Ill.foto: Istock
Lærarane i vaksenopplæringa fell utanfor
Debatt: Vi vert ikkje tilgodesett med sentralt kontaktlærartillegg, og vi har låtteleg låge kveldstilegg.
No er
årets forhandlingar om arbeidstid i grunnopplæringa i gang. Krava ser rimelege
ut, men ordlyden i krava gjer igjen at det er ei lærargruppe som fell utanfor.
Gjennomgåande i kravet er det brukt subjektet «elevar», og det er jo det
omgrepet vi aller helst vil ha når vi snakkar om dei som får kommunal eller
fylkeskommunal opplæring.
Diverre fekk vi ikkje ei ny opplæringslov med eins
subjekt, men vi må gå vidare med ei todeling av dei vi er lærarar for, nemleg
«elevar» og «deltakarar». Deltakarane er vaksne som tek mot opplæring på grunnskule-
eller vidaregåande nivå. Ved å innlemme dei i elevomgrepet hadde vi utan tvil
fått styrka rettane til denne gruppa, men slik vart det ikkje.
Det er
dermed avgjerande at Utdanningsforbundet viser veg, og alltid refererer til
«elevar og deltakarar» i kommunal og fylkeskommunal opplæring, i alt som er av
krav og papirarbeid der desse vert omtala. Dette er ikkje gjort i årets krav
til arbeidsgjevar, noko som signaliserer manglande medvit om dei som underviser
i vaksenopplæringa. Igjen.
Vaksenopplæringa blir diskriminert
Vi har
ein vedvarande situasjon med diskriminering, der vaksenopplæringa stadig ikkje
vert tilgodesett med sentralt kontaktlærartillegg, og vi har låtteleg låge
kveldstillegg. Sjukepleiarane, som ofte har halvparten av vår utdanningslengde,
har eit mykje høgare tillegg. No handlar ikkje årets forhandlingar om pengar
direkte, men det handlar indirekte om kven som skal få pengar ut frå kva verdi
arbeidstida vår blir gitt.
Desse to
store problema i vaksenopplæringa er noko Utdanningsforbundet sentralt bør
jobbe for å få gjort noko med. Eg tvilar på om vaksenopplæringa nokon gong har
vore eige tema i løns- eller arbeidstidsforhandlingane, og om so var, er vi
sikkert eit av dei første områda som vert saldert vekk, for å halde fokus på
dei store gruppene. I og med at opplæringslova diskriminerer vaksenopplæringa
sine deltakarar, hadde eg forventa at fagforeininga vår ville kompensere
gjennom eitt og anna framstøyt på våre vegne, men herregud so tamt det er.
Her er
eit døme på korleis språkbruken kan sjå ut, med utgangspunkt i setningar frå
årets krav:
God
opplæring for elevene og deltagerne er avhengig av at lærere har tid til å
tilpasse undervisningen til elev- og deltagergruppene og følge opp den enkelte
elev og deltager. Dersom elev- og deltagergruppene blir for store og
lærer får for mange elever/deltagere å følge opp, vil det nødvendigvis innebære
at opplæringen ikke kan like god, og at oppfølgingen ikke blir like tett.
Språkleg
elegant er det ikkje, og det får vi skulde på ei revidert opplæringslov som ikkje
legg opp til reelt likeverd mellom lærarar/deltakarar i vaksenopplæring og
lærarar/elevar i anna opplæring. Det vil likevel minne alle på eksistensen vår,
og kanskje ein dag føre til same verdsetjing i tid, kroner og øre som «alle
andre».
Heilt
konkret bør punkt 7.2.f i gjeldande avtale endrast til:
Deltakere i voksenopplæringen
skal ha samme rett til kontaktlærer som elever i det skoleslaget opplæringen
hører til, og læreren skal gis redusert undervisningstid etter reglene for
dette skoleslag.
Problemstillinga er ikkje ny
Inntil dette skjer, gjeld framleis eit tolv år gammalt innlegg om vaksenopplæringa
si skjebne:
«Det kan ikke være slik at gode, kvalifiserte lærere skal
tape økonomisk på å ha sitt arbeid i voksenopplæringen. Derfor er det på tide
at vi får de samme vilkår som våre kollegaer i grunnskolen og i videregående
opplæring. Det er også på tide at vi får de samme tillegg for ubekvem
arbeidstid (kveldsundervisning) som andre i offentlig sektor har. Nå er det på
tide at Utdanningsforbundet kommer på banen og jobber for at vi får de samme
rettigheter og vilkår som ellers i norsk skole.
Hvis det er slik at Utdanningsforbundet sentralt ikke
ønsker eller evner å ta denne fighten, bør vi som medlemmer klart og tydelig få
vite det. På denne måten kan vi ta stilling til hvorvidt det er et poeng eller
ei for oss å være organiserte i Utdanningsforbundet.»