Marit Himle Pedersen, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet, reagerar sterkt på tala om vald og trugsmål mot lærarar.

Utdanningsforbundet: Vald og trugsmål mot lærarar trugar rekrutteringa til skulen

Lærarar har fire gonger så stor sjanse for å bli utsett for vald og trugsmål som tilsette i andre yrkar. I Utdanningsforbundet fryktar dei for kva det vil ha å seie for rekrutteringa til læraryrket.

Publisert Sist oppdatert

– Vi ser ikkje ut til å ha arbeidsgjevarar som tek dette på alvor. Det er kritikkverdig, seier Marit Himle Pedersen.

Pedersen sit i sentralstyret i Utdanningsforbundet og er leiar for kontaktforum for grunnskule i forbundet.

– Det trengs politisk vilje til å satsa på tiltak som krev ressursar, i tillegg til at arbeidsgjevar må ta ansvar for system som sikrar at arbeidsmiljølova vert følgt og at ein har eit helsefremmande arbeidsmiljø i skulen, seier ho.

Les også: Arbeidstilsynet tror volden i Oslo-skolen er underrapportert

– Hastar å ta grep

Tysdag skreiv Utdanningsnytt om eit nytt verktøy laga av Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI). Verktøyet er særskilt tilpassa dei utfordingane tilsette i skulen møter i sitt arbeidsmiljø.

Ifølgje Stami har blant anna lærarar på 1.-10. trinn over fire gonger så høg risiko for å bli utsette for vald og trugsmål samanlikna med yrkesaktive elles i samfunnet. 28 prosent av lærarane oppgir dessutan at fråvær skuldast helseproblem som heilt eller delvis er forårsaka av jobben.

– Dette er dramatiske tal, men diverre ikkje overraskande. Det stemmer overeins med meldingar vi får frå våre tillitsvalde og medlemmer, seier Marit Himle Pedersen.

– Dette er alvorleg for den enkelte tilsette, som kan få øydelagt livet sitt grunna eit arbeidsmiljø som er helseskadeleg, og det er alvorleg for landet vårt med tanke på dei utfordringane vi har med å rekruttera og behalda lærarar. Eit arbeidsmiljø som gjer tilsette sjuke, er ikkje eit godt utgangspunkt for å rekruttera og behalda lærarar. Det er heilt avgjerande at arbeidsgjevarar tar grep, og det hastar når vi ser desse tala og koplar dei opp mot rekrutteringsutfordringane i skulen.

Meir kompetanse og auka bemanning

– Kva meiner du er dei viktigaste tiltaka for å få bukt med vald og trugsmål mot lærarar?

– Det viktigaste i møte med desse problemstillingane er å førebygga og å jobba med årsakene til problema. Slik eg ser det, er auka bemanning eit viktig grep, som vil setja skulen i stand til å dela klassen i mindre grupper, tilpassa undervisninga meir, tilby meir praktisk undervisning og sjå den enkelte elev på ein betre måte.

Himle Pedersen peiker også på tiltak som meir tid til kontaktlærarane, eit styrka lag rundt eleven og meir kompetanse hos lærarane på kva som triggar og dempar problemåtferd, og kva ein lærar kan gjera når det oppstår uønskte hendingar.

Les også: En av fire lærere i grunnskolen utsettes for vold og trusler

– Bruk av avvikssystem er og noko våre medlemmer peikar på er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet. Dette er viktig for å synleggjera problemet og vita kor ein treng setja inn tiltak. Dette vil og vera viktig informasjon for politikarar som skal løyva midlar til sektoren, seier ho.

– Og når hendingane likevel skjer, er det viktig at læraren ikkje vert ståande åleine, men opplever støtte frå leiar og kollegaer. Prosedyrar og handligsplanar for korleis ein skal handtera vald og trugsmål i skulen er noko våre tillitsvalde er opptekne av, og som me tenker vil vera viktig for at handteringa vert så god som råd for alle partar. Dette må utarbeidast gjennom partssamarbeidet og verta ein naturlig del av lærarane sin praksis. Slike prosedyrar manglar mange stader, noko me ser på som svært uheldig.

– Meir målreatta

Himle Pedersen meiner det er positivt at man får bransjespesifikke verktøy i arbeidet for eit betre arbeidsmiljø.

– Desse bransjespesikikke verktøya kan vera meir målretta vår sektor, og difor til hjelp for både forebygging og handtering av desse hendingane, som eit supplement til lov og avtaleverk og andre tiltak eg har peika på.

Powered by Labrador CMS