Ein norsklærar som berre underviser i skjønnlitteratur, gjer ikke jobben sin, skriv Ingvil Brügger Budal i sitt svar til Knut Hoem..
Ein norsklærar som berre underviser i skjønnlitteratur, gjer ikke jobben sin, skriv Ingvil Brügger Budal i sitt svar til Knut Hoem..

Rett skytset mot læreplanane, ikkje mot norsklærarane

Debatt: Ein norsklærar som berre underviser i skjønnlitteratur, gjer ikke jobben sin.

Publisert

Kjære Knut Hoem,

Du veit at me er einige om mykje? Her kjem eg til først å slå fast kva me er samde om, før eg kjem innom demokrati, læreplanar og rammene for arbeidet til lærarane. Deretter vender eg attende til forsking og generaliseringar, før eg avsluttar med det dødsviktige: I kva retning bør me skyta?

Det udiskutable

Om eg legg til side både høns, fjør og salamandrar, kan eg gje oss felles og fast grunn under føtene.

Me meiner begge at det er viktig å drøfta innhaldet i norskfaget og i skulen. Me meiner dessutan at det er viktig at det vert lese skjønnlitteratur i skulen, og at elevane får mange og varierte opplevingar med litteratur. Det har eg til gode å møta ein norsklærar som ikkje er samd med.

At det å lesa skjønnlitteratur var «uhipt», var forresten ukjent for meg. Uhipp som eg er, kan eg dermed gje oss verkeleg fast grunn: Noko med det viktigaste i kven eg er, er å vera eit lesande menneske. Eg les mykje og like gjerne eldre litteratur som ny, utanlandsk som norsk.

Følg debatten:

Hoems første innlegg: Hva dagens norsklærere kan lære av "Jonas"

Budals tilsvar: Mykje har endra seg sidan «Jonas» kom ut

Hoems tilsvar: Å forstå hvor viktig skjønnlitteraturen er for elevene, bør bli hipt igjen

Å kritisera innhaldet i faget eller lærarane?

Dersom innhaldet i norskfaget skal drøftast, er det læreplanane ein må ta til med. Desse er politiske og fagpolitiske dokument. I Noreg kjem det nye læreplanar for skulen med 13-14 års mellomrom.

Ein læreplan er ei juridisk bindande forskrift. Den enkelte læraren er dermed lovpålagd å følgja desse i undervisinga, sjølv om hen er usamd med innhaldet i dei. Om hen ikkje gjer det, gjer hen ikkje jobben sin.

Arbeidet med nye læreplanar er demokratiske prosessar, gjerne med fleire opne høyringsrundar. I siste høyringsrunde i arbeidet med den sokalla Fagfornyinga (avslutta i 2019, innført frå 2020) kom det 1188 svar til norskplanane, også frå privatpersonar.

Det høge talet på høyringssvar signaliserer truleg både at folk bryr seg om norskfaget, men også at strukturane, innhaldet og omgrepa i utkasta ikkje var uproblematiske. Det er i høyringane me har høve og makt til å meina noko om dei «tåkete begrepene» som dei ulike kjerneelementa er. Sjølv har eg mitt å «anmerke» om desse planane, og gav innspel om innhaldet i norskfaget, om fagleg progresjon, om samanheng med andre fag og om kjerneelementa. Vart eg høyrd? Eg veit jammen ikkje. Men eg skaut i rett retning.

Den enkelte læraren er lovpålagd å følgja læreplanane i undervisinga, sjølv om hen er usamd med innhaldet i dei.

Som for lærarane finst det også forskrifter og emneplanar som legg føringar for arbeidet mitt som lærarutdannar. Dei kan eg kritisera: Kvar er den eldre litteraturen? Kvifor er her ikkje meir om grammatikk? Og kva med (eldre) språkhistorie? Korleis sikrar me eigentleg kompetanse i begge målformer i lærarutdanningane?

Som fagperson drøftar og problematiserer eg innhaldet i faget og omgrepa me nyttar når eg underviser framtidige lærarar, når eg skriv faglitteratur og i det offentlege ordskiftet.

Og der er ringen slutta: Kritiser gjerne læreplanane! Det gjer lærarane, og det gjer eg. Bruk engasjementet og kunnskapen din til å gjera dei betre. Det er mange ulike meiningar om akkurat kva dette betre er, men at me bryr oss om kva skulen er, er heilt naudsynt for å gje elevane eit best mogeleg tilbod.

Pandemi og LISA-prosjektet

Som prov på at norsklærarane ikkje hadde arbeidd med skjønnlitteratur pandemivåren 2020, viser du til ein artikkel basert på videoopptak av norskundervising i norsktimar i 2014/2015. I LISA-studien vart 47 åttandeklassar filma i fire norsktimar i løpet av ei veke, noko som gav 178 timar med opptak.

Du har slett ikkje misforstått denne artikkelen. Men du gjer problematiske koplingar.

Artikkelen fortel om eit sett med norsktimar i det fysiske klasserommet ei veke for seks år sidan, ein situasjon som ikkje kan jamførast med dei digitale klasseromma våren 2020. Også prosjektleiarane kjem med eit tydeleg atterhald om eigne funn: «Men når det gjelder temaer i norskundervisingen, er det åpenbart at fire timer fra hver lærer er lite. For å si det litt enkelt: Fire timer med opptak av en klasse som skriver leserinnlegg, gir ingen innsikt i hvordan den same læreren ville gjennomført undervisning om romantikken (…)» (Blikstad-Balas og Roe 2020: 19). Atterhaldet er kan hende ikkje like eksplisitt uttrykt i artikkelen av Lodding Gabrielsen og Blikstad-Balas (2020) som du viser til.

Kritiser gjerne læreplanane! Det gjer lærarane, og det gjer eg.

Det dødsviktige – kven skyt du mot?

Eg vart professoren som hadde fleire høner å plukka med deg i det førre svaret mitt. Kva vart eg eigentleg så hissig for? Trur eg at du tek feil når du meiner at det ofte vert lese lite og fragmentert i norsktimane? Eg trur du har heilt rett i det. Trur eg at elevane las meir skjønnlitteratur i vår? På ingen måte.

Men eg veit også fleire ting: LISA-studien og tilhøyrande forsking fortel ingenting om pandemiundervising. Ein norsklærar som berre underviser i skjønnlitteratur, gjer ikkje jobben sin. Arbeidet til ein (norsk)lærar og innhaldet i faga er bestemt gjennom demokratiske og politiske prosessar. Våre stemmer tel i desse prosessane, og me er med på å forma innhaldet i norsk skule.

Ettersom den nye læreplanen LK20 framleis ikkje er ferdig innført i skulen, må me venta nokre år før neste runde med læreplanarbeid og høyringsrundar. Då bør me begge koma på banen, og kanskje me klarar å få «skjønnlitteratur» som omgrep inn i kompetansemåla før 10. trinn.

Medan me ventar, ikkje på ein Godot som ikkje kjem, men kanskje på ein LK34, er lite verre enn å sitja i ro og teia still. Ting tyder dessutan på at ingen av oss utmerker oss på det området. Men vil du ha makt over innhaldet i norskfaget, bør du retta skytset mot læreplanane, ikkje norsklærarane.

PS. Eg trur forresten me begge er skikkeleg uhippe når me brukar ordet «hipt».