Foto: John Roald Pettersen

Krf-topp spår at Agder ikkje får fritt skoleval

Krf i Agder vil ikkje støtte samarbeidspartnar Høgre i kravet om karakterbasert skoleval.

Publisert Sist oppdatert

Det er klart at Høgre får fylkesordføraren og Kristeleg Folkeparti varaordføraren når det nye fylkestinget trer i kraft. Dei skal styre saman med Framstegspartiet, Venstre, partiet De Kristne og Pensjonistpartiet. Men samarbeidspartnarane har ikkje laga ei felles politisk plattform.

– Vi har jo partiprogramma våre. Ut over det tar vi sakene etter som dei kjem, seier Bjørn Robstad, som nå sluttar som ordførar i Evje og blir fylkesvaraordførar i Agder fylkeskommune.

– I Høgre sitt program står det at Agder skal ha fritt skoleval. Kristeleg Folkeparti vil ha inntaksreglement som ikkje berre er karakterbasert. Korleis skal de bli samde?

– Eg er temmeleg sikker på at Høgre ikkje får fleirtal i Fylkestinget for sitt syn, seier Ropstad, og viser til at Arbeidarpartiet og KrF er på line i dette spørsmålet.

Han trur også at KrF vil få støtte frå andre parti til å opprette både mobbeombod, lærlingombod og elevombod. Dette står ikkje i Høgre sitt program.

Samde om private skolar

– KrF vil ha gode vilkår for private ideelle skolar. Også Høgre vil ha god utvikling for private skolar, men understrekar ikkje at dei skal vere ideelle. Markerer dette usemje mellom dykk?

– Eg er oppfattar ikkje at vi er ueinige om dei private skolane.

Båe partia vil og bevare skolestrukturen slik han er i dag.

Valfritt sidemål

– Så vil Høgre gjere sidemålet valfritt. Er det semje i KrF Agder om det?

– Nå spør du vanskeleg. Eg er einig, men vi har ikkje drøfta dette i partiet, seier Bjørn Robstad.

Utdanningsforbundet Agder har vore oppteken av bortfallet av timar i vidaregåande skole

Både Arbeidarpartiet og Høgre fekk 10 representantar i det nye fylkestinget. Kristeleg Folkeparti vart nest størst med 6.

Powered by Labrador CMS