Jens Bjørneboe som lærar på Steinerskolen.

Hoem, Bjørneboe og Moder Teresa

Debatt: «Sjølv var eg ganske vaksen før eg skjønte at Bjørneboe sine bøker er ganske mediokre, både språkleg og innhaldsmessig.»

Publisert

Eg trur eg har lese det som er av innlegg frå Knut Hoem om skjønnlitteraturen si sotteseng i skulen. Eg meiner han har ei god sak, men at han stort sett har gjort ein dårleg kamp. Det har vore polemiske utspel i fleng, retoriske lyskespark og fornærmingar i mange retningar.

Strategien er ikkje ulikt læraren, som når han kjeftar og ikkje får det som han vil, kjeftar endå høgare. Han har felt harde dommar over planverk og pedagogisk praksis, utan at han har vist særleg innsikt i kva som faktisk skjer eller ikkje skjer ute i skulen.

Etter innlegget då han bestemte seg for å bruke Jonas som pedagogisk læretekst, fekk han fleire gode svar, som heldt eit noko betre saksnivå enn det han sjølv gjorde. Heldigvis let han seg ikkje provosere over i enda meir galimatias, men skreiv eit godt innlegg som til og med ein med salamanderanklager hengande over seg, kan nikke anerkjennande til deler av (Knut Hoem: Å forstå hvor viktig skjønnlitteraturen er for elevene bør bli hipt igjen)

Norskfaget har eit stort oppdrag, der skjønnlitteraturen nok har blitt marginalisert frå og med Kunnskapsløftet. Det er likevel ikkje beksvart. Eg vil hevde at ut frå gjeldande planverk, har læraren aldri hatt betre høve til å bruke litteratur enn no.

Det er det sikkert ingen som har sagt før. Utan å fortape seg heilt i nostalgi, der vi huskar det vi vil huske, tykkjer eg at litteraturundervisinga eg sjølv fekk i grunnskulen på syttitalet, og på vidaregåande der eg var ferdig i 1986, hadde mange sorgens kapittel, utan den store gnist eller nerve.

Les også: Hva dagens norsklærere kan lære av «Jonas»

Særleg på barne- og ungdomskulen var lærarane lenka til læreboka, og vi vart køyrde gjennom den same litteraturhistoriske kverna som foreldra våre. Ofte med dei same lærebøkene som dei.

Noko betre vart det då eg møtte ein meir oppdatert og radikal norsklærar på vidaregåande. Han hadde nok av og til same ande som Jens Bjørneboe i klasserommet på Steinerskolen, ikkje berre på måndagar, men han hadde i det minste eit eige blikk på kva som kunne vere interessant for oss eller ikkje. Han var definitivt ikkje under det nasjonalromantiske åk og piska oss ikkje med forfattarbiografiar og epokekjenneteikn.

«Ord i tid» var òg gode læreverk, spekka med gode tekstar, utan for mykje pedagogisk tilleggspjatt. Dermed vart det litteraturvitskap som fyrste fag på universitetet, og ein samansett utdanning dominert av språk og litteratur. Mest på trass av norskopplæringa, men og grunna ein norsklærar med litterær ryggrad (og eit folkebibliotek der eg fekk velje sjølv)

Då pensum skulle bli til kompetansemål

Då planskrivarane skulle ta eit oppgjer med gamle tider i Kunnskapsløftet og pensum skulle bli til kompetansemål, var nok ikkje alt vellukka. Pensum er konkret, kompetansemål er det ikkje, so vi fekk ein tolknings-bonanza som resulterte i vidt ulik praksis på dei ulike skulane.

I tillegg blei det bestemt at sakprosa som sjanger skulle køyrast sterkare fram i faget, legitimert med eit nyfødd literacy-omgrep. Det var heller ikkje heilt vellukka. Det er ikkje «de tekstene som omgir oss i samfunnet» (ofte brukt uttrykk i literacy-samanheng) som naudsynleg skaper leseglød og kjærleik til språk og litteratur, for å seie det på den måten.

Mange opplevde at litteraturen vart sett til side til fordel for sakprosa gjennom det første tiåret med Kunnskapsløftet.

Børre Egil Johnsen, nestor i norskfaget, skreiv vel allereie på 1980-talet at vi er i alle fall minst to år for tidleg ute med det vi eksponerer elevane for. Angsten for at dei ikkje blir vaksne fort nok er nok noko som gjennomsyrar både strukturar og kulturar i skulen no som på 80-talet. Kanskje vi no er tre år for tidleg.

Uansett: mange opplevde at litteraturen vart sett til side til fordel for sakprosa gjennom det første tiåret med Kunnskapsløftet. Då vi fekk fagfornyinga var det derfor ein felles intensjon, slik eg opplevde det, om å få ein meir balansert tilnærming. Litteraturen er tilbake.

Den amerikanske forfattaren Ezra Pound (1885-1972) sa at «Literature is news that stays news». Litteratur er tatt på alvor i den nye planen på mange måtar. Eit av dei viktige oppgjera er med den ufatteleg kjedelege tekstutdragskulturen vi har hatt i lærebøker.

Å ta ut fire sider frå ein roman for å få fram eitt eller anna obskurt tematisk eller litterært poeng, fungerer sjeldan. Når eg sjølv har hatt lærebøker av dette slaget, har eg galant hoppa over desse litterære klønefragmenta og prøvd å gjere noko eg kan stå inne for.

Utdragslesing er ut. Langlesing er på banen att, men med andre legitimeringar enn tidlegare. I eit djupnelæringsperspektiv har vi lærarar no fått lov til å velje vekk overflatisk småplukk for å gå meir i djupna, og vi har ein plan som er fleksibel nok til å gjere gode litterære val for og saman med elevane våre.

Hoem slit med dei nye omgrepa, og viser til dei nye kjerneelementa. Dette er ingen krise, dei gamle hovudtemaa ligg der, ikkje langt under bokstavoverflata, om han grev bittelitt med filologspada si. Eg er sjølv heilt nøgd med at vi har fått utfordra og erstatta gamal språkbruk.

Som Georg Johannesen lærte oss med sine til tider illsinte, spissformulerte, men djupt skolerte utsegn, er «det litterære» til stades i alle sjangrar, sjølv i dei mest subjektslause utgreiingar vi finn, som agerer objektivitet av ville pinen, er det skrivarar av kjøtt og blod som tek retoriske og estetiske val. Alle som fekk oppleve han, såg i augene hans at han var glad i folk, men sint på villfaringane deira. Stor inspirasjon å ta med seg!

Som amanuensis Jonas Bakken ved UiO har utfordra oss på i fleire akademiske tekstar, er vi ikkje der i dag at vi tolkar litteratur og analyserer sakprosa. Tolking og analyse er reiskapar som i ulik grad kan vere anvendelege på tvers av gamle forståingar og avgrensingar.

Slike innspel er med på å gje eit dynamisk og utfordrande norskfag som eg vil ha, der vi ikkje har drøvtygging og repetisjon som grunnaktivitet, men vi freistar å kome stadig djupare i forståing av både språk og litteratur.

Den ikoniske statusen til «Jonas»

Den Jonas som Knut Hoem snakkar om, Bjørneboes mest populære gestalt, har ein ikonisk status som ein nesten ikkje har lov å tukle med. Sjølv var eg ganske vaksen før eg skjønte at Bjørneboe sine bøker er ganske mediokre både språkleg og innhaldsmessig, og eg vegrar meg for nylesing av «Jonas», sjølv om eg har lese den to gongar tidlegare.

Eg liker faktisk betre bøkene til nevøen, Sven Kærup Bjørneboe, om du spør. Som amanuensis Heming Gujord ved Universitetet i Bergen påpeikar i ein flott artikkel i Prosa nr. 5/2020, er det ikkje alle sider ved Jonas som står seg like bra, og han viser mellom anna til ei overgrepsscene som vi nok ikkje bør eksponere elevane for utan ein del kontekstualisering.

Det har vore stor ståhei når Karl Ove Knausgård og Tomas Espedal har trekt lugubre hendingar frå eige liv inn i litteraturen, men er det greitt at Bjørneboe er minst like luguber? I same kapittel får Bjørneboe smetta inn nynorskforakten sin, når han skildrar korleis bondestudentane i klassen ropar etter pensum på bondemålet sitt når norsklæraren prøver å vere kreativ.

Gujord viser til professor emeritus Eivind Tjønneland, som ein stad stiller spørsmålet: «Bjørneboe var viktig – men som intellektuell?». Gujord skriv vidare: «Bjørneboe var nok heller si tids fremste influensar, og han brukte dei verkemidla han hadde til rådvelde. Men det er ikkje alltid slik at influensarane viser folk den rette vegen.» (Gujord 2020: s.64)

Kanskje Bjørneboe har blitt ein slags Moder Teresa-skikkelse, som er best på pidestallen ...

Kanskje Bjørneboe har blitt ein slags Moder Teresa-skikkelse, som er best på pidestallen, utan at vi er verken granskande eller kritiske. Dels Hemingway, dels Moder Teresa, dels Sophie Elise med riksmålsordliste? Misogyn erkeengel med alkoholproblem?

Ser vi nøye nok etter, finn vi ein del faenskap og syrleg skit som vil erodere pidestallen rimeleg kvikt. Jonas er nok best å ha lese for tjue år sidan. Då kan hukommelsens lommelykt skinne på akkurat dei poenga vi vil.

Nyles «Jonas», den som torer. Eg likte best skodespelet «Semmelweiss», romanen «Haiene» og langdiktet han har om mat, «Om steder på jorden og mat jeg liker.» Autoritets- og systemkritikken i «Semmelweiss» er kanskje eit viktigare bodskap å gå inn i enn å tvære på salamander-metaforen i «Jonas».

Frå Bobseybarna til Homer

Vi tar uansett poenget, Hoem. Vi er ikkje salamandrar sjølv om du seier det med utestemme. Norsklærarar elskar litteratur og ønsker at elevane skal få det same lidenskapelege forholdet til litteratur.

Men vegen frå Bobseybarna til Homer er ikkje som før. Vi har mange krefter å kjempe mot for å bryte rom til den gode og lange lesing som skaper menneske med eit livslangt kjærleiksforhold til det skrivne ord. Men planen vi har i dag er ikkje so hakkandes galen.

Vi kan velje lengre tekstar, velje vekk utdragslesing, høgtlesing er på moten igjen, og vi er ikkje predestinerte til å karve elevane gjennom litteraturhistoria med religiøst blikk på 1800-talslitteraturen.

Les også: Mykje har endra seg sidan «Jonas» kom ut

Hoem skriv: «I mangelen på tydelige føringer ovenfra blir det opp til norsklærerne å ta ryddejobben.» Det er heilt rett, men det var ingen suksesshistorie med tydelege føringar ovanfrå heller. Ansvaret til norsklærarane er difor større enn tidlegare, og får vi fridom til å gjere jobben, har vi berre oss sjølve å skulde på.

Eg deler difor noko av Hoem sin angst for litteraturen si skjebne, men kanskje av ulik motivasjon. Hoem skriv nemleg til slutt: «Gjennom å dele felles referanser til det litterære arvesølvet forstår vi hvor vi hører hjemme hen.»

Dette er støvete tankegods, Hoem. Eg vil at elevane skal bli glade i språk og glade i litteratur, og at dei litterære møta skal gje dei noko, som hever blikket mor verda og styrke innsikta om seg sjølv i verda. Vi har fargerike klasserom i dag, og skal vi bygge felles identitet, må vi bruke andre midlar enn det tradisjonelle og krittkvite arvesølvet.

For meg er det eit tankekors i flammer at i den tida Jonas måtte gjennom, var kanskje det tradisjonelle arvesølvet på sitt mest skinnande i norske klasserom. Beinhardt resitert og knokla inn i skallane på dei unge, om dei no ville eller ikkje, av dresskledde samfunnsstøtter, som gjekk langt framme i toget på syttande mai. Hipp hipp hurra.

Powered by Labrador CMS