Svar frå ein påstått salamander

Debatt. Tilbod om skrivehjelp til litteraturkritikar Knut Hoem.

Publisert

Kjære Knut Hoem.

Eg las innlegget ditt om Bjørneboe og norsklærarane. Då eg hadde lese, kjende eg meg urettferdig behandla, blei ganske sur, og fekk ikkje det minste lyst til å følgja oppmodingane dine. Og det er nokså paradoksalt. Som dei fleste norsklærarar elskar eg litteratur generelt og norsk litteratur spesielt, og eg har i utgangspunktet ikkje noko større ønske enn å dela denne kjærleiken med elevane. Det burde altså ikkje vera vanskeleg å få meg med på laget!

Les også: Hva dagens norsklærere kan lære av «Jonas»

Eg vil difor tilby deg litt skrivehjelp. Som norsklærar er det ei oppgåve eg har erfaring med. Tipsa kan du bruka neste gong du vil skriva ein tekst der målet er å vinna andre over på di side, det vi i norskfaget kallar argumenterande tekst. Her har du nemleg forbetringspotensial.

Første tips

Ver positiv. Vis at du anerkjenner og set pris på det mottakaren faktisk bidreg med.

Norsklærarar står i førstelinja. Dei tek imot elevar med alle slags bakgrunnar og utgangspunkt, og prøver å gjera dei til deltakarar i eit fagleg litteratur- og tekstfellesskap. Eg skal lova deg at jobben til tider kan kosta blod, sveitte og tårer.

Norsklærarar introduserer elevar for biblioteket, og prøver å finna ei bok for alle – også dei som aldri har klart å lesa ei heil bok sjølv før. Norsklærarar les høgt så elevane gløymer både tid og stad - og får elevar til å bli forundra og stolte over at dei sjølve også (med bitte litt hjelp) kan skriva både dikt og forteljingar som grip lesaren.

Norsklærarar har den største arbeidsbøra av alle lærarane i norsk skule fordi dei tar oppgåva med å driva skriveopplæring på største alvor. Eg reknar med at du ikkje får mange tilsvar på innlegget ditt, for på denne tida av året sit dei fleste av oss med vurderingsarbeid både kveld og helg, og har ikkje tid til å skriva lesarinnlegg.

Les også: Mykje har endra seg sidan «Jonas» kom ut

Andre tips

Prøv å forstå.

Det er eit ordtak som seier at før ein feller ein dom, bør ein prøva å gå eit stykke i skoa til den ein skal dømma.

Bjørneboe er eit føredøme her – når han skreiv om norsk skule, skreiv han om noko han hadde erfaring med. Har du vurdert å prøva det same? Då ville du kanskje ha oppdaga at ein norsklærar må gjera jobben sin innafor visse rammer. Vi har mellom anna ein læreplan. Og den seier – tru det eller ei – IKKJE at «å formidle kunnskap om norsk litteratur og norske forfattere til elevene» er vår fremste oppgåve.

Norsklærarar står i førstelinja.

Som dei fleste er klar over, er norskfaget aldeles fullstappa med viktige oppgåver. Vi skal læra elevane å lesa og skriva i ulike sjangrar. Vi skal læra dei å diskutera, fortelja og å samtala. Vi skal introdusera dei for det språklege mangfaldet som finst i Noreg. Vi skal læra dei å skriva rett på både nynorsk og bokmål, og få dei til å forstå kvifor vi har to målformer i Noreg. Og så vidare og så vidare.

Du hevdar at vi svikta oppdraget vårt i koronatida i vår, fordi «dårlig zoom-undervisning kunne blitt erstattet av klassesett med fysiske bøker og krav om at den enkelte skulle gjøre rede for hva hun hadde lest, skriftlig».

Her viser du igjen nokså alvorleg mangel på forståing for rammevilkåra ein norsklærar i grunnskulen har. Forslaget ditt ville i dei alle fleste ungdomsskuleklassar ikkje lata seg gjennomføra. Det er to enkle grunnar til dette. For det første finst ikkje klassesetta med romanar. Skulane har ikkje råd til slikt.

For det andre er ikkje leseferdigheitene gode nok. I dei klassane eg har hatt dei siste seks åra, har i gjennomsnitt ein av tre elevar hatt ei lesehastigheit på under 100 ord i minuttet, mange av dei langt under. (Den same elevgruppa rapporterer jamt over at dei aldri les noko utanfor skuletida, bortsett frå det dei finn på sosiale media. Tilfeldig at dei les dårleg? Neppe. Norsklærarane sin feil? Niks.)

Tredje tips

Ikkje ver for bombastisk når du uttaler deg om ting du har avgrensa kunnskap om.

Artikkelen du viser til, gir, med respekt å melda eit nokså avgrensa utgangspunkt for å vita «alt» om kva som skjer i norsk skule. Du oppgir sjølv at materialet forskarane bygger på, er 178 timar film, fordelt på 50 klassar, filma i løpet av ei skuleveke per klasse. Veit du då nok til å fråta norsklærarar all ære når det gjeld arbeid med litteratur og litterære samtalar i klasserommet? Forskarane er sjølve tydelege om kva materialet ikkje fortel.

Viss du er interessert, kan eg godt fortelja deg korleis vi arbeider med skjønnlitteratur på åttande trinn på min skule.

Ikkje ver for bombastisk når du uttaler deg om ting du har avgrensa kunnskap om.

Om hausten arbeider vi med sjangeren forteljing. Vi les forteljingar høgt, og vi bruker txt-aksjonen sitt opplegg for å introdusera åttandeklassingane for dei heilt nye ungdomsbøkene som er komne ut i år. Vi les, vi samtaler, vi diskuterer, og elevane vel seg ut sine favorittbøker som dei presenterer for dei andre.

Om våren les vi ein roman – ofte har vi brukt De som ikke finnes av Simon Stranger, som vi les høgt i klassen og arbeider med på ulike måtar, mellom anna med litterær samtale. Vi arbeider også med teikneseriar, ein sjanger som no for tida er nesten ny for elevane. For i tilfelle du lurte: Born og ungdom les ikkje lenger teikneseriar av seg sjølv. Når vi spør elevane om å ta med ein teikneserie heimanfrå som dei kan presentera for dei andre, melder fleirtalet pass. Slikt har dei ikkje i huset.

Så kjære Knut Hoem, kan vi vera einige om at vi legg vekk hønene og fjøra deira, og heller prøver å heia på kvarandre?

Viss du lovar å ikkje kalla meg salamander meir, skal eg lova å ikkje kalla deg alt det eg har hatt lyst til heilt sidan eg las innlegget ditt for første gong. Vi er trass alt på same lag, eg og du!

Powered by Labrador CMS