Elevane sine rettar til gode læremiddel er for svake

Debatt: Den digitaliserte kvardagen vi har, blir aktivt brukt for å sleppe å ta ansvar for gode læremiddel.

Publisert

Salet av lærebøker til skulen har aldri vore so lågt. Ansvaret for å klippe, lime, improvisere og skvise mjølk ut av gråstein er delegert til læraren. I samband med dette er det strid om Nasjonal Digital Læringsarena (NDLA), som somme ser på som ein god og rimeleg måte å produsere oppdaterte læremiddel på utsida av vanlege mekanismar som tilbod og etterspørsel, gjennom at det skal finansierast gjennom sjølvkost av dei fylkeskommunane som er med i spleiselaget.

Det er mange sider ved dette, og dei fleste som engasjerer seg i spørsmålet om NDLA og læremiddelsituasjonen, gjer det på vegner av berre ei side, medan dei bagatelliserer dei andre.

Anja Johansen, sekretær i Kunnskapsdepartementet toer sine hender og rosemålar skulane sine høve til å utøve fagleg skjøn, medan ho frontar ei «lat alle digitale blomar bløme»-haldning, når ho i Klassekampen 23. august seier: «Dersom regjeringen og Kunnskapsdepartementet skulle begynne å mene mye om kvaliteten på læremidler som kjøpes inn lokalt, vil det svekke det faglige skjønnet som skolene skal ha.»

Solveig Schytz (V) tek i alle høve standpunkt, mot NDLA, når ho i innlegg 22. august på Utdanningsnytt.no hevdar at «Venstre har tillit til lærerne og lærerkollegiene og at de best selv kan velge de læremidlene som deres elever og deres fag trenger.»

Torstein Tvedt Solberg (Ap) tek òg standpunkt mot NDLA, når han 9. august på nettstaden kulturplot. no seier «(…) at det er en dyr modell som man får lite ut av.»

Desse utsegnene har eg ikkje ønska å ta ut av kontekst, men vald dei fordi eg les dei som representative for dei haldningane desse aktørane har. Tvedt Solberg har ikkje heilt rett i at det er ein dyr modell. Det er tvert om ein sparemodell som lokkar fylkeskommunale kundar med lav prislapp og varierande innhald. Sjølv brukar eg NDLA når eg får idétørke, tidsnaud eller om læreboka er dårleg. Både representanten for Kunnskapsdepartementet og venstrepolitikaren snakkar fram det faglege skjønnet lokalt, men viser null innsikt i kva rammer lærarane faktisk har lokalt for å velje læremiddel. Dei er svake.

Vi lærarar veit best sjølv kva læremiddel vi vil ha, men grunna lokal økonomi har vi ofte valet mellom forelda klassesett av papirbøker eller eit digitalt «klipp og lim»-liv. Det er faktisk berre unntaksvis at vi kan velje sjølv. Kan ein lokal skuleeigar spare på læremiddel, er dette gull verd for budsjettet, og tilbake på skulane sit rektorar, avdelingsleiarar og lærarar og klør seg i skallen over denne likesæla til elevane si læring frå styringshald.

Svake rettar til læremiddel

Elevane sine rettar til gode læremiddel er for svake. Læremiddel er ein potensiell sparepost, som er flittig brukt. I dag ser mange skuleeigarar blindt på at NDLA er billeg, og dei kan bruke den digitaliserte kvardagen til å argumentere mot tradisjonelle lærebøker. Tradisjonelle lærebøker speler framleis ei rolle. Det er ikkje sånn at fotosyntesen eller det periodiske system driv og oppdaterer seg frå dag til dag.

Mange fag har ein kunnskapsbase der kanskje det meste er kunnskap med lang haldbarheit. Fleire av dei store forlaga har denne kunnskapen om kunnskap, og kombinerer i større og større grad analoge og digitale læringsressursar, som gjev høve til å forvalte kunnskapen med lang haldbarheit i papirform, og den kunnskapen som er meir dagsaktuell, i digital kropp. Det treff flest elevar, og er den beste ramma for føreseieleg og god undervising.

NDLA er for mange ei naudløysing som det minste av vonde, når læremiddelkrybba elles er skålande tom, og/eller ein er i tidsnaud. Det nyaste no er at fleire kommunane har greidd ut premissane for å lage eit tilsvarande læremiddelkonsept som NDLA for kommunalt spleiselag (les: skuff full av spareknivar), kalla FriDa. (Fri digital arena). Læremiddel bør aldri bli noko ein skal kunne spare på. Med erfaringane frå NDLA er eg for min del dermed heilt lunken til at dette initiativet skal eller bør realiserast.

Elevane sine læringsvilkår er for viktige til at dei skal variere i takt med lokal kommune- eller fylkesøkonomi.

Vi må heve debatten frå spørsmålet NDLA/FriDa eller ikkje til kva som kan styrke elevane sine prinsipielle rettar til gode læremiddel på tvers av geografi og økonomi. Kvar elev bør ha ein sum til læremiddel som lokal skuleeigar ikkje kan få tak i, men som lærarane i samråd med elevane kan forvalte til å kjøpe dei læremidla som best kan realisere fordringane i ny læreplan. Elevane sine læringsvilkår er for viktige til at dei skal variere i takt med lokal kommune- eller fylkesøkonomi.

Powered by Labrador CMS