Foreldre ser på streikefaren i barnehage og skole som reell

– Vi håpar å unngå streik, men registrerer at streikefaren er der, og støttar alltid lovleg lønnskamp, seier Marius Chramer, leiar i Foreldreutvalet for grunnskolen.

Publisert

Chramer minner om at både pandemien og streiken i fjor belasta ulike delar av landet ulikt.

– Difor ber vi om at ved ein eventuell streik blir det tatt omsyn til dei områda som alt har hatt store bører, slik at belastningane ikkje rammer dei same igjen og igjen, seier Marius Chramer. Han oppfordra og til dialog mellom partane i samarbeidsorgana på den einskilde skolen for å betre forståinga for ein eventuell konflikt.

– Foreldra vil alltid det beste for lærarane, seier Chramer. Samstundes understrekar han at ein god avtale er ein avtale som er god for båe partar, i dette tilfellet både arbeidstakar og arbeidsgivar.

– Vi meiner det må vere muleg for partane å få til ein slik avtale.

– Er barnehageforeldre budde på ein ny barnehagestreik?

– Ingen vil vel ha streik, seier Einar Olav Larsen, styreleiar i Foreldreutvalet for barnehagar.

Ekstra viktig å unngå streik

– Vi hadde ein lang streik i fjor, den kom tett på pandemitida med stengde barnehagar eller barnehagar med redusert opningstid. Det talar for ei ekstra sterk von hos foreldre om å unngå streik, seier han.

– Om det likevel blir streik, kven av partane trur du foreldra vil gi sin sympati til?

– I Fub tar vi ikkje stilling i ein slik konflikt. Men det er lett å tenkje at den parten som står for ein politikk som også vil gi fordelar som foreldre opplever er viktige for ein god barnehage, dei vil få mest sympati.

Dialog

– Mye av forståinga for at det er naudsynt med ein streik, den blir skapt i dialogen mellom barnehagen og foreldra, held Larsen fram.

– Er den dialogen god, vil også forståinga for ein streik bli god, konstaterer han.

– Dei tilsette har ein mye tettare kontakt med foreldra enn det barnehageeigar har. Gir det rått parti i kampen om foreldresympatien?

– Alle barnehagar har eit samarbeidsråd. Der er både arbeidsgivar, tilsette og foreldra representert. Slik har arbeidsgivar direkte kontakt med foreldregruppa i kvar einaste barnehage. Den kan dei nytte til å få forståing for sitt syn, seier Einar Olav Larsen.

Powered by Labrador CMS