Språk er også ein praktisk øving som ein må trene på for å bli betre. Utfordringa er å gjere praksisen morosam og teorien spennande, skriv Brita Servan. Foto: Dantesz,FreeImages

«Byt ut engelsk og norsk fordjuping med eit språkfag som gir elevane generell innsikt i språk og mykje øving i å bruke dei»

Eg foreslår at me kastar fordjupingsfaga slik dei ser ut i dag og lagar eit nytt fag: Språk og kommunikasjon. Ein slags light versjon av humanistisk fakultet sitt ex fac-fag.

Publisert Sist oppdatert

Fordi mange av elevane som vel faget Engelsk fordjuping slit i engelsk, blir faget som ei støtte til den ordinære læreplanen i engelsk, skriv Marthe Haugen i Utdanning i mai 2017.

Eg mistenker at mykje av det same gjeld faget Norsk fordjuping. Ved eit lite søk på internett ser eg at dette faget blir framstilt som ei fordjuping i grunnleggjande dugleikar og studieteknikk. Faget blir ved vår skule ofte valde av nykomne elevar – elevar som gjerne ikkje er gode nok i norsk til å følgje den ordinære læreplanen. Me har altså to språkfag i dag som ikkje fungerer godt som alternativ til framandspråka spansk, tysk og fransk.

Men me har elevar frå heile verda som gjerne snakkar tre-fire språk. Nokon kan skrive på dei òg, ofte med eit heilt anna skriftspråk enn det latinske. Og sjølv om det er viktig for barn sin kognitive utvikling å bli betre i sine morsmål, sjølv om samfunnet treng kompetanse i mange språk – og sjølv om det står i opplæringslova at elevar med behov for det, har rett på morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring – så ligg det ingen faktiske føringar på at skulane skal utvikle desse elevane sin fleirspråklege kompetanse.

I vidaregåande utdanning kan ein ta eksamen i framandspråk som privatist på 40 ulike språk. Ungdomsskulane gjer mykje for at elevane skal klare å følgje spansk, tysk eller fransk på vidaregåande. Einskilde skular gir dessutan opplæring i samisk eller teiknspråk. Kvifor ligg det ingen læreplan på bordet -med vurdering med karakter- som kan hjelpe elevane til å ta eksamen i nokon av dei 35 andre språka?

Eg foreslår at me kastar fordjupingsfaga slik dei ser ut i dag og lagar eit nytt fag: Språk og kommunikasjon. Ein slags light versjon av humanistisk fakultet sitt ex fac-fag. Altså ei innføring i korleis me kan analysere språk, kor ein ser på ulike tema – frå dei store geografiske og historiske linjene til dei små delane som lyd og skrift. Faget må vere slik at dei tospråklege i norsk og engelsk også kan lære noko nyttig. Kanskje noko dei kan ta med seg til ordinær norsk og engelsk, slik fordjupingsfaga fungerer i dag. I kompetansemåla bør det stå verb som samanlikne, drøfte, presentere, skrive – språklege dugleikar som er krevjande, men som ein treng i dei fleste utdanningar og yrke.

Og ikkje kom og sei at skulen ikkje treng meir teori: «alt» er både teori og praksis. Språk er også ein praktisk øving som ein må trene på for å bli betre. Utfordringa er å gjere praksisen morosam og teorien spennande. Så lenge ein må bestå i norsk og engelsk på vidaregåande, trur eg ikkje nødvendigvis arbeidslivsfaget er eit godt alternativ til framandspråk for alle.

Så dette er mitt forslag til arbeidet med å styrke humaniora si rolle og å endre læreplanane: erstatt norsk og engelsk fordjuping med språkleg fordjuping. Eg trur det vil gi elevane innsikt og øving – og for dei fleirspråklege: ei økt sjølvkjensle, som gjer dei betre rusta til å fullføre vidaregåande utdanning. Anten det er å ta eksamen i arabisk som privatist for å ta høgare utdanning, eller det er å bestå i engelsk for å få eit fag- eller sveinebrev.

 

Skriven av Brita Marie Servan, lektor ved Bremnes ungdomsskule

Powered by Labrador CMS