Dystre tider for målstyrarane

Eg vil gjerne trøyste målstyrarane og håper at de kan senke skuldrene.

Publisert Sist oppdatert

Vi har ei regjering (heretter kalla «målstyrarar») med ein politikk som er basert på å styre offentleg sektor gjennom krav om måloppnåing og etterprøving/testing av desse krava. I skulesektoren er det eit par heilage kyr for målstyrarane. Den eine er PISA-testinga. Den noko yngre og meir kortreiste kalven, er bruken av skulebidragsindikatorar. PISA-testinga er for målstyrarane ein vedteken påliteleg indikator på kompetanse i nokre utvalde grunnleggande dugleikar. Skulebidragsindikatorane har ein bestemt seg for å bruke for å få eit påliteleg bilete av kvaliteten på utdanning, der fullføring av vidaregåande opplæring er indikatoren på ynskt kvalitet. Kor mykje skulane har lukkast i å «heve» elevmassen frå eit gitt nivå skal vere grunnlag for å rose og rise og fortelje kven som skal lære av kven.

Dei fleste lærarar og faktisk og dei fleste forskarar har eit heilt avmålt forhold til både PISA og bruk av skulebidragsindikatorar. Vi har eit breitt danning- og utdanningsansvar i skulen, og desse målingane seier noko om berre litt av dette oppdraget. Om vi går eit poeng opp eller ned, veit vi at det ikkje dermed er sagt at vi har blitt so mykje betre eller dårlegare. Dei som syslar med IQ-testing seier og at det du testar med IQ-testing, er fyrst og fremst evna til å utføre IQ-testar. Det er ingen gitte overføringsverdiar mellom testscore, den heilskapen du utgjer som menneske, kva du kan yte som samfunnsborgar eller korleis du har det med deg sjølv.

Eg trur at målstyrarane hadde to store ynskje denne hausten. Det eine skulle vere at Oslo, med sitt rykte for å vere den mest målstyrte skulen, skulle gjere det mykje betre enn alle andre skular. Det ville vere eit kronargument for å eksportere denne styringsforma til hjelpetrengande kommunar. Slik gjekk det ikkje. Finnmark gjer ein betre jobb enn Oslo i følgje denne undersøkinga. Vil målstyrarane dermed ivre for å eksportere Finnmark sin praksis til tigerstaden?

Det andre store ynsket for målstyrarane var sjølvsagt eit hopp på PISA, slik at ein kunne slå seg på brystet og feire målstyringsskulen sin fortreffelegheit. Det skjedde heller ikkje. Då vi sist gjekk opp på PISA var somme fort ute med «Høyrepolitikk virker!». Kvifor er det ingen frå den leiren som er ute og seier «Høyrepolitikk virker visst ikke likevel…» Det har vore ganske stille frå målstyrarane etter PISA, men eg reknar med at det blir ein del roing og bortforklaringar framover.

Eg vil gjerne trøyste målstyrarane og håper at de kan senke skuldrene. Vi er ikkje noko betre eller dårlegare med heilt marginale svingingar på PISA eller andre testar.

Eg trur at vi blir jamt betre på mykje eg, samstundes som det er krefter som ikkje er på lag med det som skjer i skulen. Vi har mellom anna ikkje nok kunnskap om korleis læring skjer best i det digitale globaliserte miljøet, som har fått fasong gjennom heile LK06 si «regjeringstid», og vi aner heller ikkje kvar utviklinga tek oss. Digitaliseringa er ein realitet vi ikkje kan velje vekk, men kva som rustar ein til å meistre det digitale er framleis ikkje gitt. Mange stiller no spørsmål med lesinga sine vilkår i det moderne mediesamfunnet.

Vi bør ha ein open og fordomsfri diskusjon om kva rolle skjermlesing og skjermbruk skal spele på ulike trinn og i ulike fag, og diskusjonen bør fylgjast opp med god kvalitativ og kvantitativ forsking.

Vi veit ikkje kva digitalt miljø førsteklassingane våre er i når dei går ut av grunnskulen om ti år, eller når dei skal i arbeid om 13-20 år frå no. Mange er no i harnisk når politikarar legg ned forbod mot bruk av skjerm i dei lågaste alderstrinna i Stavangerskulen, og spør om kva metodefridomen vart av. Eg kan ikkje sjå at den har utvida seg eller krympa. Vi har ein metodefridom med modifikasjonar, val digitalt eller analogt læringsmiljø blir som hovudregel teke over lærarnivå.

Eg tykkjer det er både modig og spanande å velje vekk skjerm, vel og merke i dei lågaste klassetrinna. Vi har som lærarar «alltid» hatt ein metodefridom som har vore styrt av sentrale og lokale politiske vedtak. Når det gjeld læremiddel, har det og «alltid» vore ei metodisk tvangstrøye. Å ikkje kunne velje digitalt eller å ikkje kunne velje analogt er den same tvangen, og vi bør eigentleg rope like høgt uansett kva retning metodevala våre blir styrte. At ungane kan ha dei fyrste åra med leseopplæring med penn, papir og bøker vil kanskje styrke føresetnadane deira for å bli gode lesarar og skrivarar både på skjerm og papir. Kva treng dei minste elevane eigentleg datamaskiner til?

Før det blir for langt, vil eg runde av med ein påstand om noko ein nittiåring aldri nokon sinne kjem til å seie, når livet skal summerast opp og evaluerast: «Eg skulle ønskje eg hadde brukt meir tid framføre ein skjerm».

Powered by Labrador CMS