Guri Melby byr opp til debatt om betre barnehagekvalitet.
Guri Melby byr opp til debatt om betre barnehagekvalitet.

Melby vil ha betre barnehagar

Kunnskapsminister Guri Melby byr opp til debatt om betre barnehagekvalitet ved å vise til at 13 prosent av barnehagane er dårlege.

Publisert Sist oppdatert

Guri Melby inviterer nå barnehagesektoren til diskusjon om barnehageutvikling. Det skal vere starten på eit felles kvalitetsløft for barnehagane fram mot 2030.

Melby seier ho vil ha ein diskusjon om dei tre hovudpunkta kompetanse og pedagogisk kvalitet, styring og organisering, og barnehageforskning.

Midt på treet

I kronikken "Hva slags barnehage skal vi ha i 2013?" på Utdanningsnytt viser ho til forskning frå GOBAN/Blikk for barn, som finn at 13 prosent av barnehagane i ein studie scora som dårlege, og 78 prosent som midt på treet.

Statsråden legg vekt på at i barnehagar med dårleg kvalitet blir barna i liten grad stimulert språkleg og til samspel, og at barna ikkje får nok støtte i leik, vennskap og utforsking.

– Forskarane bak dette definerer barnehagekvalitet som å gi barn ein god barndom. Det er avhengig av svært mange faktorar, seier dei. Kvifor trekk du fram særleg språk og samspel?

– Vi veit at godt arbeid med språk, samspel og leik er heilt sentralt for at barnehagen skal kunne vere med og utjamne sosiale skilnadar. Da er det problematisk at berre 9 prosent av barnehagane scorar som svært gode, og 78 prosent er midt på treet, seier Melby og held fram:

– Dette tyder ikkje at det er dårleg, alt som blir gjort i barnehagane som ikkje er heilt på topp. Men vi må ha høge ambisjonar for barnehagen og lære av dei beste barnehagane.

– Må diskutere bemanning

– I 2016 åtvara Venstre-representantar ved fleire høve, og også på Stortinget, mot obligatorisk språkkartlegging i barnehagane. Er nei til kartlegging framleis Venstre-politikk?

– Ja! Vi skal ikkje ha ei kartlegging av alle barn. Men vårt framlegg er at alle barn skal vurderast for å finne dei barna som treng kartlegging. Vurderinga kan skje under vanleg leik og samspel. Mange barnehagar arbeider slik i dag, sier Melby.

– Fleire tilsette gir utslag på språkutbytte, seier forskarane departementet refererer til. Kva for konsekvens bør det få?

– Bemanning er heilt sentralt i det vi må diskutere. Og vi må diskutere bemanning saman med kompetanse.

Les også: Melby fikk 2200 barnehagelov-protester

Kompetanse

Kunnskapsministeren seier ho trur ein bør få fleire tilsette med mastergrad i barneahagane.

– Vi må dessutan diskutere fordelinga mellom barnehagelærarar og fagarbeidarar. Og vi kan trenge anna kompetanse. Samstundes må vi sjå korleis vi skal balansere ei god bemanning mot målet om å auke kompeteansen i heile personalet, seier Melby og held fram:

– Vi har nettopp gjennomført både ein pedagognorm og ein bemanningsnorm, og vi må vedgå at dei har vore dyre. Skal vi leggje enda meir pengar i dette, må vi vite kva vi vil, seier ho.

Les også: Meiner kunnskapsministeren hånar barnehagelærarane

Små private barnehagar

I kronikken byr kunnskapsministeren opp til debatt om struktur og organisering av barnehagane.

– Samstundes er du i kronikken svært tilfreds med blandinga av kommunale og private, og store og små barnehagar. I den siste tida har dei store kjedene kjøpt mange små private barnehagar. Er det ei god utvikling?

– Håpet mitt er at barnehageutvalet, leia av Knut Storberget, som nå skal vurdere finansieringssystemet for private barnehagar, kjem med løysingar som er gode, ikkje minst for dei mindre og uavhengige private barnehagane. Det er god Venstre-politikk.

Butikk eller pedagogikk

– Ei fersk doktoravhandling, «Butikk eller pedagogikk? En studie av store private barnehagekjeder i Norge», peikar på at kjedene legg opp til ein mindre barnestyrt barnehagedag enn vi er vant til. Når kjedene samstundes veks, kan dei endre den norske barnehagetradisjonen. Høyrer dette heime i debatten om barnehagestruktur?

– Det er ein studie eg ikkje har fått lest. Difor er det vanskeleg å ta stilling til det nå, seier Guri Melby.