Lærarar vil vere glade på jobb

Å oppleve meistring og glede i samver med barn og elevar er svært viktig for at lærarar blir verande i yrket. Lønn er ikkje like viktig.

Publisert Sist oppdatert

Dette er blant konklusjonane i rapporten «Å rekruttere og beholde lærere i barnehage og skole- et kunnskapsgrunnlag», frå Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger.

– Vi har gått gjennom drygt 400 forskningsarbeid om å rekruttere og behalde lærarar. Vi har vurdert kvalitet på arbeidet og trekt konklusjonar basert på dei arbeida vi meiner er av god nok kvalitet til å seie noe om våre spørsmål, seier Elaine Munthe, professor og leiar ved senteret.

Arbeidsmiljø

Ein viktig konklusjon er at forskinga viser at arbeidsmiljøet er svært viktig for at dei lærarutdanna blir verande i læraryrket. Oppleving av kommunikasjon og støtte frå leiinga og godt kollegaskap får lærarane til å bli i jobben.

Men blir arbeidsoppgåvene for uhandterlege eller meingslause og opplevinga av å vere verdsett minkar, aukar faren for at læraren seier opp.

Det daglege, kontinuerlege arbeidet for gode relasjonar og miljø er difor svært viktig for at dyktige lærarar skal halde fram i yrket.

– Er definisjonen på eit godt arbeidsmiljø for lærarar eintydig? Det er til dømes dei som meiner at det gode arbeidsmiljøet krev at lærarane har mye tid saman på skolen, medan andre meiner mye ubunden tid er viktig for godt arbeidsmiljø.

– Vi byggjer vår oversikt på forsking frå andre og har difor ikkje ein eigen definisjon på godt arbeidsmiljø. Men kva som gir det gode arbeidsmiljøet kan vere viktig å arbeide vidare med. Både i vidare forsking, men ikkje minst i det konkrete arbeidet i skolane og barnehagane, seier Elaine Munthe.

Låge søkjartal

Bakgrunnen for å lage ei kunnskapsoversikt over forsking om rekruttering og å behalde lærarar er at søkjartala til lærarutdanningane er låge og at fleire utdanningsinstitusjonar har tomme studieplassar.

– Det gjeld både her i landet og utanlands, understrekar Munthe.

– Kva meiner forskinga er viktig for at unge skal velje lærarutdanning?

– At dei sjølv har hatt gode opplevinga på skolen er viktig, seier Elaine Munthe, og held fram:
– Å bety noe for barn og unge, å kunne støtte og hjelpe dei, det framstår som svært sentralt i motivasjonen for å ta lærarutdanning.

Men her har vi eit problem med å forstå alle mekanismane. For det er jo fleire yrke enn berre læraryrke der yrkesutøvaren er viktig for store og små menneske. Men det er få forskarar som har studert rekruttering til fleire, ulike yrkesgrupper samtidig. Difor veit vi ikkje kva som gjer at ønsket om å vere viktig for barn og unge får noen til å ta akkurat lærarutdanning.

Lønn

– Kva tyder lønn for å rekruttere og behalde lærarar?

– Der det er vanskeleg å få tak i kvalifiserte lærarar, som i utkantkommunane, kan det å tilby litt meir lønn vere ein rekrutteringsstrategi for å få kvalifiserte lærarar, slår Elaine Munthe fast.

– Men vi veit ikkje kor lenge effekten av auka lønn varer, understrekar ho.

– Så vil jo alle sjølvsagt kjenne seg verdsett, og at lønna skal syne det. Men ut over dette er lønn og andre ulike økonomiske insentiv eit felt der dei ulike studiane kjem til ulike resultat. Noen finn at lønn kan ha betydning, i andre peikar resultata både for og i mot, og noen finn ikkje at lønn betyr noe, seier ho.

– Forskinga vi har studert, viser at ulike menneske ser ulikt på lønn. Det ser til dømes ut til at høg lønn kan vere viktigare for menn enn for kvinner. Men vår hovudkonklusjon er at meistring og glede i godt arbeidsmiljø med støtte frå leiing og kolleger er det viktigaste for å rekruttere og halde på lærarar, avsluttar Elaine Munthe.

Powered by Labrador CMS