å bli smitta på jobb, seier Tingstad.

Kommunalsjef Bjørn Helge Græsli seier til Utdanningsnytt at kommunen er klar over at vikarsituasjonen er vanskeleg, men at inntrykket likevel er at den er overkommeleg.

Les også: Bufdir-sjef: Rødt nivå i skolen vil ramme sårbare barn

Fortsatt gult nivå i Oslo

Onsdag ble det klart at byrådet i Oslo beholder gult nivå i barnehagen og barneskolen.

– Det har hele tiden vært viktig for byrådet å skåne barn og unge mest mulig. Det er nettopp noe av grunnen til at andre tiltak er så strenge. Vi ber for eksempel folk ikke gå på besøk til hverandre og bidra til mulig smitte, slik at ansatte i barnehager og skoler kan få utføre den viktige jobben de gjør. Derfor innfører vi ikke rødt nivå i barneskoler og barnehager nå, men beholder gult nivå, sier Inga Marte Thorkildsen (SV), byråd for oppvekst og kunnskap.

– Dette er i tråd med anbefalinger fra både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Av samme grunn vil det være tiltak for barn og unge vi først vil vurdere lettelser, fortsetter hun.

Powered by Labrador CMS