Bjørn Sigurd Hjetland uttrykte stor uro for dei minste skolebarna under landsmøtet i Utdanningsforbundet. Foto: Tom-Egil Jensen

– Fagfornyinga krev leik med kompetansemål

– Fagfornyinga lovar meir leik for dei minste. Men i staden blir det framleis lagt opp til meir vaksenstyrte aktivitetar, seier Bjørn Sigurd Hjetland, leiar i Utdanningsforbundet Bærum.

Publisert Sist oppdatert

Under landsmøtet i Utdanningsforbundet sa Hjetland at lærarprefesjonen hadde svikta dei minste barna ved å teiande akseptere at skoledagen for dei minste barna vart fylt av stadig meir vaksenstyrt aktivitet og formell læring, og mindre leik.

Han er ikkje mindre uroleg etter at kunnskapsministeren la frem fagfornyinga.

– I verdigrunnlaget i til fagfornyinga heiter det at leiken er nødvendig for trivsel og utvikling. Korleis kan du da seie at det blir mindre leik?

– Av di setninga held fram slik: "men òg i opplæringa som heilskap gjer leik mogelegheiter til kreativ og meiningsfylt læring". Da definerer fagfornyinga leik som ein vaksenstyrt aktivitet med kompetansemål. Ingen barn vil kalle slik aktivitet for leik, seier Hjetland, og held fram:

– Leiken slik han er skildra i planane skal ha eit stramt formål. Men barnestyrt leik har ikkje anna formål enn å vere leik. Det er difor han er så viktig for ungane.

– Må sikre at dei har tid til å leike

Hjetland seier lærarar kan ønskje og håpe at dei gir næring til denne leiken.

– Vi har lykkast med det når vi ser at ungane leikar vidare rundt forteljingane vi har lese i norsktimane, eller leikar steinaldermenneske etter at vi har snakka om steinalderen. På det viset gjer dei stoffet, og språket knytt til dette stoffet, til sitt eige. Vi kan likevel ikkje styre at ungane skal leike det vi introduserer. Vi må berre sikre at ungane har nok tid til å leike.

– Kan ikkje leikprega vaksenstyrte aktivitetar vere morosame?

– Det kan dei! Vi kan finne på morosame situasjonar å lære i. Men fagfornyinga lova å kutte kompetansemål. Nå ser vi at reduksjonen i kompetansemål ikkje er stor. Det er framleis mykje ungane skal igjennom. Da er det den ekte leiken som blir salderingsposten i skoledagen for dei minste, seier Bjørn Sigurd Hjetland.

Powered by Labrador CMS