Eg har endå til gode å møte ein lærar som er entusiastisk over NDLA, skriv Roar Ulvestad.

Gje alle elevar ein fast sum til læremiddel

Debatt: «Eg har endå til gode å møte ein lærar som er entusiastisk over NDLA.»

Publisert

Historisk har vi lenge vore i ei brytningstid når det gjeld overgang frå analoge til digitale læremiddel. Dei som lever av å selje læremiddel, har sjølvsagt økonomiske motiv, medan dei som kjøper læremiddel, naturleg nok vil ha dei so rimelege som mogleg. Skulen har tradisjonelt kjøpt læremiddel frå dei store forlaga, og klassesett med tradisjonelle lære- og arbeidsbøker er kostbare. Det kan difor vere freistande å legge opp til auka digitalisering, om prislappen der er meir gunstig for ein pressa skuleøkonomi. Kostnadsmotivet låg bak eit interkommunalt samarbeid om digitale læremiddel mange år tilbake, og førte til læremiddelprosjektet Norsk digital læringsarena (NDLA). Dette er eit spleiselag mellom fylker, for læremiddel i vidaregåande opplæring. Dei kan skilte med ein veldig låg kostnad per elev samanlikna med om ein kjøper læremiddel frå dei store kommersielle aktørane.

NDLA har hatt ei svært dramatisk skjebne, der det etter kvart viste seg at store ressursar mellom anna hadde blitt ausa inn i konsulentfirma i Nord-Norge. Den ville pengebruken resulterte i at vi fekk ei kompleks heimeside med ein prislapp eg meiner å huske var i storleiksorden ein milliard, men med eit innhald som ikkje harmonerte. Lærarar i vidaregåande har vore mellomnøgde til misnøgde, eg har endå til gode å møte ein lærar som er entusiastisk over NDLA. Kritikken ein høyrer, er både mot eit litt gamalmodig brukargrensesnitt, som føreset ein klikk-bonanza heilt på høgde med klikkeverstingen Its Learning.

Dernest er faginnhaldet varierande, til og med på dei store faga. Dei små faga, som det er mange av i vidaregåande skule, manglar ofte dekning i NDLA, og der er det ofte heller ikkje alternativ frå dei kommersielle aktørane. Mange lærarar har kutta bruken av NDLA, og brukar timar langt ut over arbeidstidsbestemmingane for å klippe, lime og skrive eigne læretekstar og oppgåver.

Les også: Lærebøkene som forsvant

Uansett erfaringar har det lenge ligge i korta at det er fullt mogleg å lage eit tilsvarande tilbod for grunnskulen. I ein periode vart uttrykket «Ndla-G» brukt som arbeidstittel på dette moglege tilbodet, og det har i eit lite nettverk av kommunale driftige folk vore arbeidd med å sjå på føresetnadane for eit slikt tilbod. No har det kome so langt at det har fått eit eige namn, «Frida». (Fri Digital Arena). Eg forstår det slik at tanken er å legge seg opp mot forretningsmodellen og den faglege modellen som ligg til grunn for NDLA sitt tilbod til vidaregåande. Utan å gå inn i for mykje detaljar, er det vel innlysande at det finst eit godt utval av små, mellomstore og store tabbar og dårlege avgjerder å lære av i NDLA sin historikk. Dette får vere dei reine VGO-lærarane sin jobb å greie ut om tenker eg, eg håper nokon kan ta bladet frå munnen om dette.

Ut frå det eg har lese av nyare material, er det innlysande at for kommunane er høvet til å spare pengar det største og mest lysande motivet for å framsnakke og kjøpe digitale heller enn analoge læremiddel. Hadde bøker vore billigare enn data, hadde den pedagogiske tonen òg vore ein annan, kanskje eg er slem som seier det, men eg gjer det likevel. Frida kjem nok til å bli eit tema i den næraste tida som mange kjem til å meine mykje om. Eg skal ikkje meine noko på den skulefaglege innhaldssida, og eg skal ikkje meine noko om digitale versus analoge løysingar. Det eg vil meine noko om er økonomien i det. Først om ein tek vekk kostnadsaspektet, vert aktørane sine pedagogiske innspel til å stole på.

Eg håpar at vi i Utdanningsforbundet kan vurdere om det kan vere ein god ide å arbeide mot læremiddel som ein rett for elevane, med ein konkret prislapp som ein ikkje kan trikse seg vekk frå. Elevane har mange lov- og regelfesta rettar andre plassar, kvifor ikkje her? Mange av dei skulane som ikkje brukar NDLA, opererer med ein kostnad på om lag 1500 kroner pr elev pr år, og NDLA lokkar med ein prislapp på ein tiandedel av dette. Hovedtillitsvalde frå fylkesnivå har kviskra meg i øyret at dette er fake news og misvisande reklame. For kommunepolitikarar kan det sjølvsagt vere freistande å gripe dette lovande høvet til sparing med begge hender, og håpe at det går bra. Lærarane har jo ansvaret uansett, og det som ikkje let seg google, er som kjend ikkje verd å vite uansett ...

Eg ønskjer meg pengar til jul. Eg ønskjer at vi arbeider for at kvar elev skal ha avsett ein konkret sum til læremiddel. Eg ville og ta litt ekstra i og starte med ein inngangssum på 2000 kroner til kvar elev årleg, øyremerka læremiddel. Det er vel ein femtedel av kostnaden til ein iPhone, fortener ikkje elevane våre det? So kan det lokale profesjonsfellesskapet av leiarar og lærarar forvalte desse midla, og kjøpe det som dei kan gå god for fagleg. Relevante og aktuelle læremiddel på papir, skjerm eller begge delar. Om ein brukar 150 kroner på NDLA/Frida, har ein likevel 1850 kroner att. I dag er det lærarane som betaler for kvar ei innspart krone, gjennom endelause timar med improvisering og arbeid med eigne læremiddel i og etter hildringstimen.

Dei 1,3 milliardane det ville koste, svarar til om lag 15 kilometer med tofelts motorveg etter kort og primitiv overslagsrekning. Elevane er vegen inn i framtida, det er denne vegen vi bør bruke pengar på. Eg håpar at vi kan få ein diskusjon om læremiddel som ikkje handlar om Gyldendal, Aschehoug, Cappelen, NDLA eller Frida, men at val av læremiddel igjen kan bli fagleg funderte og det siste vi sparar på. Om vi ikkje blar opp det som gode læremiddel faktisk kostar, vil Fagfornyinga ende opp som eit lengdehopp med ein kilometer tilløp og ein meter hopp.

Powered by Labrador CMS